Nyheter

Båtflyktningar forsvinn ut av Italia

Italia vender det blinda auga til flyktningar som vil reise nordover i Europa. Syrarar vil til Tyskland og Sverige. Norge får flest eritrearar.

Utanfor buss- og togterminalen i Catania ventar mange flyktningar; nigerianarar, eritrearar, gambiarar og syrarar. Alle la ut frå Libya i smuglarbåtar. Alle blei redda av italienske patruljebåtar og frakta til øya som er Europas største transittmottak. I fjor kom 100.000 flyktningar i land på Sicilia.

Særleg to grupper ventar på terminalen med billettar i lommene. Syrarane og eritrearane skal nordover i Italia, og så vidare mot nord.

– Eg skal ikkje søkje asyl i Italia, eg vil til eit betre land. Tyskland skal vere bra, akkurat som Sverige eller Norge, fortel ein eritrear til Vårt Land. Første stopp blir Roma, så ber det over Alpane. Han vil slett ikkje bli i eit land som er herja av høg arbeidsløyse, og som brukar svært få euro på kvar asylsøkjar.

Europas største asylmottak ligg ein kort kjøretur vest for terminalen. I den gamle amerikanske militærleiren Mineo bur det snart 4.000 asylsøkjarar bak piggtråd. Mange blir sitjande fast her i over eitt år.

LES OGSÅ: Over 4.200 reddet i Middelhavet i helgen

Ser ein annan veg

I fjor kom det rundt 170.000 flyktningar til Italia. Berre 65.000 søkte asyl. 2014-tala frå italienske utlendingsstyresmakter viser at landet er særleg attraktivt for ei gruppe asylsøkjarar; dei som kjem frå land sør for Sahara – og slett ikkje attraktivt for to andre grupper; dei som kjem frå krigsherja Syria og frå Afrikas siste diktatur, Eritrea. I fjor søkte 10.000 frå Nigeria asyl i Italia medan berre 505 syrarar og 480 eritrearar gjorde det same.

I europeiske aviser trer dette bilete fram i intervju med dei som kjem over Middelhavet i båt:

Italiensk politi let vere å registrere flyktningar inn i Italia; dei droppar å ta fingeravtrykk. Italiensk politi let bakdører på asylmottaka stå opne så flyktningar kan smyge seg ut. Italiensk politi sender flyktningar vidare nordover sjølv om dei blir stoppa utan ID-papir.

LES OGSÅ: Frp-hjelp: Sett skipbrudne på land i Nord-Afrika

Refs frå Norge

Direktør Frode Forfang i norske Utlendingsdirektoratet (UDI) forklarar kvifor i ein blogg på udi.no:

«De aller fleste asylsøkere har et klart ønske om å søke asyl lengre nord i Europa, og gjør derfor alt de kan for ikke å bli registrert med fingeravtrykk i for eksempel Italia, der mange ankommer. Samtidig gjennomfører ikke Italia (...) tilstrekkelige tiltak for å få asylsøkerne registrert.»

Følg oss på Facebook og Twitter!

For: Flyktningar som blir registrert inn i Italia når dei går i land, blir sendt tilbake til Italia om dei søkjer asyl i eit anna land som er med i Schengen-samarbeidet, slik Norge er. Dublin-avtalen seier at det første landet asylsøkjaren kjem til, har ansvaret for å handsame asylsøknaden.

Difor vil ikkje flyktningar i parken i Catania vise ansikt eller gje opp namn. Dei vil ikkje vise at Europa-opphaldet starta i Italia.

LES OGSÅ: Bistand snus til nødhjelp

Reiser raskt vidare

FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har analysert flyktningtala frå borgarkrigen i Syria braut ut og fram til årsskiftet. Frå april 2011 til desember 2014 søkte 217.724 syrarar asyl i EU. Brorparten kom inn i unionen via Italia, men berre 1.967 blei i Italia.

Då UDI talte opp 2014 var det to grupper asylsøkjarar som skilte seg ut i statistikken: I fjor kom det 2.882 frå Eritrea og 1.999 frå Syria. På tredjeplass ligg Somalia med 837.

Syrarane på togstasjonen i Catania har gjort som landsmennene før dei; styrt unna registreringa inn i Italia då dei kom i land, blitt innlosjert to netter på eit mottak før dei løyste billett til toget vekk frå Sicilia.

LES OGSÅ: Norge tar flere av de sykeste

Migrationsverket i Sverige melder at to land er endestasjon for dei mange syrarane som kjem over Middelhavet:

– Tyskland og Sverige tek i mot to tredelar av dei syrarane som søkjer til Europa, fortel asylanalytikar Helena Carlestam.

Eritrearane i parken i Catania forklarar kvifor:

– Vi vil få det betre nord i Europa enn her i Italia.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter