Leder

Mange kinesarar har fått nok

Kommuniststyret i Kina har avslørt inkompetansen sin i møte med koronapandemien. Protestane mot regimet kan få enorme konsekvensar, og bør få støtte frå vestlege land.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Kina har tviheldt på sin strenge og uforståelege nullsmittestrategi i møte med koronaviruset. Spesielt har den manglande vaksineringa av den eldre delen av befolkninga blitt trekt fram som grunngjeving for dei restriktive tiltaka. Berre kring 65 prosent av personar over 80 år er fullvaksinert i landet, og kinesiske styresmakter har ikkje heller godkjend generell bruk av mRNA-vaksinar.

Protestar er sjeldan kost i det kommunistiske Kina, men likevel vart fleire byar ramma av omfattande protestar førre helg. Dei vart utløyst av ein brann i Urumqi der ti menneske døydde, heilt aust i landet der ein stor del av befolkninga er uigurar. Fordi ein del av koronastrategien til styresmaktene har gått ut på å sette hengelås på dørene til folk i nedstengde bydelar, var redningsarbeidet i den brennande blokka krevjande.

Mistar legitimitet

Mange kinesarar kjenner derfor på sinne og frustrasjon over at styresmaktene har vald å handtere koronaviruset slik. Då kinesarar kunne sjå bilete frå fotball-VM i Qatar, der folk sat på tribunane utan munnbind, vart nok opplevinga av inkompetanse frå styresmaktene i Beijing endå større.

Vi får berre håpe fleire kinesarar er modige nok til å ta til gatene i protest i dagane og vekene som kjem. Dei fortener all mogleg støtte for sitt heltemot. Vestlege land bør på klokeleg vis gi slik støtte

Regimet har i kjend stil svara med eit massivt politioppbod. I fleire av dei største byane i landet var det måndag store politistyrkar utplassert for å slå ned på eventuelle protestar. Sjølv om vidare protestar skulle la vente på seg, viser den aukande frustrasjonen allereie at styresmaktene er i ferd med å miste legitimiteten i eiga befolkning. På ein pressekonferanse med kinesisk UD måndag vart det stilt spørsmål om demonstrasjonane. Talsmannen avviste spørsmålet ved å sei at det ikkje stemmer med «fakta», og at det er «krefter med skjulte motiv» som står bak oppstanden.

Modige

For eit autoritært regime finst det få middel til å gjenopprette denne tilliten. Det finst derfor håp om at regimet i Beijing må lette på trykket, noko dei viste teikn til då dei tysdag annonserte raskare koronavaksinering av eldre kinesarar.

Det kinesiske kommuniststyret er blant dei mest menneskerettsfiendtlege i verda, og står bak grufulle overgrep mot sitt eige folk. Kinas folk fortener ei anna framtid enn den som den autoritære leiaren Xi Jinping kan gje dei. Vi får berre håpe fleire kinesarar er modige nok til å ta til gatene i protest i dagane og vekene som kjem. Dei fortener all mogleg støtte for sitt heltemot. Vestlege land bør på klokleg vis gi slik støtte.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder