Verdidebatt

Når kristne kranglar

KONFLIKT: Eg har møtt fleire kristne som meiner at debatt er unødvendig støy. Men redsle for usemje kan gjere at viktige sanningar og nødvendig friksjon vert dyssa ned.

Etter sist artikkel i denne avisa, «Framandgjort i folkekyrkja» har eg hausta mykje respons til ettertanke. Fleire er også opptekne av dette med debatten i seg sjølv. Bør eit fredsfolk som kristne i det heile debattera offentleg?

Bibelen er gjennomsyra av fredsideal. Jesu ord «sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born», er velkjende. Han er dessutan Fredsfyrsten og den som ifølgje evangelisten lovar oss som trur på han sin fred, ein fred som er annleis enn fred vi kjenner til elles. Paulus skildrar Guds fred som noko som overgår all forstand, og i den nytestamentlege brevlitteraturen er det er mange oppfordringar om å halda fred med kvarandre.

Er fred fråvær av debatt?

Som mangeårig meiningsytrar kjenner eg meg naturleg nok utfordra av slike ord. Når eg sjølv er med på å skapa debatt, kan eg i det heile tatt rekna meg som del av fredsflokken? Eg har møtt mange kloke og pragmatiske menneske som passar betre enn meg der. Likevel: er fred fråvær av debatt og meiningsbryting?

Sofie Braut

Eg veit at eg ansikt til ansikt ofte er både meir konfliktsky, gjerne også klokare, enn når eg set meg til ved eit tastatur. I møte med den andre, den eg er usamd med, kjem eg lettare i kontakt med den høgst menneskelege miksen av feigskap, venleg atterhald og genuin interesse som gjer møte mellom folk hyggeleg. Gjer slike «kafébord-erfaringar» andre, gjerne skarpare og distanserte samtalar, unødvendige? Bør vi berre heilt unntaksvis skjerpa argumenta og ærleg blottlegga slitsame, men høgt reelle, konfliktlinjer?

Eg har lytta til fleire som ser det slik. Debatt er unødvendig støy, kristne er uansett samde om det viktigaste, og teologi handlar eigentleg om detaljar vis-a-vis livets verkelege realitetar, er nokre av grunngjevingane. Om kafébordet er gullstandarden, vert fort alt anna berre harde, distanserte ord.

Dette er vanskelege farvatn. På den eine sida ville det vera toppen på arroganse å nekta for at eg til tider dannar fiendebilete og på uheldige måtar dyrkar retorikk og polemikk i ein debatt. Eg tek feil. Eg forhastar meg. På den andre sida kan ein enda opp i atterhaldets apati der redsle for usemje gjer at viktige sanningar og nødvendig friksjon vert dyssa ned.

Ein kunstig motsetnad

Premissen om at teologien er perifer vis-a-vis «sjølve livet» meiner eg inneheld ein kunstig motsetnad. Han er eit ekko av ei sekularisering som heile vegen vil fortrenga åndelege behov og dei åndelege realitetane. Eg er for tida uroa over ei folkekyrkje som synest altfor lite modig og motstraums andsynes samfunnet ikring, og som verkar open for svært mykje, utanom ein tydeleg tradisjonell teologi. Bør eg la vera å ta opp denne uroa, for å oppfylla fredsoppdraget eg har som kristen? Å seia det, liknar den tvilsame avleiingsmetoden som ber eit barn berre «tenkja på noko fint» når store skrubbsår svir på knea.

Som konservativ skribent i ei avis som i alle fall i bedehusland vert rekna som liberal, merkar eg slike tendensar godt

—  Sofie Braut

Om ei fredselskande innstilling i for stor grad blir assosiert med aksept for alt slik det er, vert fred noko nærast umenneskeleg. For å orka det, må ein manøvrera unna situasjonar der andre synspunkt vert framførte. Noko av det skumle med dagens skreddarsydde mediekvardag, er sjansen han gir til berre å omgi oss med likesinna.

Som konservativ skribent i ei avis som i alle fall i bedehusland vert rekna som liberal, merkar eg slike tendensar godt, for mange av dei eg står nærast teologisk, les aldri det eg skriv her. Mange har gitt opp å lesa «liberale» aviser for lengst, og slik sett sikra seg ein fredelegare kvardag med færre irritasjonsmoment. Men slik fred har vel også noko illusorisk ved seg?

Ei menneskeleg kyrkje

Bibelens idé om fred ser uansett ikkje ut til å vera eit enkelt bod om å glatta over faktiske motsetnader. Det nye testamentet gir innblikk i realistiske og til dels heftige konfrontasjonar. Apostelgjerningane skildrar til dømes at Paulus og Barnabas’ djupe konflikt resulterte i at dei to måtte reisa vidare kvar for seg.

Det er noko ærleg med å trekka ein slik konsekvens, og det syner ei kyrkje som heilt frå starten av har vakse midt i det menneskelege. Ikkje i den grad ho byter konflikt med konsensus eller blir ekspert på konflikthandtering, men i den grad ho blir verande ein stad for motkultur, syndserkjenning og omvending.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt