– Alle festivalar må ha beredskapsplanar for overgrep. Det bør vere like sjølvsagt som planar for brannberedskap, seier Anne Marie Østhus som er diakonal rådgjevar i Kirkelig Ressurssenter.
Kjennar overgripar frå før
Sola skin på Risøya i Tvedestrand kommune. Under skuggane av høge tre på Skjærgårds Music & Mission Festival sit 54 ungdommar. Dei brukar ein time av sommardagen på å høyre om overgrep.
Frå seminarhaldarane får dei høyre at ei undersøking frå 2014 viser at 21 prosent av norske kvinner og 8 prosent av norske menn har opplevd minst éi form for seksuelt overgrep før fylte 18 år.
- Det viser at unge er spesielt utsett, seier Dina Willemse til dei unge seminardeltakarane.
Dessutan vert 85 prosent av overgrepa utført av personar som den utsette kjenner frå før, og det er vanleg at alderen på overgripar og den utsette er lik, legg rådgjevaren i Kirkelig Ressurssenter til.
LES OGSÅ: Svovelforkynnerer er tilbake
– Ikkje vis at du er sjokkert
Skjærgårds-festivalen samlar fleire tusen ungdommar, og som på alle stader der store folkemengder samlar seg, kan det skje overgrep og bli fortalt om erfaringar av overgrep, fortel ekspertane.
Så får ungdommane tips om korleis dei kan vere ein god venn, dersom nokon fortel dei at dei har opplevd overgrep:
• Ver støttande og vis omsorg.
• Ver roleg sjølv om det du får høyre er sjokkerande.
• Fortel at det ikkje er offeret sin feil, og fortel at dei ikkje treng å vere skamfulle, er nokre av råda.
- Overgrep skjer i vanlege situasjonar og mellom vanlege menneske. Og det kan også skje på denne Skjærgårds-festivalen, seier Anne Marie Østhus.
LES OGSÅ: Omstridd himmelfilm fylte teltet på Skjærgårds
– Ikkje noko anna å gjere
17-åringane Christian Lie, Karen Oline R. Jacobsen, Alvilde Røisland og Emilie Andersen er glade for at dei møtte opp på seminar.
- Vi hadde ikkje noko anna å gjere enn å kome hit, men det må du ikkje skrive, spøkar dei.
- Veit de om det har skjedd overgrep i dykkar omgangskrets?
- Ja. Det blir sagt om ei eg kjenner at ho har blitt voldtatt. Det er jo tabu å snakke om, men vi veit jo at slike ting skjer, seier Emilie Andersen.
– Eg har ei veninne som blei voldtatt, seier Christian Lie.
Ingen i venegjengen har opplevd at noko kjem til dei for å fortelje om overgrep, men dei er nøgde med å no ha fått kunnskap om korleis dei kan takle det.
– Det er bra at det blir sett søkelys på dette, også på ein festival. For det er tabubelagt. Likevel kan det skje her på Skjærgårds eller i kyrkja heime, seier Karen Oline R. Jacobsen.
Følg oss på Facebook og Twitter!
Ber om hjelp
Foredragshaldarane fortel at dei nesten alltid blir kontakta av unge som har opplevd overgrep etter å ha halde seminar. Kristne festivalar er ikkje noko unntak. Difor er ekspertane tydelege på at leirar og festivalar må ha retningslinjer for korleis ein bør ta vare på den utsette, korleis ein skal hindre ryktespreiing og kva personar som skal bli kontakta dersom overgrep oppstår.
Erik Wessman er informasjonskontakt for Skjærgårds og fortel at dei har mange kompetente fagfolk dersom slike hendingar skulle oppstå.
- Vi har eit medisinsk team som består av lege og sjukepleiar. I tillegg har vi prestar, psykologar, barnevernspedagogar og lærarar som er tilgjengeleg for samtale. Når vi tek opp ein slik sår tematikk, vil vi vere trygge på at folk skal få hjelp dersom dei tek kontakt og fortel om slike opplevingar.
- Veit leiarar på Skjærgårds kva dei skal gjere dersom dei blir fortalt om overgrep som enten har skjedd her på festivalen eller tidlegare?
– Det er ikkje noko vi informerer om direkte til leiarar på Skjærgårds. Vi informerer alle leiarar om samtaletenesta vår på same måte som festivaldeltakarane for øvrig: Gjennom programmet og via dei største scenene.
– Kan bli betre
Wessman grunngjev det med at festivalen har ansvar for tryggleiken til deltakarane, men ikkje for å informere for eksempel tilreisande leiarar for ungdomsgrupper om at dei har slike fagfolk i beredskap.
– Det har noko med naturen til arrangementet å gjere, altså korleis ein festival blir organisert.
Kirkelig Ressurssenter rosar Skjærgårds for å ta på alvor at overgrep skjer, både gjennom kursing av samtalar og seminar for deltakarar. I tillegg rår dei festivalen til å lage retningsliner.
– Skjærgårds bør lage heilt enkle retningsliner og strukturar for leiarar slik at dei er førebudd når dei får vite om overgrep, seier Dina Willemse.