Nyheter

Frå gudsfrykt til kondom på banan

Konfirmasjonsundervisninga i kyrkja har gått frå å vere livsviktig til å gi støtte til ungdom i pubertetstida.

I 1736 vart konfirmasjon obligatorisk i Noreg. Men konfirmasjonen var ein realitet også før det, fortel Hallgeir Elstad. Han er professor i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo.

– Konfirmasjonen som sakrament (heilag handling, red.anm.) vart avskaffa under reformasjonen. Martin Luther var sterkt kritisk til konfirmasjonen i si samtid. Han meinte dåpen sto på eigne bein. Det Luther la vekt på, var undervisning i Guds ord, og at ingen skulle delta i nattverd utan undervisning først.

Dermed vart konfirmasjonen kopla til nattverda, og ikkje dåpen, etter reformasjonen. Eit viktig skilje, ifølgje Elstad.

– Fordi det då vart lagt meir vekt på kunnskap, seier han.

LES OGSÅ: Konkurrentane hermar etter kvarandre

Tukthus som straff

Då obligatorisk konfirmasjon vart innført i 1736, slo statspietismen inn for fullt, ifølgje Elstad. Pietismen var ei kristen vekkingsrørsle som kom til Noreg på 1700-talet, under kyrkjestyret til Christian den sjette.

– Dette var eit vendepunkt. Konfirmasjonen var ikkje lenger berre ei religiøs sak, men fekk i stor grad ein samfunnsmessig tydnad, forklarar Elstad.

Utan konfirmasjon kunne du verken gifte deg, utføre militærteneste, vere fadder ved dåp eller vitne i retten.

– Det var vanskeleg for dei som hadde lærevanskar. Læreboka «Sandhed til Gudfrygtighed» av biskopen Erik Pontoppidan bestod av 759 spørsmål og svar, som ein helst skulle kunne utanåt.

Om det tok for lang tid før ein greidde å konfirmere seg, kunne ein bli satt i tukthus.

– Dette var ei ordning som høyrde til på 1700-talet, då det var svært viktig å lære alle svara ordrett. Samtidig hadde dei fleksible ordningar somme stadar, der ein kunne legge spørsmåla betre til rett for dei som hadde vanskar med å svare, fortel Elstad.

Ein kyrkjeskule

I 1739 vart folkeskulen innført i Noreg. Konfirmasjonsundervisninga var ein del av skulen.

– Eg vil seie det så sterkt som at folkeskulen vart oppretta som ein konsekvens av at vi fekk obligatorisk konfirmasjon, seier Elstad.

– Vi fekk ein kyrkjeskule. Presten skulle, gjennom tre månadar, ha eit undervisningsopplegg med elevane. Konfirmasjonshandlinga til slutt inkluderte overhøyring, som er ein samtale presten har med konfirmanten under konfirmasjonsgudstenesta. Overhøyringa var også skuleeksamenen.

LES OGSÅ: – Konfirmasjonen blir barnas første møte med klasseskiller

Kjøpte prestar

Sjølv om det var viktig – og påbode – at alle skulle ta del i konfirmasjonen, var hierarkiet synleg til stades.

– Konfirmantane vart plassert etter kunnskap på kyrkjegolvet. Den beste fekk stå fremst. Det var eit stigmatiserande system, seier Elstad.

Systemet var med på å utvikle ein kultur der prestane let seg kjøpe.

– Rikfolk som hadde høg prestisje kunne gi litt pengar til presten, slik at deira son fekk stå fremst. Det ga status på den tida, forklarar Elstad.

Å stikke pengar til presten var også vanleg for dei som hadde barn med lærevanskar. Då fekk kanskje sonen eller dottera kome seg igjennom konfirmasjonen likevel. Ifølgje Elstad er folketradisjonen full av slike forteljingar.

LES OGSÅ: Ber Nav om penger til konfirmasjonsfest

Skule og kyrkje skiljast

Mot slutten av 1800-talet såg ein ei gradvis endring. Ifølgje Elstad slutta framleis størstedelen av befolkninga opp om obligatorisk konfirmasjon. Men ikkje alle. Det blei heller ingen konsekvensar for dei som let vere å konfirmere seg.

I 1889 blei skulelova endra, og kyrkjeskulen vart oppheva. Skulen fekk eigne lover, og eksamen var ikkje lenger knytt til konfirmasjonen.

– Det tok lenge før folk aksepterte dette. For mange var det framleis slik at når ein var konfirmert så var ein vaksen, og ferdig utdanna, fortel Elstad.

Med endringa av skulelova, forsvann også læreboka Sandhed til Gudfrygtighed. Ifølgje Elstad er denne boka, ved sidan av Bibelen, den som har betydd mest for å spreie kunnskap om kristendomen i Noreg.

– Boka hadde eit pietistisk preg. Den er ein av grunnane til at pietismen har stått så sterkt her til lands.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Frivillig

I 1912 vart konfirmasjonen frivillig. Kyrkja kunne no velje mellom tre ulike liturgiordningar:

1. Halde fram med den gamle ordninga, med overhøyring.

2. Halde fram med den gamle ordninga, men kutte ut stadfestinga av dåpen.

3. Ein heilt ny liturgi, med velsigningshandling.

Det er den siste ordninga som til slutt har sigra. Men alle tre stod ved lag fram til 1981.

Ikkje overgangsrite

Før var konfirmasjonen i aller høgste grad eit overgangsritual.

– Samfunnsutviklinga har gjort at dette ikkje er like reelt i dag. Overgangen frå barn til vaksen skjer ikkje i 15-årsalderen lenger. No legg vi meir vekt på konfirmasjonstida enn velsigningshandlinga på slutten, seier Elstad.

– Kva tyder konfirmasjonen i dag, då?

– Den er meir som ei støtte til ungdomen. Eit slags pubertetsritual. Som ungdom er ein inne i ei vanskeleg fase der ein skal orientere seg, finne sin identitet. Ein prøver å svare på grunnleggande spørsmål om kven ein er. Her kan konfirmasjonstida vere eit viktig bidrag.

Nye opplegg for konfirmantar i kyrkja, som mellom andre Sunt og sant og Reform - ressurssenter for menn tilbyr, inneber undervisning om seksualitet, vald og grensesetjing. I ein quiz blir konfirmantane vist korleis ein trer eit kondom på ein banan. Dette er sånt som ungdomane likar, ifølgje kurshaldarane.

LES OGSÅ: Takk for gaven, sier konfirmant (78)

– Endring i menneskesyn

– Kva seier utviklinga av konfirmasjonsundervisninga om vårt samfunn?

– Det fortel noko om religionens plass. Religion har gått frå å vere noko som er grunnleggande og altovergripande, til noko du må velje sjølv og som er privat, meiner Elstad.

– Det viser ei endring i menneskesyn, ei endring i forståinga av kva som er viktig i livet. Før var religion limet som heldt samfunnet saman. I dag lever vi på heilt andre premissar.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter