Nyheter

Seier nei til moskégåver frå Saudi-Arabia

Muslimar i Florø vurderer å be privatpersonar i Saudi-Arabia om pengar til moské. Som utanriksminister sa Jonas Gahr Støre nei til slike gåver i 2010. Som Ap-leiar seier han også nei.

– Eg er skeptisk til at statar som vil finansiere religionsutøving i Norge, men som sjølv ikkje praktiserer religionsfridom, seier Arbeidarparti-leiar Jonas Gahr Støre i eit intervju med Vårt Land.

Fordi islam er statsreligion i den mektige oljestaten, er det ikkje lov å byggje andre gudshus enn moskear i Saudi-Arabia. Forbodet fekk Utanriksdepartementet (UD) til å reagere i 2010.

Då to norske muslimske forsamlingar søkte om UD-godkjenning for at dei skulle få saudiske pengegåver til moskébygging, sette dåverande utanriksminister ned foten.

- I 2010 sa du nei til at norske muslimske forsamlingar kunne få pengar frå Saudi-Arabia for å byggje moskéar - meiner du det same i 2015?

­- Ja, eg har den same generelle haldninga i dag, seier Støre.

LES OGSÅ: Tysklands visekansler advarer mot Saudi-Arabias moskéfinansiering

Fleire muslimar

No er saudisk støtte til moskébygging i Norge på nytt aktuelt. Florø Islamske Senter har 300.000 kroner i banken, og utsikter til kommunal tomt, men klarar ikkje å reise meir pengar til å byggje moské i Vestlands-byen.

I dag held forsamlinga til eit lokale som er blitt for lite. Florø Islamske Senter opplever vekst grunna tilflytting av muslimar – og kommunen har to asylmottak der det bur fleire muslimar.

LES OGSÅ: Bruker pisk for å skape østerriksk islam

Bøn om pengar

Fayez Alhaddad i Florø Islamske Senter seier til Bergens Tidende at forsamlinga kan kome til å vende seg mot aust – mot Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata – for å finne økonomiske hjelparar.

- Vi veit det er folk som vil hjelpe oss. Trussamfunnet i Florø er i sterk vekst. Vi treng eit forsamlingshus. Faktisk er situasjonen prekær, seier Alhaddad til avisa.

Palestinaren har jobba i Dubai og kjenner gjevarviljen i Saudi-Arabia og Emirata.

– Her finst det organisasjonar og enkeltpersonar ein kan sende søknader om støtte til. Vi håpar framleis kommunen vil hjelpe oss. Viss ikkje det går, må vi jobbe mot kontaktar i Golfen, seier han.

I Saudi-Arabia yter statsfinansierte organisasjonar pengestøtte til moskébygging verda over, og det er også vanleg at formuande privatpersonar yter byggjestøtte.

LES OGSÅ: «Er Dahl og Fugelli virkelig våre fremste vismenn?»

Nei til kyrkjer

Ap-leiar Støre understrekar at ein normalt ikkje kan sidestille privatpersonar og styresmakter, men at han har gjort det i høve til saudiske styresmakter og privatpersonar frå Saudi-Arabia i spørsmålet om moskéfinansiering.

- Dei representerer eit land som forfølgjer religiøse minoritetar, eit land som ikkje tillet bygging av kyrkjer.

LES OGSÅ: «Er du prest eller kødder du?»

Ikkje religionsfridom

I 2010 sa UD og statsråd Støre bestemt nei til å godta at muslimske forsamlingar i Norge skulle få lov til å ta i mot pengegåver frå privatpersonar, organisasjonar eller offentlege institusjonar i landet som forbyr alle andre religionar enn islam.

I eit brev til Tawfiiq islamske senter i Oslo – Norges største somaliske moské – skreiv UD at det ville vore «et paradoks og unaturlig om det ble gitt godkjenning til finansiering fra kilder i et land der det ikke åpnes for religionsfrihet».

Statsråd Støre sa i 2010 departementet berre kunne sagt nei, for «av prinsipp gir ikke UD slike godkjenninger».

– Men når vi først blir spurt, nytta vi høve til å leggje til at ei godkjenning vil vere paradoksal all den tid det er straffbart i Saudi-Arabia å etablere kristne trussamfunn, sa Støre til VG.

LES OGSÅ: Mens dialogprestene snakker, vokser kløften mellom kristne fløyer

Ba om godkjenning

Bakgrunnen for brevet var at dei saudiske gjevarane hadde bede om godkjenning frå norske styresmakter før donasjonane blei betalt ut.

I Tromsø hadde det muslimske trussamfunnet Alnor Senter fått lovnad om 20 millionar kroner frå ein saudiarabisk privatperson til bygging av moské. Men før han sende pengar til Tromsø, kravde han at norske styresmakter godtok planane.

Då Jonas Gahr Støre avslo å gje godkjenning, valde Alnor Senter å droppe planane om å byggje moské med saudiske millionar. Dei fekk brev med same ordlyd som det UD sendte til Tawfiiq islamske senter i Oslo.

LES OGSÅ: Møt flyktningene bak tallene

Landets lover

For fem år sidan blei Støre spurt om han sa nei til pengestøtte frå Saudi-Arabia fordi den saudiske retninga av islam, wahabisme, blei for kontroversiell i Norge.

– Eg har merka meg at den saudiske retninga har eit profilert syn på islam, men eg vil ikkje vere dommar for kva skular eller retningar i islam som etablerer seg i Norge. Vi har religionsfridom. Dette handlar om kva lover som finst i landet der pengane kjem frå, forklarte Støre i VG.

Felles reglar

No etterlyser Ap-leiar Jonas Gahr Støre internasjonale avtalar om pengestøtte til trussamfunn.

- Vi manglar eit regelverk, noko eg gjerne skulle sett at vi kunne fått på plass, seier han til Vårt Land.

Støre meiner internasjonale handelsavtalar kan brukast som modell.

- Vi må praktisere gjensidigprinsippet; vil du ha tilgang på ein marknad ute, må du opne heimemarknaden.

- I 2010, fekk du reaksjonar frå Saudi-Arabia på avslaget til moskéstøtte?

- Nei, eg høyrde aldri noko.

- Men eg tok saka opp i Europarådet, og fekk støtte. Blant anna fekk eg innspel frå Frankrike om at her meinte fleire at franske styresmakter burde gjort det same som Norge.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Leiarane avgjer

Fayez Alhaddad i Florø Islamske Senter er ikkje kjent med UDs nei i 2010, og seier til Vårt Land at hans utspel om å samle inn pengar frå privatpersonar i Saudi-Arabia, «berre er eit forslag frå eit medlem i forsamlinga».

– Det er leiinga som avgjer denne saka. Eg har berre sagt at eg kjenner folk som kanskje kan bli spurt om å hjelpe.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter