Kommentar

Jordskjelvet som forandrar Sverige

STOCKHOLM: Dei neste fire åra får söta bror sannsynlegvis eit politisk styre dei aldri har hatt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Nokre timar før dørene opna til Moderaternas valvake, stod Ulf Kristersson på sitt: – Nej, absolut inte. Verkligen inte. Men jag är här för att vinna, inte för att förlora.

Då hadde han allereie fått spørsmålet frå svenske medier om han ville gå av som partileiar dersom dei borgarlege partia ikkje vann regjeringsmakt.

Moderaterna tapte, men vann

For Ulf Kristersson, den munnrappe Moderaterna-leiaren, handla valet berre om å vinne regjeringsmakt. Han visste allereie på førehand at Sverigedemokraterna etter all sannsynlegheit ville bli det nest største partiet i Sverige, etter regjeringspartiet Socialdemokraterna. Tidleg på kvelden såg han ut til å tape alt, før fleirtalet vippa i blå favør rundt klokka 23.

Sjølv om Moderaterna går ned frå 2018-valet, vinn dei sannsynlegvis regjeringsmakt med eit mandats margin. Det var det viktigaste for partiet. Det endelege resultatet kjem først onsdag, men prognosane tyder på at Moderaterna får statsministerjobben. Samstundes er det berre eit mandat som skil, som framleis gir Socialdemokraterna håp i eit hengande snøre.

Likevel er det fleire i Sverige som kritiserer at Moderaterna har fokusert for mykje på sakene som har spelt veljarar i hendene på Sverigedemokraterna. I staden for å snakke om økonomisk politikk, der Moderaterna har større truverd enn partiet lenger ute til høgre, har dei snakka om integrering, gjengkriminalitet og innvandring

—  Emil André Erstad, kommentator

Allereie no veit vi at Socialdemokraterna vart Sveriges største parti, men likevel tapte den raude blokka med Vänsterpartiet, Miljöpartiet, Centerpartiet og det sosialdemokratiske regjeringspartiet fleirtalet. Det er tilbakegongen til dei mindre partia i raudgrøn blokk som sørgar for at regjeringsmakta ser ut til å glippe.

Svensk sjølvgransking

Svensk politikk manglar ikkje på store oppgåver som må løysast: Aukande gjengkriminalitet, skytingar, energimangel og Nato-integrasjon er berre nokre av dei.

Trass i at dei vann regjeringsmakta, vil fleire spørre seg følgande den neste tida: Kvifor gjekk både Moderaterna, Kristdemokraterna og Liberalerna tilbake ved valet? Berre på grunn av stemmene til Sverigedemokraterna – eit parti resten av den borgarlege sida er ueinige i synet på, ser det ut til å bli fleirtal.

Sannsynlegvis tapte dei borgarlege store veljarmengder til Sverigedemokraterna og Socialdemokraterna – som vart dei to tydelege motpolane i valkampen.

Faktisk tyder mykje på at Kristdemokraternas og Moderaternas opning for samarbeid med Sverigedemokraterna førte til aukande oppslutning for det nasjonalistiske partiet. Dermed kan ein sei at strategien med å hente støtte frå partiet ytst til høgre ikkje fungerte.

Korleis eit samarbeid mellom Sverigedemokraterna og dei borgarlege skal sjå ut, er framleis i det blå. Kjem Jimmie Åkesson inn i regjering? Kor stort gjennomslag skal SD få?

For Sveriges del vil det òg bli diskutert korleis eit parti med røter i nynazismen klarte å bli landets nest største parti. At dei no får makt og er inne i varmen, vil bli granska av svensk offentlegheit i åra som kjem.

No snakkar svenskane om at det i neste valkamp kan vere tre statsministerkandidatar: Magdalena Andersson, Jimmie Åkesson og Ulf Kristersson.

Moderaterna gløymde økonomien

For borgarleg side bør jordskjelvet av eit val føre til sjølvgransking. Korleis skal partia forholde seg til Sverigedemokraterna dei neste fire åra?

For Socialdemokraterna er prestasjonen sensasjonelt sterk: Med eit valresultat på over 30 prosent, viser dei svenske sosialdemokratane seg verdige ryktet som blant dei best organiserte sosialdemokratane i heile verda

—  Emil André Erstad, kommentator

Trass den sannsynlege sigeren, er det fleire i Sverige som kritiserer at Moderaterna har fokusert for mykje på sakene som har spelt veljarar i hendene på Sverigedemokraterna. I staden for å snakke om økonomisk politikk, der Moderaterna har større truverd enn partiet lenger ute til høgre, har dei snakka om integrering, gjengkriminalitet og innvandring. I ei tid med stor inflasjon, behov for økonomiske innstrammingar og prioriteringar, skulle ein tru eit moderat høgreparti kunne briljere med talepunkt om sin økonomiske politikk.

At Ulf Kristersson ikkje har gjort det, har tent både Sverigedemokraterna og Socialdemokraterna, som har vore dei to mest tydelege alternativa på området.

Tok eigarskap mot gjengane

For Socialdemokraterna er prestasjonen sensasjonelt sterk: Med eit valresultat på over 30 prosent, viser dei svenske sosialdemokratane seg verdige ryktet som blant dei best organiserte sosialdemokratane i heile verda. Det skjer òg etter at partiet for mindre enn eit år sidan skifta ut statsministeren, og etter åtte år i regjering. Få andre parti kan vise til ein liknande suksess. Likevel holdt det ikkje mål. Åleinegongen i regjering sidan Miljöpartiet gjekk ut, kosta Socialdemokraterna regjeringsmakta.

Hovudforklaringa på den høge oppslutninga ligg i Magdalena Anderssons popularitet. Ho har ein aura av autoritet, nesten kjedeleg, men likevel skarp og tydeleg på dei politiske prioriteringane. I valkampen har ho tatt sterkt eigarskap til ei av sakene som mange svenskar har vore opptekne av i det siste: Gjengkriminaliteten og alle skyteepisodane som har prega Sverige dei siste åra. Ho har gjort det ved å fokusere på sosialpolitikk, integreringstiltak og hardare straffar, i staden for å fokusere på innvandring – slik Sverigedemokraterna har gjort. Det har vist seg effektivt.

Risikabel strategi

Likevel var det ein risikabel strategi: Mange sosialdemokratar bur i tettbygde strok. Frykta for gjengkriminaliteten har vore størst i lengst unna dei store byane, i distrikta. Verftsarbeidarar, industriarbeidarar og andre grupper av trufaste sosialdemokratiske veljarar i byane kan ha kjend at Andersson derfor har fokusert mykje på problem dei ikkje kjenner like prekært. Kvifor snakka ikkje den sosialdemokratiske statsministeren meir om lønsvilkår og omfordeling, til dømes? Med så få stemmer som skaffa blå valsiger, var det kanskje det som kosta henne statsministerjobben.

No kan sannsynlegvis Ulf Kristersson mest sannsynleg klappe seg på skuldra som Sveriges neste statsminister, medan vi andre får vente til onsdag med å gjere endeleg opptelling.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar