Bøker

Nytt lys
 på Mykle

Agnar Mykles namn er uløyseleg knytt til rettssaka kring romanen ­Sangen om den røde rubin. 100 år etter ­fødselen hans er det på tide å lese forfattarskapet med fordomsfritt blikk.

Bilde 1 av 2

Torsdag opna kronprinsesse Mette-Marit utstillinga Den røde rubin. Erotiske overtredelser i norsk litteratur på Nasjonalbiblioteket. Utstillinga tek utgangspunkt i den berømte rettsprosessen mot Agnar Mykles roman, Sangen om den røde rubin, i 1957.

Forfattaren og forlaget hans, Gyldendal, blei tiltalt etter utuktsparagrafen i straffelova. Mykles skildringar av dei seksuelle erfaringane til Ask Burlefot, ein romanperson modellert etter Mykle sjølv, vart for tøffe å svelgje for mange.

LES OGSÅ: Erotisk fenomen slår Harry Potter

Også for Vårt Land. I jubileumsavisa vår den 31. august i år fortalde vi om korleis Vårt Land var ei avisene som gjekk i front mot Mykle. Sjølv om det var kulturredaktør Steen Benneche i Fædrelandsvennen som i sin omtale av Mykles bok konkluderte, i ein fiffig punchline, med å melde henne til politiet.

«Skitten strøm»

Mykle-saka må sjåast i ein større samanheng der ei rekke bøker hadde utfordra samfunnsmoralen over lengre tid. Nyhenderedaktør Fredrik Ramm i Morgenbladet klemte til allereie i 1931, med artikkelen «En skitten strøm flyter utover landet». Her gav han pisk til ei rekke namngitte forfattarar som var aktuelle med nye bøker.

«Den skade en fordrukken voldtektsmann gjør et barn er liten, sammenlignet med den som en Sigurd Hoel, en Hans Backer­ ­Fürst, en Rolf Stenersen, en Karo Espeseth kan gjør ved sin litterære virksomhet,» erklærte Ramm – og skreiv seg dermed inn i journalistikkens og kritikkens kanon.

LES KOMMENTAREN: Inntjeningen blir gradvis viktigere enn integriteten

Porno

På 1950-talet gjekk også debatten varm om erotiske overskridingar i litteraturen. Somme hadde reagert på dei erotiske skildringane allereie i Mykles førre bok, Lasso rundt fru Luna (1954). Den dryge, pseudonyme romanen Blokk 7. Daglig liv i «kjærlighetsredet» i en tysk konsentrasjonsleir frå same år sette nok endå fleire sinn i kok. I tillegg kom eit oppsving for dei kulørte – eller pornografiske – vekeblada, som Cocktail, Verden rundt og Kriminaljournalen.

LES MELDINGA AV FILMEN FIFITY SHADES OF GREY: «En usexy film som kun handler om sex»

Det høyrer med til historia at Vårt Land meldte Verden rundt for brot på utuktsparagrafen i 1955, ein paragraf som ikkje hadde vore i bruk sidan rettsprosessane mot Hans Jæger og Christian Krogh på 1880-talet.

Skandale

Slik var klimaet då Agnar Mykle jobba med sin nye roman, Sangen om den røde rubin (1956). Han var på ingen måte åleine blant dei «seriøse» forfattarane i å skrive eksplisitt om seksualitet.

I 1953 hadde Kjell Askildsen komme med novellesamlinga Heretter følger jeg deg helt hjem, som skapte skandale i heimbyen Mandal. Og André Bjerkes utspel om å løfte det kunstnariske nivået i pornografien hadde resultert i antologien Norsk decamerone (1953).

100 år etter Agnar Mykles fødsel er det på tide å ikkje berre sjå forfattaren som ein provokatør og pornograf, men lese bøkene hans med fordomsfritt blikk.

– Alf Kjetil Walgermo, kommentator

Med Sangen om den røde rubin fekk statsadvokaten ein prøvestein til å trekke opp grensene for ytringsfridomen. Samtidig blei Mykle-saka i stor grad ført på vikarierande argument. Det ­eigentlege utgangspunktet ­synest nemleg å ha vore Mykles påståtte bruk av levande modellar.

Ei av dei som kjente seg utlevert i boka, skreiv i januar 1957 eit brev til Kyrkjedepartementet. Ho signerte som «Skadeskutt».

Debatten rundt Karl Ove Knausgårds bøker har mykje til felles med debatten rundt Mykle. I det heile bør litteraturforsk­arane snart ta ordentleg fatt i parallellane mellom Knausgård og Mykle, både litterært sett og når det gjeld diskusjonen om levande modellar. Ein tredje vesentlege faktor er deira felles skyldnad til franskmannen Marcel Proust.

LES MELDINGA AV KNAUSGÅRDS SISTE BOK: «Sympatisk – og litt kjedelig»

God utstilling

Nasjonalbibliotekets utstilling er ein god stad å starte for dei som vil oppdatere seg på Mykle. Framover byr biblioteket også på ei rekke interessante Mykle-arrangement.

Les fleire kultursaker her!

100 år etter Agnar Mykles fødsel er det på tide å ikkje berre sjå forfattaren som ein provokatør og pornograf, men lese bøkene hans med fordomsfritt blikk. Lik Karl Ove Knausgårds bøker, handlar Sangen om den røde rubin grunnleggande sett om eit menneske på ærleg jakt etter identitet og tilhøyrsle. Boka kan også lesast med politisk synsvinkel, som ei skildring av eit studentsamfunn kring tida for andre verdskrigen.

Jordbærmus

Saftig erotikk i litteraturen er i dag sjeldan grensesprengande, men får fort noko spekulativt og kommersielt over seg, jamfør 50 Shades of Grey og Aune Sands Jordbærmus. Mens dyktige forfattarar som Geir Gulliksen (bl.a. Tjuendedagen) og Hanne Ørstavik (bl.a. Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux) på si side viser at det går an å skrive nyskapande om seksualitet også i dag.

LES OGSÅ: – Både Bjørneboe og Sand hyller erotikken

Kronprinsesse Mette-Marit avslutta opningstalen sin i går med «håp om at den frie kunsten aldri må begrenses av vår frykt for å se i oss selv». Det er svært godt sagt. I dette ligg utfordringa til samfunnet vårt og til alle oss som deltek i det.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker