Nyheter

Lovendring om ettervern kan ta tid

Barneminister Solveig Horne (Frp) lovar ikkje barnevernsbarn lovfesta rett til ettervern. Ho ventar på utvalsrapport, som kjem om eitt år.

Barne- og likestillingsministeren vedgår at dagens ettervern bør bli betre.

– Eg er samd med Landsforeningen for barnevernsbarn om at oppfølginga er mangelfull. Det er for store skilnadar mellom kva kommunane tilbyr av ettervern, seier Horne.

Ho minnar likevel om at mange barnevernsbarn takkar nei til hjelp når dei blir 18 og myndige.

– Men når det er sagt, må barnevernet og NAV bli betre til å koordinere tenestene til barnevernsbarn som blir vaksne.

LES MEIR: Barneversnbarn krev los inn i vaksenlivet

To utval

Sidan Horne blei statsråd i 2013, har ho sett ned to utval på barnevernsområdet. I 2014 eit som skulle sjå på korleis barnevernslova kan forenklast. Rapporten kom i fjor, og utvalet konkluderte med at det «finner ikke grunn til å endre gjeldende aldersgrense for ettervern (...) aldersgrensen allerede er blitt hevet fra 20 til 23 år (...) og at aldersgrensen på 23 år nå er innarbeidet i praksis».

I vår sette ho ned eit utval som skal sjå på fosterheimsomsorga. Horne understrekar at «utvalet skal synleggjere og drøfte korleis kommunane skal kunne gje god oppfølging av fosterheimane, også etter fylte 18 år».

– Denne utvalsrapporten skal leverast mot slutten av 2018. Så vil eg setje meg ned med dei to utvalsrapportane og vurdere korleis vil kan styrkje ettervernet.

– Det betyr at ei eventuell lovendring først kan kome i 2019?

– Ja, tidlegast i 2019 eller 2020, men eg kan ikkje no love at det vil kome endringar, seier Horne.

LES MEIR: Frelsesarmeen etterlyser heiagjeng

Mindre skilnadar

Men Horne sit ikkje med hendene i fanget. Ho har bede Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUFdir) om å utvikle «eit langsiktig fagutviklingsprogram for hjelpetiltak. Dette vil også omfatte ettervernstiltak».

– Direktoratet arbeider også med å utvikle faglege anbefalingar om oppfølging av unge over 18 år, slik skal skilnadane mellom kommunane bli mindre.

I 2015 plasserte ho eit forskingsoppdrag hjå NTNU Samfunnsforskning. Dei skal undersøkje korleis unge blir følgt opp i dag, og vurdere om dagens praksis er «eigna til å hjelpe dei unge med å oppnå eit godt vaksenliv». Rapporten kjem neste år.

– Til sist har Bufdir og NAV utarbeidd felles retningsliner for samarbeid og ansvarsdeling mellom barnevernstenesta og NAV. Mange har etterlyst ei betre koordinering mellom desse tenestene, seier Horne.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter