Nyheter

Åtvarar Erna mot IS-krig

– Hugs folkeretten, seier eks-statsministeren, som har opplevd hardt USA-press.

Måndag kom førespurnaden. USA ber Norge om å auke det militære bidraget i kampen mot den såkalla Islamske staten (IS) – og bidra i Syria. USA etterspør jagarfly, spesialstyrkar og minerydding.

Norge har i dag rundt 90 soldatar i Irak som berre driv med opplæring og trening av irakiske og kurdiske styrkar. Solberg-regjeringa har lagt vekt på at norske soldatar ikkje skal delta aktivt i strid mot IS.

No vil USAs president Barack Obama at statsminister Erna Solberg og regjeringa også skal ta del i kampen mot IS i Syria.

LES MEIR: Trur på val i Syria

Folkeretten

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik har fleire innvendingar mot eit raskt ja-svar på USAs førespurnad:

– Ei norsk deltaking i krigen mot IS i Syria må vurderast nøye i høve til folkeretten. For Syria har ikkje spurt om Norge vil delta og det ligg ikkje føre eit mandat frå FN som gjev klarsignal til ein internasjonal militær operasjon her. Og under toppmøtet i Wien i haust blei ein samde om å arbeide for ei politisk løysing på Syria-krisa – ein strategi Norge støttar opp om. Norge må vurdere verknaden ei militær deltaking i Syria vil ha på denne prosessen.

Fekk fotfeste

Bondevik, som også har vore norsk utanriksminister, understrekar at IS er «eit forferdeleg fenomen, som må stoppast».

– Men kan ikkje IS berre fjernast med militær makt?

– Intensjonen med meir militær makt mot IS er god, men faren for at resultatet blir dårleg er stor, seier Bondevik og dreg ein parallell til Irak.

– USAs og Storbritannias invasjon i 2003 var i strid med folkeretten, og invasjonen resulterte i eit sterk destabilisert Irak, noko IS har utnytta til å få fotfeste i landet. Militære verkemiddel åleine løyser ikkje dei grunnleggjande problema.

Sa ja og nei

Som statsminister i nesten sju år måtte Kjell Magne Bondevik og hans regjering to gonger ta stilling til om Norge skulle ta del i krigar:

• NATOs luftkrig mot Serbia, som våren 1999 dreiv etnisk reinsing i provinsen Kosovo.

• Den amerikansk/britisk-leia invasjonen av Irak i 2003.

– I 1999 prøvde vi verkeleg alle fredelege middel. Norge hadde formannsskapet i OSSE, og utanriksminister Knut Vollebæk reiste at og fram til Beograd og trygla Slobodan Milosevic om å stoppe den etniske reinsinga i Kosovo. Til slutt var det berre ein utveg att, bombe Serbia. Og sidan presidenten i FNs tryggingsråd gav ei fråsegn som langt på veg kunne erstatte eit mandat, sa eg som statsminister ja til at Norge kunne delta i NATO-operasjonen.

LES MEIR Hevder sagakonge blei munk i Syria

Mangla FN-mandat

– Kvifor sa du og regjeringa nei til å delta i Irak-invasjonen i 2003?

– Invasjonen var i strid med folkeretten. Irak hadde ikkje bede om hjelp, USA hadde ikkje blitt utsett for angrep og FN hadde ikkje gjeve eit mandat.

Ein av statsrådane i Bondevik-regjeringa som sa nei til Irak-deltaking, var dåverande kommunalminister Erna Solberg – no statsminister i Norge.

Ambassadør pressa

I ettertid har det kome fram at USA la eit sterkt press på Norge for at Bondevik skulle stille opp med norske soldatar i invasjonsstyrken i Irak. Særleg var den amerikanske ambassadøren til Norge aktiv i møte med norske politikarar.

– Eg hugsar enno ambassadør John Doyle Ongs tale under ein middag på Grand. Der kom han med klare trugslar om regjeringa ikkje sa ja, fortel Bondevik.

– Men, og det er viktig, seier Bondevik, president George Bush hadde forståing for Norges nei. Det var folk lenger nedover i systemet som pressa hardast på.

– Blir Erna Solberg utsett for liknande press frå USA no?

– Det veit eg ingenting om, men eg ville ikkje bli overraska om dei pressar hardt på no også, seier Bondevik.

Stå til ansvar

– Kva vil det betyr for Norges omdømme i regionen om regjeringa seier ja til å ta del i krigen mot IS, i Syria?

– Stormakter tek seg meir til rette, og må stå til ansvar for det. Små nasjonar som Norge har alt å vinne på å etterleve folkeretten. Når eg reiser rundt i regionen og fortel at Norge sa nei til Irak-invasjonen i 2003, blir eg møtt med respekt, seier Kjell Magne Bondevik, som sidan 2006 har leia Oslosenteret.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter