«Det er ein verdsleg ting», seier Karlsson på taket. Det same seier biskop Veiteberg i Vårt Land 12. oktober om ekteskapet, og repeterer eit protestantisk slagord som har blitt meir kjærkome etter at Den norske kyrkja har brote opp frå tradisjonen og opna for samkjønna forhold.
At Oslo-biskopen avslører at det er nytt for henne at ekteskapet er gjennomgangstema gjennom heile Bibelen, bør ho ta som tilskunding til grundigare skriftstudium.
Bryllapsmotiv
Gud skapte mannen og kvinna som klimaks i skapingsforteljinga Bibelen startar med. Lammets bryllup er klimaks i endetidsdramaet Bibelen endar med. Midt i Bibelen står Høgsongen som lovprisar kjærleiken. Og både profetane og Jesus omtalar Guds rike med bryllaups-motiv.
Difor inviterer prestar ved nattverdbordet: «Sæle er dei som er bedne til bryllaups hjå Lammet.»
Det er apostelen som kallar ekteskapet eit sakrament (Ef 5), og har dermed gitt namn til temaet «brudemysteriet».
Biskopen skulle vore av dei fyrste til å registrere korleis menneske i vår kultur brukar ord for «kjærleik» og «å elske» radikalt annleis enn Skrifta. Ikkje som noko gitt av Gud for at vi skal likne på han og leve i hans orden, men som fri og emosjonell tilknyting mellom menneske. Dermed har både mennesket og brudemysteriet blitt uforståeleg.
At Oslo-biskopen avslører at det er nytt for henne at ekteskapet er gjennomgangstema gjennom heile Bibelen, bør ho ta som tilskunding til grundigare skriftstudium
Guddommeleg struktur
Gud skapte menneske med kjønnsforskjell. Han ofra seg sjølv heilt ut for den han elska. Og han gjorde menneska delaktige i evna til å skape nytt liv. Dette er den guddomelege strukturen nedlagd i skaparverket. Og det er modellen for ekteskapet. Gud var førsteelskar. Han skapte fordi han elska. Og han la kjærleiks-evna ned i mennesket.
Difor er kjærleiken frå Gud tilgjengeleg for den som elskar Gud. Å elske som Gud, er å forplikte seg også på Guds ordningar og elske hans vegar.
Den som kronisk fastheld at dette er ein verdsleg ting, kan ikkje unngå å misse av syne det guddomelege formålet med ekteskapet.
[ Kritiserer Oslo-biskop for manglende forståelse for konservativt samlivssyn ]