Nyheter

Konfliktråd lagar foreldrereglar

Unge som lever i familiar med sterk ­sosial kontroll får hjelp av konfliktråd.

Sidan 2012 har Konfliktrådet i Sør-Trøndelag hatt ansvar for prøveprosjektet som ber namnet «Et spørsmål om ære». Som det einaste konfliktrådet i landet­ ­arbeider Sør-Trøndelag med ­saker knytt til vald i nære relasjonar, så kalla æresrelatert vald og ekstrem kontroll.

– Mange unge har med vår hjelp fått på plass avtalar med foreldre som sikrar dei større personleg fridom i familiane dei veks opp i, fortel prosjektleiar Guro Angell Gimse.

Mistar fridom

Vårt Land fortalte måndag om omfanget av sterk sosial kontroll av unge. I perioden 2009-2014 har Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) registrert 617 saker knytt til ekstrem kontroll. Dette blir av IMDI definert som «systematisk sosial kontroll som bryter ned den enkeltes selvbestemmelse og bevegelsesfrihet. Kontrollen gjennomføres ofte ved bruk av vold eller trusler».

– Slik kontroll er ikkje berre uetisk­ og ulovleg. Han øydelegg liv, sa Randi Kleven og Akhtar Chaudhry, som begge er leiarar i IMDI Region aust.

Chaudhry, som leiar førebyggingsseksjonen, forklarar at fleire foreldre med minoritetsbakgrunn fryktar av barna skal bli «for norske». Difor held dei barna i strame tøylar.

Fleire unge som opplever sterk sosial kontroll i familien har kome til Konfliktrådet i Sør-Trøndelag for å få hjelp til å finne løysingar. Dei aller fleste kjem via barnevernet, ofte etter at dei unge sjølve har bede barnevernet om hjelp – og brorparten er jenter.

– I fleire saker er konfliktnivået så høgt at dei unge bur på hemmeleg adresse, fortel Angell Gimse, og held fram:

– Samstundes som dei fryktar for liva sine som følgje av truslar frå familiemedlemmer, vil dei gjerne tilbake til familien, for lojaliteten til foreldra er sterk.

LES MER: Her er de unges fortvilede spørsmål til hjelpetjenesten

Møter med talsmenn

I dei mest krevjande sakene som kjem til Konfliktrådet i Sør-Trøndelag, stiller dei unge med talsmenn på dei første møta med foreldra.

– Dei vågar ikkje å kome sjølve før etter eit møte eller to, fortel Angell Gimse.

– Kva kan kome ut av ein runde i konfliktrådet?

– Vi får til avtaler med eit sett av reglar som sikrar dei unge større fridom. Dei får vere saman med vener, dei får ta del i fritidstilbod etter skuletid, dei får sjølve velje om dei vil gå med hijab, dei får sjølve velje når dei vil gå i moskeen.

LES MER: Solveig Horne roser foreldremekling

Følg oss på Facebook og Twitter!

Brukar Koranen

Prosjektleiaren seier religion spelar ei viss rolle når unge blir utsette for sterk sosial kontroll.

– Vi ser at vers frå Koranen som seier noko om at Gud forventar at barn stiller opp for foreldre og respekterer deira avgjerder blir brukt til kontrollere barn. Vi høyrer unge fortelje oss at dei fryktar at Gud ikkje skal vere glade i dei når dei ikkje etterlever dei strenge reglane til foreldra.

LES MER: – Vi burde ha forberedt familiene på utfordringene som kommer

Blir etterlevd

– Korleis reagerer foreldre som blir kalla inn til konfliktrådet for å møte eigne barn som ønskjer større fridom?

– Mange møter er krevjande, for fleire foreldre opplever at vi grip inn privatsfæren – og der skal vi ikkje vere. Men etter mange rundar går dei med på å gje barna støre fridom.

– Blir slike avtalar likevel brotne?

– Dei fleste avtalene vi meklar fram blir etterlevd. Men vi har nokre tilfelle der dei blir brotne. Vi har hatt rettssaker der fedre er blitt dømt for vald mot barn som har levd med sterk sosial kontroll.

Angell Gimse fortel at både politi og barnevern er med på mange meklingsmøter for å lære meir om ekstrem kontroll.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter