Nyheter

Frelsesarmeen etterlyser heiagjeng for barnevernsbarna

Eit godt planlagt ettervern må vere på plass lenge før 18-årsdagen, krev Frelsesarmeen. – Barnevern, NAV og helsetenester må kappast om å gje mest, seier fagleiar.

May Lisbeth Smeby har arbeidd med barnevernsbarn i 30 år.

– Eg har møtt mange ungar, ungdommar og foreldre. Sterke, flotte folk som treng hjelp for ein periode i livet. Nokre gonger er det slik at perioden kan vere kort. Men veldig mange gonger er det behov for støtte i fleire år. Ettervern kan vere ei slik støtte, fortel Smeby, som er fagleiar i Frelsesarmeens barne- og familievern.

Den ideelle organisasjonen har 80 institusjonsplassar for små barn og ungdommar, og 50 fosterheimar.

– Ettervern er viktig for ungdommar som har budd i fosterheimar, omsorgsinstitusjonar og behandlingsinstitusjonar. For det er dårleg gjort å forvente at ungdom som har vore under barnevernet skal klare seg sjølve når ungdom som har budd heime hjå foreldre med god økonomi ikkje klarar seg sjølve.

– Kva treng dei?

– Unge vaksne i dag treng ein los i livet – og det ganske lenge.

Ho fortel at barnevernsbarn kan be om ettervern, som er pengar, hjelp til utdanning, hjelp til hybel.

– Men dei aller fleste opplever at det er vanskeleg å definere kva dei treng hjelp til. Det er vanskeleg å orientere seg i systemet. Det er ikkje mange menneske som klarer å definere eigne behov, og det til framande 
sakshandsamarar.

LES MEIR: Barnevernsbarn krev los inn i vaksenlivet 

Smeby meiner dei unge skal få konsentrere seg om skule, jobb og kvardagslivet.

– Så kan vi i systemet lage saumlause tilpassingar av alle tiltaka som finst i ulike system.

– Kva etterlyser du?

– Vi ønskjer eit godt planlagt ettervern, og det må vere på plass lenge før 18-årsdagen. Barnevern, Nav og helsetenester må kappast om å gje mest. For det er vanskeleg å sitje med lua i handa og høyre på kva som ikkje er mogeleg.

Smeby seier «vi vaksne må krevje at ungdommen skal ha ettervern, og dei må sjølve prove at dei ikkje treng oss omsorgspersonar».

– Og så er det viktig å kunne ombestemme seg. Dei skal få kontakte ein person dei kjenner og gje beskjed om at no må nokon hjelpe til.

Frelsesarmeen ønskjer at retten til ettervern fram til fylte 25 år blir lovfesta.

LES MEIR: Barneminister Horne lovar ikkje lovfesta rett til ettervern

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter