Meninger

Dødsfesten

Eg har sydd så lenge på ei vampyrdrakt at eg snart begynner å suge blod sjølv. For vi treng alle å leike oss med mørket.

Barna er dei nye vaksne. Dei har prøvd å snakke fornuft til meg så lenge, og no er det dette med spøkelser. Dei finst ikkje, seier dei. Gjer dei ikkje? spør eg. Korleis kan de vite det?

Like fullt skal det visst feirast halloween. Eg har sydd så lenge på ei vampyrdrakt at eg snart begynner å suge blod sjølv. Juksetenner er kjøpt inn. Godteri. Bøtter. Oransje lykter. Vi pyntar med daudingskallar, vi blir vonde og fæle hekser, skrømt og trollmenn. Det er nemleg ei tid for alt, og no har lauvet falle på bakken, vintertida er skrudd på og i morgon kveld kjem det små skjelett med refleksvest og bankar på døra di.

Dei døde ferdast fritt

Eg synest halloween er ein bra skikk, så koseleg som alt har blitt. Så blir dei vel også nøgde alle desse som snakkar om at døden er blir rydda bort frå våre moderne liv. Det er kanskje ikkje så klart for alle desse små uhyra at halloween-feiringa er dei døde sin dag.

Les også: Når døden banker på

Ifølge folketrua kunne dei døde ferdast fritt rundt denne kvelden før allehelgensdag, som reine åsgårdsreier. Halloween-feiringa har både kristne, keltiske og romerske trekk og handlar om dødskrefter, rett og slett. Protestkampanjer mot halloween-feiringa starta alt på 1930-talet i USA, men då ein fekk festen til å handle om små barn, stilna protestane.

Når halloween, i tillegg til å vere ein kjøpefest, blir feira av snart kvart einaste barn i landet, er det kanskje fordi barn sårt treng noko som minner om noko skummelt og farleg.

Les også: Ønsker grøss og gru inn i kirken

Dei er jo så store alt når dei er små. Dei presenterer seg sjølv med powerpoint-føredrag i sjuårs­alderen, dei brukar ord som ansvar og empati. Ikkje rart dei får lyst til å rane naboen for godteri eller sjå bittelitt skumle ut ein kveld i året.

Kan ikkje gå for nær

Vi treng alle å leike oss med det mørke, særleg i ein kultur som vil hegne om tryggleiken, som vil beskytte og passe på til det ikkje finst ein liten sjanse for at ein kan gå seg bort på veg heim.

Då eg vaks opp (… den gongen då dei vaksne hadde eigne aktivitetar om kvelden …) var det ikkje ein kjeft som brydde seg om kvar vi var hen. Dei satsa på at vi klarte oss. Og det hende vi sirkla rundt kyrkjegarden, men vi gjekk aldri inn dit åleine. Det var for skummelt. I huset bak huset vårt, hadde den døde bestemora mi levd og … kanskje døydd. Om dagen var huset snilt og ufarleg, men i kveldsmørket gjekk det ikkje an å gå for nær. Mørket hadde krefter, alt vart lada og natta hadde sin eigen måte å vri om på det vi kjente. Alt fekk ein stenk av død.

Les også: Hvem er egentlig djevelen?

Vi hadde ikkje høyrt om halloween, men hausten var ei fantastisk tid. Vi sprang ute med lomme­lykter i desse tunge og våte kveldane, overlatne til mørket, fridomen og kvarandre. Vi spionerte og leita etter mysterium, dei fanst bak kvart hjørne.

Ufarleg dødsleik

Mørket viser oss mest av alt det vi ikkje kan sjå – berre tenke oss, og det vi tenker oss, har ­ekstrem sterk kraft.

Dei døde går kanskje ikkje igjen, men døden er skummel og stygg, og dei døde finst på ein måte, kanskje på fleire måtar: I minnet, i fantasien og i alle forteljingane. Dei finst òg i håpet og kjærleiken, sjølvsagt.

«Vi veit ikkje», seier vi til slutt om døden.

Men noko anna veit vi: Det finst eit mørkt djup i oss alle, der døden bur og hakkar og seier tikk-takk. Same korleis vi prøver å fortrenge døden, er han der. Vi går dit ikkje frivillig, om det då ikkje er utkledd som døden sjølv, som leik og narreri.

Kva er betre enn ein heilt ufarleg og like fullt verkeleg dødsleik? I døden, gret livet. Men i livet, haha, då er det døden som må gråte.

Knask eller knep!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger