Mor tek dei tyngste taka i familiar med funksjonshemma barn
Når ein familie får eit funksjonshemma barn, rammar det mor hardast. Ho strevar med å jobbe fulltid, tener dermed mindre – og har større sjukefråvær enn far.
Familien Nagel; Lillian Hennie, Sivert, Sten-Rune og Martin. Lillian Hennie Nagel opplever at arbeidsgjevarar vel henne vekk fordi ho har ein son som krev ekstra oppfølging.
Tore Fjeld
– Dette er eit bilete vi kjenner oss igjen i, fortel Hege Tegler, nestleiar i Handikappede Barns Foreldreforening. HBF er ei landsforeining som arbeider for barn med funksjonshemming og deira foreldre.
Professor Idunn Brekke ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) og forskar Marjan Nadim ved Institutt for samfunnsforsking har sett nærare på korleis omsorg for kronisk sjuke og funksjonshemma barn påverkar foreldras tilknyting til arbeidslivet, yrkesinntekt og langtidssjukefråvær.
I studien til Brekke og Nadim er det blant anna barn med cerebral parese, Downs syndrom, kreft og ryggmargsbrokk.