Kommentar

Tabben som gjer Jimmie til svensk valvinnar

Jimmie Åkesson kan le heile vegen til vallokalet, sjølv om han neppe blir statsminister. Det er dei andre politikarane sin feil.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Ein ting har resten av svensk politikk vore samde om sidan 2005, då Sverigedemokraterna (SD) for alvor slo gjennom i Riksdagsvalet: Partiet skulle vere isolert, stigmatisert og haldne utanfor politikkens gode selskap.

Lenge vart Framstegspartiet behandla på same måte i Norge. I tida frå partiet heitte Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlege inngrep (ALP), til Carl I. Hagen styrte, vart Frp behandla som ein paria i norsk politikk. Ikkje før Siv Jensen kom inn og gjorde grep for at partiet skulle bli stovereint, vart Frp tatt inn i varmen.

Sjølv om det finst likskapar, er likevel forskjellane kanskje mest framståande mellom Sverigedemokraterna og Framstegspartiet. Dei svenske nasjonalistane har slite med sine røter i nynazistiske miljø gjennom heile sin eksistens. Trass i at partiet har reinska rekkene for reinspikka rasistar og høgreekstreme, har det i nesten alle valkampar krydd med rasistiske utsegn frå partiets sympatisørar.

Spedalske

Både i 2014 og i 2018 vart Sverigedemokraterna, under leiing av den profilerte partileiaren Jimmie Åkesson frå Skåne, det tredje største partiet. Likevel vart dei effektivt hindra i noko innverknad på politikken. I 2018-valkampen sa heile den borgarlege blokka – beståande av Moderaterna (M), Liberalerna (L) og Kristdemokraterna (KD) – at Åkessons parti ikkje skulle inn i varmen.

Langs aksen frå ytste venstre til høgrepartiet Moderaterna var det semje om å styre slik at representantane frå Sverigedemokraterna ikkje ville få noko å seie. Det var betre å gå over sentrumsstreken for å sikre fleirtal, noko det tidlegare borgarlege partiet Centerpartiet med Annie Lööf i spissen også gjorde.

Ved å gjere Sverigedemokraterna til hovudmotstandaren som det største partiet på borgarleg side, kan venstreregjeringa lettare sikre seg attval.

—  Emil André Erstad, kommentator

Når SD-mandata utgjorde nesten ein femtedel av den svenske befolkninga, skapte det eit inntrykk av at partiet vart sabotert. Fleire – også fagfolk og ekspertar med null sympati for partiets politikk – meinte det kunne skade demokratiet.

Det store skiftet

Så kom skiftet: I 2019 opna Kristdemokraternas leiar, norsk-ætta Ebba Busch, for at partiet kunne inngå politiske avtalar med Sverigedemokraterna. I ettertid har resten av opposisjonen følgd etter i ei pragmatisk tilnærming til Åkessons SD. Dei har ingen sjanse til å ta fleirtalet i Riksdagen utan å støtte seg på mandata til partiet som tidlegare vart behandla som spedalske. No er tonen så endra at Ulf Kristersson, leiaren for Moderaterna, har måtte presisere at det ikkje er naturleg å la Sverigedemokraterna leie ei eventuell borgarleg regjering etter valet. Det er med andre ord så godt som opna for at partiet kan delta i ei ny regjering.

Måten dette skiftet har skjedd, har vore ein stor tabbe for Moderaterna, som no kan ende opp som dobbel tapar i det svenske valet 11. september.

For det første fungerte aldri isoleringa av SD. Partiet vaks seg berre større og større. Mange veljarar meinte partiet tok opp saker som dei andre partia var for «politisk korrekte» til å ta i – som til dømes innvandringsspørsmålet. No har dei andre partia flytta seg i retning av SDs innvandringspolitikk, men SD veks framleis.

Mykje tyder på at den årelange stigmatiseringa av SD, var for sterk.

Mørkt for Moderaterna

For det andre kom skiftet frå dei borgarlege partia – som tidlegare stødde opp under isoleringa av SD – altfor brått på. Viss det ikkje var noko i vegen med SD, kvifor kan ikkje folk berre stemme på partiet i staden for Moderaterna? Slik har nok mange borgarlege veljarar tenkt. I alle fall viss vi skal tru dei siste meiningsmålingane som viser at Sverigedemokraterna ligg an til å bli klart større enn Moderaterna.

For det tredje tener venstresida – og den sittande sosialdemokratiske statsministeren Magdalena Andersson – på at høgresida vil ta SD inn i varmen. Frå partistrategane i Socialdemokraterna legg dei no opp til å konfrontere Åkesson og SD – ikkje Kristersson og Moderaterna – i dei siste debattane og duellane før valet.

Ved å gjere Sverigedemokraterna til hovudmotstandaren som det største partiet på borgarleg side, kan venstreregjeringa lettare sikre seg attval.

For Moderaterna ser det derfor mørkt ut, utan verken statsministermakt eller posisjon som parti nummer to i svensk politikk.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar