Nyheter

Horror, gørr og klovnestrekar

Det er noko med dette å kunne skifte identitet. Opne opp 
for ei annan verd av skrekk og gru.

Halloween er ein av mine absolutte favorittdagar. Eg veit ikkje kvifor, men eg har alltid vore skikkeleg fascinert av horror-sjangeren. Spesielt det overnaturlege.

Men halloweenfesten starta visst tidleg i år. Dei siste vekene har klovnekledde folk i store deler av verda spreidd frykt på mørke haustkveldar. Situasjonen har vore alt anna enn moro, folk har faktisk vorte skada, og politiet har sagt det kan bli straffeforfølging av klovnestrekane. Litt i uvisse sit folk attende og lurer på kva det heile handlar om.

Klovnar skal vere uskuldig underhaldning for born, men det er inga nyhende at klovnemasker står i sentrum for skrekkscener. Forfattaren Stephen King skapte på 80-talet den ikoniske klovnen Pennywise i boka IT. Mange tenåringar har nok vorte heimsøkt av Pennywise sin skugge, spesielt etter at boka vart filmatisert.

Neste år kjem det ein ny versjon av filmklassikaren. Det vart kviskra nokre rykte om eit mogeleg PR-stunt frå King-leiren, då dei fyrste klovnane byrja å dukke opp i haust. Men medan klovneepidemien spreidde seg, gjekk King sjølv ut og sa at denne spøken ikkje var morosam.

A Clockwork Orange

Så kvar oppstod denne morbide trenden? Kva er målet? Eg har enno til gode å lese om ein konkret årsak som førte til denne tsunamien av dumme klovneval. Faktisk får eg fleire assosiasjonar til andre populærkulturelle referansar enn kjente klovnar i horrorverden. Denne trenden minner meg om A Clockwork Orange, som Stanley ­Kubrick filmatiserte i 1971. Ein gjeng gutar kler seg opp i sine faste drakter og går ut for å lage trøbbel. Det ender med blod og gørr, og til sist drap.

Litteratur- og filmvitarar skal få lov å diskutere seg i mellom kva som er den eigentlege drivkrafta til gutane i A Clockwork Orange, anten det er pur vondskap, rastløyse eller trongen til å utøve makt.

Det er uansett tydeleg at det finns strukturar, eller kanskje heller eit spenningsvakuum, som gjer at folk kjenner trongen til å kle seg ut og skremme. Eg har ein mistanke om at dagens klovnar ser etter det same som eg liker med halloweenfeiringa: ein identitetsflukt, og overraskingsmomentet maska har.

Eg har referert til høgtida som halloween. I Noreg har det vore meir vanleg å snakke om allehelgensdag og allehelgensaften.

LES OGSÅ: «Det er bedre med en skummel klovn i hagen enn ti terrorister i nabolaget»

Keltisk tradisjon

Mange kjenner også til den meksikanske tradisjonen med «De dødes dag». Det er nok derimot færre som kjenner til den keltiske dødsguden Samhain og haustfesten ved same namn. Denne­ fell saman med halloween, 31.­ ­oktober, og markerer overgangen frå gamalt til nytt år i den keltiske kalenderen.

Denne omstillinga av krefter gjorde at det gamle og nye året ikkje klarte å halde­ dei underjordiske og overnaturlege skapningane i sjakk. Difor vart det sett ut mat som offer til dei døde som stod opp. Folk ikledde seg maske når dei gjekk ut denne kvelden, for at skumle og farlege skapningar ikkje skulle kjenne dei att som menneske.

Årsskiftet til keltarane markerte i tillegg avslutninga på innhaustinga av mat, og slik vart denne dagen også ein grødefest. Dei amerikanske gresskarlyktene er eit vagt minne om dette, sjølv om irane som tok tradisjonen med over havet opphavleg brukte turnips og ikkje gresskar.

LES OGSÅ: Eg har sydd så lenge på ei vampyrdrakt at eg snart begynner å suge blod sjølv

Let the world collide

Let the day begin, let the horror start, syng legenda og horror­musikaren Glenn Danzig, og fortsett: Let the fun begin, let the worlds collide ...

Det er noko med dette å kunne skifte identitet. Og med den irrasjonelle spenninga ved å la fantasien springe løpsk berre­ denne eine kvelden. Opne opp for ein annan verd av skrekk og gru.

Det er aldri nokon tvil om eg skal på utkledningsfest siste helg i oktober. Eg har aldri kledd meg ut som klovn før, og eg skal i alle fall ikkje debutere som det i år. Eg trur eg tar eit «trygt» val og køyrer god, gamaldags pirat – og vonar ­ingen ­øydelegg den trenden innan laurdag.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter