Nyheter

Menn er redde for legen

Menn døyr som fluer, men dersom du spør dei, seier dei at dei kjenner seg bra.

Spissformuleringa blir levert av Svend Aage Madsen, sjefpsykolog på Rigshospitalet i København. Heilt reseptfritt.

Madsen har meir å fortelje om mannehelsa: Menn lever kortare liv enn kvinner, dei er oftare sjuke og dei døyr oftare av sjukdommen sin enn kvinner.

Danske Svend Aage Madsen har saman med norske Solveig Osborg Ose stupt ned i nordisk folkehelse. Djupdykket avdekkjer at kvinner lir medan menn døyr.

LES OGSÅ: Flere menn ringer hjelpetelefoner

Stor glede

Forskarane har følgjande resept til mennene: Samfunnet ville hatt store nytte, ja, reint fram glede av at menn byrjar å kjenne etter på eiga helse – og så tek turen til fastlegen.

Sjefspsykologen seier to trendar påverkar menns helse: Menn har for første gong i historia lågare utdanning enn kvinner, noko som kan ha ein merkbar negativ påverknad på helsesituasjonen. Men samstundes viser det seg at menns aukande interesse for å ta ut foreldreperm påverkar helsa deira.

For: Jo fleire menn som tek permisjon for å vere saman med dei små, dess oftare blir dei sjukmelde. Og: Det er positivt, seier Madsen. Gjennom foreldrepermisjonen blir faktisk menn betre rusta til å forsvare eiga helse.

LES OGSÅ: Kirkegjengere har bedre helse enn andre

Lite utdanning

Forskarane har tydeleggjort ein stor bøyg: Dårleg utdanna menn søkjer sjeldan helsehjelp. Forskarane har ein ny resept: helsevesenet må lære å kommunisere betre med denne gruppa av menn.

Faktisk må helsevesenet drive oppsøkjande arbeid for å nå fram til desse mennene, til dømes ved å møte dei på arbeidsplassar for å tilby helsehjelp der. Vil du ikkje, skal du. Kampanjar, av alle slag, når nemleg best fram til dei med mest utdanning.

Maskulin helsepolitikk

Psykolog Madsen meiner Norge – og Norden – treng ein helsepolitikk som er spesielt retta mot menn.

Høyrer du, helseminister Høie? Du er jo mann.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter