Nyheter

Brukte halv million på å vigsle biskop

Nå ber bispedømme Kulturdepartementet ta rekninga.

Sundag 24. januar blei Ann-Helen Fjeldstad Jusnes vigsla til biskop i Sør-Hålogaland bispedømme. Totalt kom vigslingshelga på 543.400 kroner. No ber bispedømmerådet Kulturdepartementet plukke opp rekninga.

Dei dyraste postane er:

• «Tilpasning av bispekåpen inkl. spennen»: 85.000 kroner

• «Reiseutgifter for presteskapet og andre gjester»: 100.000 kroner

• «Utgifter til overnatting og bespisning»: 292.000 kroner.

– Nok eit døme på at Den norske kyrkja får løynte løyvingar ut over støtta som kjem via statsbudsjettet, seier generalsekretær Kristin Mile i Human-Etisk Forbund (HEF).

LES MEIR: Slik blir kirken friere

Eigne kroner

Tradisjonen tru var det også markeringar for avtroppande biskop i Sør-Hålogaland. Tor B. Jørgensen blei pensjonist i november etter nesten ni år som biskop i Norges nest nordlegaste bispedømme.

«Det er duket for en storartet avslutning når Tor B. Jørgensen gir seg som biskop», melde lokalavisa Bodø Nu då det stunda mot avskil for teologen som hadde bore bispekåpa sidan 2007.

Men til skilnad frå vigslingshelga i januar, måtte bispedømmet finne fram eigne budsjettkroner til avskilssamlingane i fjor haust.

LES MEIR: – Stort å bety noe for andre kvinner

Ekstraløyving

No har Sør-Hålogaland bispedømme rekna ut kor mykje det kosta å skifte ut Jørgensen med Jusnes.

– Til saman snakkar vi om ein million kroner, opplyser stiftsdirektør Jan-Kjell Jonassen.

I eit brev til Kulturdepartementet skriv Jonassen: «I tillegg til «biskop på» hadde bispedømmerådet betydelige utgifter på slutten av 2015 til arrangement i forbindelse med «biskop av». Beløpet til disse arrangementene er i størrelse minst like høye som for «biskop på».

– Medan vi tok kostnadane med «biskop av» via eige budsjett, søkjer vi departementet om å få refundert utgiftene til «biskop på», seier Jonassen.

I brevet til departementet vedgår bispedømmerådet at det hadde «betydelige kostnader ved vigsling av ny biskop».

– Vi meiner at standaren på arrangementet i januar var nøkternt, men det er alltid ein diskusjon om på kva nivå bispevigslingar skal liggje. I vårt bispedømme brukar vi ein del pengar på gjestane som kjem, for det er dyrt å få alle til Bodø, seier Jonassen.

LES MEIR: Kirken ber om 3,77 milliarder kroner

Prinsipp

Praksisen med å arrangere bispevigslingar for så å be staten ved Kulturdepartementet om å plukke opp rekninga, vekkjer reaksjonar:

– Summen bispedømmet ber om er ikkje høg, men eg reagerer på prinsippet. Mens andre trus- og livssynssamfunn får ei løyving frå staten som skal vere med å dekkje budsjetterte utgifter, kan kyrkja ha arrangement dei kan be staten betale, seier generalsekretær Mile i HEF.

I Senterpartiet, som er ein sterk forsvarar av ei offentleg støtta folkekyrkje, oppmodar kyrkjetalskvinne Anne Tingelstad Wøien Den norske kyrkja om å leggje alle utgifter inn i budsjettet framfor å gå til departementet med bøner om ekstraløyvingar.

– I ei framtidig meir sjølvstyrt kyrkje, må bispedømma leggje alle utgifter inn i budsjettet. Ein veit når biskopar blir pensjonerte, og ein kan dermed setje av pengar til vigslingar.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Innvilga

I Kulturdepartementet får Vårt Land opplyst at søknadar om ekstraløyvingar i samband med bispevigslingar i Den norske kyrkja er vanleg.

Då Stein Reinertsen blei vigsla til biskop i Agder og Telemark i 2013, søkte bispedømmet om ei ekstraløyving på 200.000 kroner for å dekkje utgifter til tilsetjing og vigsling.

Departementet opplyser at søknaden frå Sør-Hålogland bispedømme om vel ein halv million ekstra ikkje er ferdigbehandla.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter