ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE

Som abonnent på Vårt Land får du:

Läs mer

Slår ring om kyrkjehøgtidsdagar

Ikkje rør andre påskedag og andre pinsedag, seier 2 av 3 nordmenn.

ANNONSE
ANNONSE

FAKTA: Fridagar

  • Vårt Lands Norstat-måling viser at blant alle veljarar er det stor oppslutning om å bevare 2. påskedag, Kristi himmelfartsdag og 2. pinsedag som faste fridagar på kalenderen:
  • KrF: 85 prosent
  • Arbeidarpartiet: 74 prosent
  • Senterpartiet: 73 prosent
  • Framstegspartiet: 70 prosent
  • SV: 66 prosent
  • Høgre: 61 prosent
  • MDG: 56 prosent
  • Venstre: 53 prosent
Nyhet

– Ein ekstra dag på ski betyr lite for produktiviteten i Norge, seier økonomiprofessor.

Påskehøgtida er over. For mange har det vore ein ti dagar lang ferie. Andre har nøgd seg med å ta ut heilagdagane som kom før og etter påskehelga, tre i talet.

Ordet ferie blei i Norge utbreidd på 1900-talet, men er mykje eldre enn som så. Det kjem frå latin; ordet «feriae» var ei nemning som blei brukt om religiøse festdagar då ein ikkje dreiv handel og næring. Ordet er i slekt med både fest, feire og feiring.

På oppdrag for Vårt Land har Norstat spurt nordmenn om kor viktige dei ekstra fridagane om våren er; andre påskedag, Kristi himmelfartsdag og andre pinsedag.

Vil folk ha det som no, eller kan ein fjerne rauddagane frå kalenderen og la arbeidstakarane ta dei ut som tre feriedagar ved høve?

LES MER: Widveys norske moské-vert hyller ekstremistisk drapsmann i Pakistan

Velstand

Nordmenn er samstemte; storparten slår ring om vårfridagane. Nesten sju av ti vil ha ein ekstra fridag på tampen av påska, og fri ein torsdag og ein måndag i mai eller juni.

Berre 24 prosent seier dei ønskjer å bestemme sjølve når desse tre fridagane kan takast ut.

Camilla Lotherington er ein av disse.

– Det er bra med tradisjonar. Eg synes det er kjempefint å ha fri på desse dagane, seier ho når vi treff ho på tur ved Sognsvann uteafor Oslo.

Sønene Axel og Henrik nikkar­ iherdig og er einige i at det er godt å ha ferie samtidig som klassekameratane.

Lotherington priser den urnorske­ langhelga på hytta.

– Det er jo mykje betre e at alle har fri ein måndag no og då enn at vi kvar for oss tar ut ein samla ferie seinare, seier ho.

I februar, kort tid før nasjonen gjekk i vinterferiemodus, leverte Produktivitetskommisjonen sin andre og siste rapport. Kommisjonen, som blei sett ned av Solberg-regjeringa i 2014, er meir enn bekymra:

«Produktivitetsveksten har falt de siste årene, og trendveksten er historisk lav. Videreutvikling av vår velstand forutsetter at produktivitetsveksten holdes oppe. Vi står ved et vendepunkt», er hovudbodskapen.

LES MER: «Neppe kristen tro som gjør at nordmenn vil ha helligdagene»

Ferienivå

Kjell Gunnar Salvanes er professor i økonomi ved Norges Handelshøyskole, og var medlem av Produktivitetskommisjonen.

– Kva vil det bety for produktiviteten om nordmenn fekk færre fridagar?

– Diskusjonen om andredagane har vore der lenge. Men ein ekstra dag på ski betyr lite for produktiviteten i Norge, seier Salvanes.

Han peikar på at nordmenn ikkje skil seg ut når det kjem til ferie- og fridagar.

– Samanlikna med dei nordiske landa, ligg Norge på same nivå som dei andre landa.

Vurderer å flytte heim

Ann-Kristin­ Mathiesen­ bur i London til dagleg, men er på joggetur­ nå vi møtar ho .

– Folk tar mykje meir ferie her i Norge enn dei gjer i London. Det er nesten så eg vurderar å flytte­ heim igjen så eg får meir fri, ler ho.

Mathiesen jobbar i eiendomsbransjen i Englands hovudstad, men er heime i påsken for å feire på ordentlig norsk vis.

Ho kunne ikkje tenkje seg å bytte vekk dei såkalla «andredagane» med tre dagar ferie seinare­ på året.

– Det er mye betre å spre feriedagane­ utover, seier ho.

LES MER: Politianmelder Dagbladet-kommentator Aksel Braanen Sterri for religionskritikk

Grodagen

Lenge hadde nordmenn fire ferieveker. Så i 1981, blei kvoten utvida med ein dag av Stortinget. Dagen fekk namnet grodagen, for Gro Harlem Brundtland var statsminister då opptrappinga mot ei femte ferieveke starta.

I 2000 blei LO og NHO samde om å innføre den femte ferieveka. No blir «grodag» gjerne brukt om inneklemte verkedagar, som til dømes fredagen etter Kristi himmelfartsdag.

Når alle heilag- og høgtidsdagar kjem på verkedagar, har nordmenn ti slike fridagar i tillegg til fem veker ferie.

Vårt Land har spurt arbeidsgjevarorganisasjonane Virke og NHO om kva syn dei har på dei tre vårfridagane. Svaret er eintydig:

– Vi har ikkje noko synspunkt.

Pensjonist

Men når Produktivitetskommisjonen ser inn i framtida, ser dei eit folk som ønskjer meir fri:

«Det er grunn til å regne med at økonomisk vekst framover fortsatt vil bli tatt ut i form av både økt forbruk og kortere arbeidstid».

– Om færre andredagar ikkje betyr så mykje, kva er det som betyr meir for produktiviteten, Salvanes?

– Jo fleire som står i jobb til dei fyller 70 framfor å gå ut av arbeidslivet ved 60, dess betre er det for norsk økonomi.

LES MER: «Kristne røver påsken», skriver Berit Aalborg

Hyttefolket

Mange av dei som i går kom heim frå påskeferie, kom frå hytta. SSB fortel at rundt om i Norge står det no 423.000 hytter og sommarhus. I fjor rekna Prognosesenteret ut at norske hytteeigarar – i snitt – brukte 58 dagar i fritidsbustaden ved sjøen og 41 dagar i fritidsbustaden på fjellet i løpet av eitt år.

395815_NP.jpg

Jobben har blitt viktigere for oss

ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE

ANBEFALINGENE