Nyheter

Norske soldatar på militærtur til Israel provoserer

Norge trappar opp samarbeidet med Israel. Forsvaret sender krigsrøynde offisersspirer på studietur for å lære av den israelske krigsmakta.

– Grotesk. Forsvaret vurderer ikkje å skru klokka tilbake også, for å kunne reise på studietur til apartheid-staten Sør-Afrika? Når norske sjøkrigsskulekadettar møter israelske offiserar på krigsskule og forsvarshøgskule, møter dei offiserar med blod på hendene.

Lars Gule er opprørt. Talsmannen for BDS Norway meiner Norge også bryt forbodet mot handel med militært materiell mellom Norge og Israel ved at Sjøkrigsskulen i Bergen sender ti kadettar på studietur til Israel og Jordan, og der besøket i Israel inkluderer besøk på forsvarets krigsskule og forsvarshøgskule i Tel Aviv. Norge har i praksis hatt eksportforbod for krigsmateriell til Israel sidan tidleg 2000-tal.

LES MEIR: Brende og Helleland: – Nei til Israel-boikott

Krev sanksjonar

BDS Norway er ein kampanjeorganisasjonen som presenterer seg slik: «Vi er et uavhengig nettverk av aktivister som jobber for boikott, desinvesteringer og sanksjoner mot Israel, og andre okkupasjonsprofitører».

BDS er ein internasjonal kampanje mot Israel der bokstavane BDS står for «boikott, desinvesteringer og sanksjoner. Talsmann Gule er til dagleg forskar ved Høgskulen i Oslo og Akershus.

Skal få kulturkunnskap

Sjøkrigsskulens besøk til Israel «inngår som en del av faget «Interkulturell forståelse i en militær kontekst», fortel skulesjef Jon Ivar Kjellin i eit brev til Forsvarsstaben, Norges øvste militære leiing.

– Er det noko Israel kan, så er det «militær kontekst». Landet har spisskompetanse på krigføring, i både naboland og i okkuperte område. På Vestbreidda opptrer den israelske hæren både undertrykkande og svært aggressivt. Er dette framtidige norske offiserar skal lære meir om, spør Gule – og svarar.

– Når vi veit kva bakgrunn desse kadettane har, er det vanskeleg å tru at dei berre skal snakke om «interkulturelle» tema når dei møter israelske offiserar.

Har kamprøynsle

I reisefølgje på 13 er det 10 sjøkrigsskulekadettar som alle har lik bakgrunn. Dei har vore soldatar i kystjeger- og marinejegerkommandoen – blant Forsvarets mest spissa kampavdelingar, som har årelang krigsrøynsle frå Afghanistan.

«Alle disse har tidligere erfaring fra internasjonale operasjoner», skriv skulesjef Kjellin.

Dagane i Israel inkluderer også ein tur til Hebron på den okkuperte Vestbreidda, ein by med høgt konfliktnivå mellom israelarar og palestinarar. I Hebron bur det vel 500.000 palestinarar og om lag 500 israelske busetjarar som lever i og rundt det historiske jødiske kvarteret.

LES MEIR Frp-statsråd får Israel-pris

Ros frå Frp

Tingmann Jørund Rytman (Frp) leiar foreininga Israels venner på Stortinget. I motsetnad til BDS Norway-talsmann Lars Gule heiar han på Forsvarets avgjer om å sende kadettar på studietur til nettopp Israel.

– Dette meiner eg er eit flott tiltak. Begge partar vil ha nytte av det norske besøket – og Israel har mykje å lære bort, seier Rytman, som akkurat no har permisjon frå Stortinget for å få på sjefskurset til Forsvarets høgskule.

Rytman meiner også norsk politi bør reise til Israel for å møte israelske kollegaer, særleg for å drøfte «terrorspørsmål»

Samarbeid

Stortingsrepresentant Åsmund Aukrust (Ap) har fartstid i fleire Israels-kritiske organisasjonar, Riv Muren-kampanjen og Fellesutvalget for Palestina. Han er som Rytman i Framstegspartiet ikkje kritisk til den sjømilitære Israels-reisa.

– Kadettane skal på ein studietur. Forsvaret skal ikkje inngå noko forpliktande samarbeid, så ei reise for å lære er heilt greitt.

Aukrust har ein appell til Solberg-regjeringas iver etter å auke samarbeidet med Israel.

– Vi kan ikkje ha samarbeid som involverer israelske aktivitetar på okkupert område.

Skulesjef Jon Ivar Kjellin på Sjøkrigsskulen ønskte ikkje å kommentere saka i går. Informasjonssjef Per Rostad seier Sjøforsvaret på generelt grunnlag ikkje kommenterer kritikk ein ikkje er kjent med.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter