Verdidebatt

Tung tids klare tale

Kanskje skal ikkje alle snakka høgt og skråsikkert om kva som er forferdeleg feil. Nokon må snakka så lågt at tvilarane spør dei om kva som er rett.

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for Tørst

«Det burde vere unødvendig å seie: Det Sian står for er uforeinleg med kva kristendom er», skreiv preses Olav Fykse Tveit på Facebook i førre veke. «Vi må eksplisitt ta avstand frå den bodskapen og det programmet Sian har, sjølv om det kan verke sjølvsagt for mange.»

Det viser seg at svært mykje som er sjølvsagt, og som burde vera unødvendig å seia, må seiast. Ikkje minst når våre muslimske medborgarar blir utsette for sjikane under «krenkefest» i gatene og i debattprogram på tv, då er tausheit juggel og tale gull.

Mobbarane sin stillteiande sympatisør

Å stå opp for andre, til dømes i skulegarden, er ikkje berre motstandskamp mot mobbing og hets. Ein viser folk at dei ikkje står åleine. Du som står taus og ser på, blir fort rekna som mobbarane sin stillteiande sympatisør. I praksis blir jo du som ikkje hindrar mobbinga ein støttespelar. Mobbing veks i styrke og omfang til ho blir stoppa, det veit alle skuleelevar.

Problemet er – viss me held oss til bildet av skulegarden – når ein del av elevane ikkje er så overtydde om at det faktisk er mobbing som føregår. Snakkar mobbarane sant?

LES OGSÅ: Imam: Mohammed har tilgitt verre ting enn Koran-brenning

Ei flodbølge av informasjon

I den polariserte samtalen me ser i sosiale og redaksjonsstyrte medium, tykkjer mange at det er vanskeleg å orientera seg. Handlar det ikkje berre om ulike meiningar om det meste? Nokon står opp for muslimar, andre for ytringsfridom. Nokon ropar om ansvar for flyktningar, andre om velferdsstaten si framtid. Nokon kjempar for trusfridom, andre for retten til ikkje å bli diskriminert. Naturvern eller vindkraft? Ulv eller norsk landbruk?

Informasjonsstraumen slår over oss som ei flodbølge der viktige og uviktige, sikre og usikre fakta er virvla saman. Me ser stadig oftare kor innfløkt samfunnsstrukturane våre er, og kor vanskeleg det er å ta omsyn til gode, men motstridande verdiar. Samtidig er følelsane våre er blitt ei vare i algoritme-økonomien og det post-faktuelle samfunnet, og det er vanskeleg å ha innsyn det som legg premissa for liva våre. Når alt flyt, er det naturleg å famla etter det som er kjent eller minner om noko trygt – sjølv om det eigentleg er konspirasjonsteoriar og fordekt hat.

Når tausheit ikkje er feigt

Viss du står i grenselandet der ropa frå motstridande ideologiske leirar gir meining, er det ikkje sikkert at du spør den som har tatt tydelegast stilling mot det du kanskje er for. Dette veit mange kloke folk. Dei markerer ikkje standpunkt med ord som støyter dei usikre frå seg, dei skaper tillit og handlingsrom. Dei gir den som balar med indre kampar nokon å venda seg med spørsmåla sine. Det handlar om tryggleik, ikkje standpunkt som tar seg godt ut.

Det er ikkje å til komma vekk frå, at å stå opp for det som er rett, ikkje berre er viktig og naudsynt, men ofte tar seg godt ut. Særleg blant oss som har same syn. Nokon kallar det «godleiksposering», men bryr seg ikkje om kva handlingar ord skaper. I den andre enden av hatpratet, ventar valden. Der nokon står opp mot urett, ventar rettferda. Denne teksten er ikkje ei orsaking for å vera feig eller likegyldig i møte med urett som rammar andre enn oss sjølve. Dette er ei påminning om at nokre av dei som er tause eller formulerer seg moderat i den offentlege samtalen ikkje er verken feige eller likegyldige. Dei tar berre kampane me andre ikkje ser.

Sian og muslimske teologer møtes til debattmøte på FN-dagen

Nokon må snakka lågt

I nokre miljø er dette viktigare enn andre. Det kan vera gode grunnar til at den profilerte muslimen ikkje stiller opp kvar gong norske medium spør om ho eller han tar avstand frå det me majoritetsnordmenn meiner ein muslim bør ta avstand til. Det kan skapa betre samtalar med usikre minoritetsungdommar. Det var gode grunnar til at den svenske pastoren Magnus Jonegård ikkje tok offentleg avstand til galskapen i Knutby, slik leiarane for pinserørsla gjorde. Då alt begynte å bryta saman, hadde leiarane og medlemmane som framleis var igjen så stor tillit til han, at dei let han vegleia dei vekk frå sektmørkret og ut i lyset. Få år etter erkjenner dei og tar ansvar for feila dei gjorde.

Kanskje skal ikkje alle snakka høgt og skråsikkert om kva som er forferdeleg feil. Nokon må snakka så lågt at tvilarane spør dei om kva som er rett.

LES MEIR:

Ann Kristin van Zijp Nilsen: «Det er altfor lett å sjå på andre sine religiøse overtydingar og skikkar med kritiske augo»

«Stenes paralleller mellom NLM og Knutby legger ikke til rette for en god samtale»

Berit Aalborg: «Det vi ser nå er oppskriften på en radikaliseringsbølge»

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt