Kommentar

Dei held liv i mitt bedehus

På bedehuset kjøpte eg lodd, såg film og gjekk rundt juletreet. Ein gong svimte eg av i sommarvarmen.

Bilde 1 av 2
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Bedehuset frå min barndom ligg litt oppe i ein litt (for) bratt bakke i bygda Lambhaug i Luster kommune. Det vart innvigd vel fire år før eg vart fødd. I barndommen kunne vi sjå rett opp dit frå kjøkkenvindauget – og rusla dit i finkleda kvar gong det hende noko der. Og på 60- og 70-talet var det nokså ofte. Dette var eitt av samlingspunkta.

Her var det søndagsskule. Hit kom omreisande forkynnarar for å halde møteveker. Nokre av dei budde i andre etasje i huset vårt – som sangeevangelistane Marit og Irene. Der oppe budde også emissæren som leika med oss så intenst ein gong i 1964 at eg oppglødd sprang inn i stova midt i leiken og braut kragebeinet då eg fall ned av divanen.

LES OGSÅ: SV vil gjøre Norge sekulært

Basarar

Sommarstemnene­ som mor mi arrangerte for Samemisjonen, samla også mykje folk. Det var på ei av desse det blei så varmt at det ein gong svartna slik at eg datt i golvet. Eg rusla heim då eg kvikna til, medan møtet heldt fram.

Dette var store hendingar, sjølv om møta ikkje akkurat var lagt opp for barn. Men vi blei med ­likevel. Stundom kom musikken til Frelsesarmeen, det var litt meir liv. Basarane var også artige innslag, det same var ­filmane til Redningsselskapet.

På juletrefestane kom nær sagt heile bygda. Vi gjekk rundt juletreet, og ungane fekk gåve – gjerne ei mandarin og rosiner pakke inn i ein serviett.

17. mai-festane samla mykje folk – og bedehusfestane på ­nasjonaldagen fekk faktisk eit kraftig oppsving frå 80-talet. I ei lita bygd var 120 menneske på fest i bedehuset på nasjonaldagen verkeleg fullt hus.

Mange gudshus

Den langstrakte grenda Indre Hafslo hadde i min barndom to kyrkjer, to bedehus, to posthus og fleire butikkar enn vi kunne telje på den eine handa. Bygda hadde – og har – ungdomshus. Far min var av dei som bygde huset og i unge år heldt vakt på festane. Mor mi kom frå bedehuset.

I dag er postkontora nedlagde,­ sentraliserte til kommunesenteret. Det same er butikkane. Det dårlegaste bedehuset, midt mellom Lambhaug og kommunesenteret, vart selt til ei velforening etter at styret var utdøydd. Kyrkjene som har ei lang historie både over og under bakken, held naturlegvis stand. Det gjer min barndoms bedehus også.

LES OGSÅ: 90 medlemmer blar opp for nytt bedehus til 50 millioner

Slutt

Men det er ikkje same samlingsstaden. Møteveker er det for lengst slutt på, det same med stemna for Samemisjonen. Møta vert i dag haldne i bede­huset i kommunesenteret Gaupne,
ei lita mil unna: Det er mykje vanskelegare å samle folk enn før, og det er godt for eldsjelene at fleire deler på ansvaret. Og folk har bil – det hadde ikkje vi i vår barndom. Då var det føtene som gjaldt.

Å samle barn på søndagar vart på eit tidspunkt uråd. I dag er det barnelag annankvar torsdag med 20-30 ungar. Det er varme­stove for pensjonistar haust og vår. Og eit kor med 30 medlemmer øver annakvar veke. Den årlege basaren skaffar såpass med pengar at bedehusstyret held stand utan å tære på bankboka. Kraftkommunen Luster yter 40 prosent tilskot til drifta av bedehus og ungdomshus. Kravet er at det er aktivitet der. Men det er, for praktiske føremål, for mange ­slike forsamlingshus i kommunen.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Eldsjelene bak min barndoms bedehus vil likevel ikkje gje opp. Hadde dei ikkje hatt bedehuset, ville det vore vanskeleg med barne­arbeid. Og dei er snart dei einaste i mils omkrins som klarar­
å samle folk til fest 17. mai, sjølv om oppslutnaden har gått ned.

Arven

Dagens styreleiar, Torodd Urnes, var to år då bede­huset vart bygt. Han tok opp arven 
etter faren i bedehusstyret – ­faren var første styreleiaren. Bedehuset har vore viktig heile livet.

Huset er så stort og opprusta at det hadde passa betre i kommunesenteret der dei vurderer å byggje ut. Men min barndoms bedehus ligg der det ligg – i ein litt for bratt bakke ovanfor vegkrysset der bussen framleis stansar, men der ein annan samlingsstad – S-laget – for lengst er borte.

Sist eg var var i bedehuset, var då eg skulle presentere barndommen min på film for ­gjestane då eg fylte 50. Bedehuset var ikkje til å komme utanom. Difor er det godt å vite – når bedehus blir lagt ut for sal – at det enno er liv i min barndoms bedehus. Ikkje same livet som før. Men det er liv der røtene er.

LES OGSÅ: Kristne organisasjoner skal rydde opp i ukultur etter «Frelst-debatten»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar