Nyheter

Barn skit i miljøet

111 kommunar deler ut pengestøtte til barnefamiliar som kjøper tøybleier. Få blir freista.

– Brukar du tøybleier sparer du både miljøet og lommeboka, seier småbarnsmor og tøybleieseljar Mathea Lilleengen.

Innsamlingsleiar Christian Lie i renovasjonsselskapet Hias er heilt einig:

– Av omsyn til miljøet bør fleire barn bruke tøybleier.

Lie forklarar nordmenns veike vilje til å bruke tøybleier med pris. Tal Norgesgruppen har henta inn viser at bleier er tre gonger dyrare i Sverige og Danmark enn i Norge; her kostar ei bleie opp mot ei krone.

Bleieprisen er pressa ned av «bleiekrigen». Han braut i januar 2000 då daglegvarekjeda Kiwi annonserte at kvar femte pakke var gratis. Konkurrentane heiv seg på for å lokke bleiebarnfamiliane til butikkane.

LES MER: Smuglar bleier ut av Norge

Bleieberg

Kvart år blir det fødd opp mot 60.000 barn i Norge.

Kvart barn som brukar eingongsbleier, produserer rundt 1 tonn bleieavfall i bleieperioden.

Det blir eit gedigent søppelberg, og eit stort miljøproblem. For bleier saman med bind utgjer ein stor del, rundt 8 prosent, av restavfallet som er dårleg eigna for energigjenvinning grunna væskeinnhaldet.

– Kva miljøansvar har Norgesgruppen når det handlar om bleier, kommunikasjonssjef Kine Søyland?

– Vi er opptatt av å gje gode tilbod til småbarnsfamiliar, og eingongsbleier er eit slikt produkt. I 2016 vil småbarnsforeldre ha enkle og gode alternativ.

LES MEIR Et hav av søppel

Subsidie

I eit forsøk på å få fleire småbarnsforeldre til å produsere mindre bleiesøppel, finn kommunar fram subsidiekroner: 111 kommunar betalar i dag ut støtte til dei som går over til å bruke tøybleier framfor eingongsbleier.

Tøybleieentusiast Hannah Siguråst følgjer nøye med på kor mange kommunar som støttar tøybleier. Hennar siste oppteljing viser at kvart fjerde kommune prøver å lokke barn over på gjenbruksbleier.

LES MEIR Velger pris framfor miljø

Barnehagen

Dei aller fleste kommunar har lagt seg på same nivå; 1.000 kroner i støtte per barn. Vårt Lands prissjekk fortel at eit tøybleiesett med 24 bleier pluss standardutstyr ligg på rundt 6.500 kroner.

– Skiftet kom då Oslo kommune innførte tøybleiestøtte. Før det var tøybleier noko vi hadde på bakrommet. No sel vi stadig meir, fortel Mathea Lilleengen i butikken Bæreglede.

Ho fortel at med den kommunale støtta på 1.000 kroner, kom det også ein ny bleiepolitikk i dei kommunale barnehagane. Dei kan ikkje nekte å bruke tøybleiene foreldra sender med dei minste.

Ønskje

Vårt Land har spurt store renovasjonsselskap om ordninga med tøybleiestøtte er mykje brukt:

– Vi ønskjer at langt fleire går over til tøybleier, seier innsamlingsleiar Christian Lie i Hias, som dekkjer kommunane Hamar, Løten, Stange og Ringsaker. Hias innførte tøybleistøtte på 1.000 kroner i 2014.

– Kor mange har fått støtte til no?

– Berre 18, fortel Lie.

Vårt Lands sjekk i SSB fortel at det blei født 816 barn i dei fire kommunane i 2014, og 803 barn i fjor.

LES MEIR – Mange tror det ikke nytter å jobbe for miljø

Bleietopp

I Norges to største byar er det heller ikkje mange som vel å vaske tøybleier. Oslo kommune starta med tøybleietilskot på 1.000 kroner per barn i 2014. Men kommune har berre støtta 267 barn. I 2014-2015 blei det fødd 20.000 barn i Oslo.

Renovasjonsselskapet BIR, som dekkjer Bergen og åtte andre Hordaland-kommunar innførte tøybleietilskotet i 2006.

– Det vore ein jamn nedgang dei siste åra frå toppen i 2009. 2015 viser derimot ein liten oppgang, fortel kommunikasjonsrådgjevar Tina Skudal i BIR, som opplevde 81 tøybleiebrukarar i 2006 og 257 i 2009.

I 2014 betalte BIR ut tøybleiestøtte til 64 barn. I fjor enda talet på 80 barn.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter