Nyheter

Brende og Helleland: Nei til Israel-boikott

Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) deltek ikkje på debattmøte om akademisk boikott av Israel.

Kampanjeorganisasjonen BDS ønskjer toppolitikarar på debattmøte i februar om akademisk boikott av Israel.

Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) er spurt om å delta. Ho viser til full kalender, og takkar nei til invitasjonen frå BDS Norge.

LES MEIR: Norge får kritikk for å styrke samarbeid med Israel

Seier nei

Men det siste året har to Høgre-statsrådar tydeleg sagt kva Solberg-regjeringa meiner om ulik boikottar av Israel og israelske varer:

«Boikott av Israel er ikke norsk politikk (...) Norge har nære, langvarige og vennskapelige forbindelser med Israel, og ønsker et bredt politisk, kulturelt og økonomisk samarbeid», skreiv Helleland i eit brev til Stortinget i oktober.

«Regjeringen har ikke tro på at boikott vil fungere som politisk virkemiddel i konflikten mellom israelerne og palestinerne», skreiv utanriksminister Børge Brende i november, i eit brev til Stortinget.

LES MEIR Frp-statsråd får Israel-pris

Boikott, boikott

Ropa om norsk boikott av Israel og israelske varar har vore mange det siste året:

• Palestina-vener på Sunnmøre oppmoda folk om å boikotte fotballandskampen mellom Norge og Israel i Ulsteinvik i september.

• Palestinakomiteen demonstrerte på NTNU i september og kravde at olje- og energiministeren ikkje reiste til Israel saman med norske oljeforskarar, for å hjelpe Israel med å utvinne gassfelt.

• Debatten om kulturboikott av Israel fekk nytt liv då eit kunstprosjekt, «Nationaltheatret beklager», fekk internasjonal merksemd. På videoen ber ein fiktiv talsmann for teatret om orsaking for samarbeidet med det israelske nasjonalteateret Habima i åra 2013–2015. Habima set opp skodespel i jødiske busetjingar på Vestbreidda.

• Fleirtalet i bystyret i Trondheim, Ap, SV, Miljøpartiet og Rødt, vedtok i november at kommunen skal boikotte alle varer og tenester som Israel produserer på Vestbreidda.

• Fagforbundet Teologene vedtok sist veke eit forslag om «koble kulturell og akademisk boikott til økonomiske aksjonsformer for å kunne tvinge Israel til reelle samtaler og forhandlinger».

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter