Nyheter

Mange kontant-
foreldre ikkje 
fødde i Norge

Fire av ti kontantstøtta barn har foreldre som ikkje er fødde i Norge. Blir kontantstøtte til ikkje-norske borgarar kutta, sparar staten nesten ein halv milliard kroner.

Kontantstøtta er under press. Kritikarar seier den statlege støtta held:

• kvinner generelt – og innvandrarkvinner spesielt – ute av arbeidslivet.

• barn med minoritetsbakgrunn – som treng å lære norsk - vekke frå barnehagen.

Nå har Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) rekna ut at fire av ti mottakarar av kontantstøtte, er fødde utanfor Norge.

– Dette er nok ei stadfesting på at kontantstøtta er direkte likestillingsfiendtleg og bør avviklast. Vi veit at deltaking i arbeidslivet er viktig for integrering, seier administrerande direktør Anne-Kari Bratten i den statlege arbeidsgjevarforeininga Spekter.

Bratten meiner særleg innvandrarkvinner blir hindra i å bli integrert, få delta i arbeidslivet og sikre seg sjølv økonomisk.

Lære norsk

Venstre, som to år på rad har lagt fram alternative statsbudsjett der kontantstøtta er kutta, vil ha fleire barn med minoritetsbakgrunn i barnehage.

– Kontantstøtte er eit dårleg integreringstiltak. Barn må lære norsk for å starte integreringa tidleg. Det gjer dei best i barnehagen, seier innvandringspolitisk talsmann Andre N. Skjelstad i Venstre.

Utanfor Europa

Fire av ti-talet kom på bordet då Arbeidarpartiet stilte Finansdepartementet eit skriftleg statsbudsjettspørsmål: «Hvor stor andel av kontantstøttemottakerne har innvandrerbakgrunn fordelt på de respektive fylkene?».

LES OGSÅ: Venstre-Grande i strupen på Senterpartiet

40,7 prosent av 20.401, svarar BLD, som har delt mottakarane inn i tre kategoriar:

• Aust-Europa utanfor EU, Afrika, Asia, Mellom- og Sør-Amerika og Osceania utanom Australia og New Zealand: 4.890 mottakarar.

• Eutan Aust-Europa, samt EFTA, Nord-Amerika, Australia og New Zealand: 766 mottakarar.

• Aust-europeiske EU-land: 2.643 mottakarar.

Oslo har flest – nesten 61 prosent av mottakarane er ikkje fødde i Norge. Nordland har færrast – berre 22,8 prosent er fødde utanfor Norge.

Kan spare

Kunnskapsdepartementet og NAV har rekna ut kva som kan sparast ved å ta vekke delar eller heile kontantstøtta.

NAV opplyser at dersom ein fjernar retten til kontantstøtte for ikkje-norske borgarar frå og med 1. januar komande år, kan staten spare 473 millionar kroner.

Kunnskapsdepartementet opplyser at «avvikling av kontantstøtten gir en innsparing på 1 510 mill. kroner».

LES OGSÅ: Sentrum-snacks i Ap-budsjettet

Men forsvinn kontantstøtta, vil ei stor gruppe foreldre søkje barnehageplass for dei små. Kunnskapsdepartementet har rekna ut at «avvikling av kontantstøtten vil øke etterspørselen etter barnehageplasser med om lag 2.700 plasser – noko som vil koste millionar å etablere; om lag 246 millionar kroner i 2016, og 591 millionar i 2017.

Det var Senterpartiet som spurte Finansdepartementet kva staten vil spare om ein fjernar retten til barnetrygd for ikkje-norske borgarar.

Kombiløysing

I Norsk kvinne- og familieforbund er forbundsleiar Elisabeth Rusdal ein sterk forsvarar av dagens kontantstøtte, men innrømmer at ordninga har nokre integreringsutfordringar. Ho har eit forslag til løysing.

– La innvandrarfamiliar få kombinere kontantstøtte og barnehage. I dag fell tilbodet om kontantstøtte vekk om du har meir enn 20 prosents barnehageplass. Slik bør det ikkje vere.

Rusdal vil også styrkje eit anna tilbod:

– Lat oss få fleire opne barnehagar, her kan både foreldre og barn med minoritetsbakgrunn få lære seg betre norsk medan dei deltek i eit viktig integreringstiltak.

Venstre meiner kontantstøtta «direkte motvirker erklærte og nødvendige mål om økt yrkesdeltakelse».

Følg Vårt Land på Twitter og Facebook

Spekter-sjef Bratten helsar ei omlegging frå kontantstøtte til fleire barnehageplassar sterkt velkommen:

– Vi veit at kontantstøtta påverkar kvinners tilknyting til arbeidslivet negativt. Halvparten av mødrene som reduserte arbeidstida si som følgje av kontantstøtta, var ikkje tilbake i full jobb då dei ikkje lenger hadde krav på kontantstøtte. Dette er arbeidskraft og kompetanse vi treng, men kontantstøtta held dei heime og ikkje i jobb.

Blei avvist

Men i budsjettforlika med Høgre og Framstegspartiet har Venstre lidd nederlag, for regjeringspartia har stått saman med KrF. Høgre og Frp har lova kvarandre å bevare kontantstøtta i regjeringsperioden som går fram til 2017.

I sommar la Venstre fram eit forslag om ei prøveordning i Oslo. Ved å ta vekk kontantstøtta i hovudstaden kunne ein heller bruke pengane på å gje meir gratis kjernetid i barnehagen, meinte partiet.

Barneminister Solveig Horne (Frp) sa kontant nei. Kommunar kan «ikke med virkning for sine innbyggere innskrenke retten til kontantstøtte som den enkelte borger har etter kontantstøtteloven».

Stramma inn

I haust har dei fire borgarlege budsjettkameratane likevel funne saman med Arbeidarpartiet og Senterpartiet om ei kontantstøtteinnstramming. Dei seks partia er samde om å innføre eit butidskrav; asylsøkjarar som får opphald i Norge kan heretter først få kontantstøtte etter å ha budd i Norge ei viss tid.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter