Nyheter

Israel kan få raudt kort

Det palestinske fotballforbundet vil 
jage Israel av fotballbanen. – Heilt feil å straffe 
israelske fotballspelarar, seier Norges Fotballforbund.

Vis ut Israel, suspender landet frå FIFA, Det internasjonale fotballforbundet.

Kravet er sett fram av Det palestinske fotballforbundet, og snart skal saka bli avgjort. På FIFA-kongressen i Zürich 28. og 29. mai skal fotballeiarane 
behandle sak 15:

Suspender Israels fotballforbund frå FIFA.

– Fotballen skal byggje bruer, ikkje brenne bruer. Så det blir heilt feil å suspendere Det israelske fotballforbundet når det er israelske styresmakter som 
øydelegg den palestinske fotballen, seier generalsekretær Kjetil Siem i Norges Fotballforbund til Vårt Land.

LES OGSÅ: Klagesang over ødelagt landsby

Palestina

– FIFA har anerkjent den palestinske staten – og Israel spelar i svært ulike divisjonar. Israel er ranka som verdas 46. beste nasjon på herresida og som den 57. beste på kvinnesida. Palestinarane kjem langt nede på rankinga: Kvinnelandslaget ligg på 99. plass medan herrane er heilt nede på 141. plass.

Kampen mellom dei naboane blir ikkje spela på fotballbanen, men i møterom i FIFA. Sist helg kalla den mektige FIFA-presidenten, Sepp Blatter, begge lands fotballpresidentar til krisemøte i Geneve. Blatter vona å få løyst striden med eit kompromiss før kongressen. Men fotballeiarane sa nei.

Reisehindringar

Bakgrunnen for striden er utanomsportsleg. Israel gjer alt dei kan for å hindre den palestinske fotball i å bli betre, mellom anna er det svært vanskeleg for palestinske fotballspelarar å reise mellom dei palestinske sjølvstyreområda på Vestbreidda og Gaza, forklarar Det palestinske fotballforbundet (PFA).

Då israelske soldatar i fjor haust storma inn på kontora til PFA, brast det for organisasjonen. PFA klaga Det israelske fotballforbundet (IFA) inn for FIFA med krav om at Israel må suspenderast som følgje av at landets styresmakter blandar seg inn i den palestinske fotballen.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Avviser innblanding

FIFA-sekretariatet i Geneve aksepterte at kravet om suspensjon skal opp på kongressen i slutten av mai – til sterke protestar frå IFA. Ofer Eini, president i IFA, seier det slik til :

– Det palestinske kravet er ein freistnad på å blande sport med politikk, og det kjem trass i at det israelske fotballforbundet gjer alt det kan for å oppretthalde atletiske aktivitet i dei palestinske sjølvstyreområda.

Jibril Rajoub, president i det palestinske fotballforbundet, ser annleis på saka:

– Det israelske forbundet oppfører seg som ein del av den brutale, rasistiske okkupasjon, seier han til avisa Haaretz.

LES OGSÅ: Fortsatt radikale

Raudt kort

Blir det ikkje forhandla fram ei løysing på fotballstriden før kongressen byrjar 28. mai, blir saka avgjort med avstemming. Seier tre firedelar av dei 209 FIFA-delagatane ja til å suspendere Israel, blir landets landslag og klubblag vist det raude kortet og får ikkje delta internasjonale meisterskap og klubbturneringar.

- Korleis skal kongressen kunne
avgjere ei sak som denne, der påstand står mot påstand. Det er heva over tvil at Det palestinske fotballforbundet har vanskeleg arbeidsvilkår, men det er ikkje FIFA som kan løyse striden mellom palestinarar og israelarar, seier generalsekretær Kjetil Siem i Fotballforbundet og peikar på FN.

– Kva vil Norge røyste om saka kjem til votering?

– Vi støttar ikkje idrettsboikottar. For kven vil bli ramma om FIFA suspenderer israelske landslag og klubblag? Jo, palestinske spelarar. På landslaga er det til dømes fleire palestinarar, forklarar Siem.

På Israels fotballandslag – og på klubblag i eliteserien – spelar det fleire israelske borgarar som er arabarar.

LES OGSÅ: Jødehatet

Til Frankrike

Får Israel raudt kort av FIFA, blir landslaget kasta ut av den pågåande EM-kvalifiseringa.

Neste sommar er det fotball-EM i Frankrike. Dit vil gjerne 
Israel, for i fotballen er landet ein del av Europa.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter