Kommentar

Tanken om det «reine» Europa finst framleis

Her er ei melding til alle høgreekstreme, og spesielt dei som sit på ei isolert fengselscelle i Norge: Islam er europeisk, og har vore det i hundrevis av år. Det finst ikkje noko «reint» Europa.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei tre mennene lente seg framover, la hendene og hovuda på det orientalske, raudfarga teppet og bønfall Allah. Ute var det kring 38 varmegrader, så moskeen gav ei sval pause frå heita. Som einaste turist i den rikt utsmykka Koski Mehmet Pasha-moskeen i Mostar, kunne eg sitte heilt bak og sjå dei bosniske muslimane tilbe guden sin. Slik har dei gjort det i fleire hundre år, heilt sidan moskeen vart bygd i 1618. Sollyset kom inn gjennom den vakre mosaikken i kuppelen over oss. Å sitte der fekk på merkeleg vis tankane tilbake til Norge, til det grufulle som skjedde for elleve år sidan.

Nato-bombinga som inspirerte Breivik

Denne sommaren har eg reist rundt på Balkan, og sett dei hjarteskjerande resultata av folkemord, etnisk reinsing og borgarkrigen som skjedde her for 20–30 år sidan. På ein måte var det nesten det same dei prøvde å gjere her, som barnedrapsmannen og massemordaren Anders Behring Breivik prøvde på 22. juli 2011: Å stoppe muslimane, skremme dei bort og skape rasekrig.

I det såkalla manifestet var terroristen ærleg på at han fann inspirasjonen her. Faktisk la han skulda på Nato-bombinga av «sine serbiske brør», i kampen mot dei albanske muslimane om Kosovo, for at han valde å gjennomføre terroren.

Ord betyr noko, slik propaganda, falske nyheiter og hatretorikk i opptakta til krigen i det tidlegare Jugoslavia viste å ha ei tragisk sprengkraft på 1990-talet.

Naboar som drap naboar

Her i Mostar, der eg skriv denne teksten, prøvde dei katolske kroatane å utslette byens muslimar. Meir enn 15.000 bosnjakar vart haldne i konsentrasjonsleirar, tusenvis vart drepne og fleire forfølgd. Naboar drap naboar.

Utan fiendebilete, ingen ekstrem ideologi. Dei som snakkar om snikislamisering og konspirasjonsteoriar om at muslimane vil overta Europa, er enten historielause eller kunnskapslause.

—  Emil André Erstad, kommentator

Dei kroatiske styrkane øydela 17 moskear og raserte til slutt byens verdskjende og verna gamlebru – med granatkastar. Slik vart den vestlege delen av Mostar reinska for muslimar. Målet var eit etnisk «reint» område, akkurat slik målet til høgreekstreme er å halde på det «reine» Europa.

Også dei serbiske krigsforbrytarane tok i bruk alle middel for å kvitte seg med dei bosniske muslimane.

«Dei skal føde våre born»

Serbiske styrkar oppretta fleire leirar for systematisk valdtekt av muslimske kvinner. Målet var ikkje berre å audmjuke, skremme og degradere desse kvinnene, men serbarane var òg bekymra for dei låge fødselstala blant sine eigne. Muslimske kvinner i Bosnia fødde langt fleire born. No skulle dei føde serbiske born, bestemte dei blodtørstige, serbiske soldatane. I Bosnia reknar dei med at 50.000 kvinner vart valdtekne i krigsåra.

På barnekrigsmuseet i Sarajevo er forteljingane til fleire av borna som vart fødd på denne måten, utstilt.

I den bosniske byen Višegrad, til dømes, var målet å reinske byen for «dei mindreverdige og genetisk defekte muslimane», slik biologiprofessoren og den bosniske politikaren Biljana Plavšić uttalte. I dagevis kom lastebilar med bosnjakiske fangar til den berømte brua som er skildra i boka til nobelprisvinnaren Ivo Andrić – Broen over Drina. Der vart dei drepne og dumpa i elva, ofte etter tortur og valdtekt.

«Hemn over tyrkarane»

Mest kjend er kanskje massakren i Srebrenica, der kvinner og born vart køyrt bort i bussar for å hamne i tryggleik. Menn og gutar mellom 11 og 65 år vart deretter samla, og slakta ned som dyr. Då generalen for den serbiske militsen i Bosnia, Ratko Mladić, inspiserte byen dagen etterpå uttalte han at serbarane hadde «tatt hemn over tyrkarane».

«Muslimane var her aldri», var det fleire serbiske generalar som postulerte etter å ha «reinska» bosniske landsbyar. Slik omskreiv dei historia, fordi det var det dei måtte gjere. Det er det dei høgreekstreme må gjere.

Utan fiendebilete, ingen ekstrem ideologi.

Historielaust og kunnskapslaust

Dei som snakkar om snikislamisering og konspirasjonsteoriar om at muslimane vil overta Europa, er enten historielause eller kunnskapslause.

Sanninga er at islam i fleire hundre år har vore ein europeisk religion, på lik linje med all anna religiøs tru som finst på kontinentet vårt. Reiser ein rundt i Bosnia ser ein overalt moskear og minaretar som har stått der lenge før høgreekstreme tok fatt på tastatura og nettforuma sine, heilt sidan dei ottomanske erobrarane kom frå Tyrkia på 1400- og 1500-talet. Dei bosniske muslimane bur i små landsbyar der folket snakkar det same språket og ser like ut som folket i dei katolske eller ortodokse nabolandsbyane.

Likevel finst det medisin. Det handlar om å sei oss, når nokon peikar ut dei. I møtet med vondskap er det den viktigaste jobben.

—  Emil André Erstad, kommentator

Nettopp tanken på eit Europa som var reint, kristent og foreint – før dei muslimske innvandrarane kom for å øydelegge, er framleis sterk mange stader i Europa. Kanskje har den til og med blitt sterkare i åra etter at Breivik gjennomførte terrorangrepet. Likevel er det nok få stader den har like sterke røter som her på Balkan.

Oss, ikkje dei

Kanskje var det òg grunnen til at 22. juli-terroristen søkte hjelp og inspirasjon nettopp herifrå. Terroristen såg ut til å vere heilt oppslukt av Balkan, noko eit ordsøk i manifestet hans viste: Ordet «Kosovo» har 143 treff, «serbar» har 341 treff, «Bosnia» 343 og «Albania» 208. Srebrenica er ikkje nemnt. Dei muslimske albanarane eller bosnjakane vert i manifestet skildra som ein vondskapsfull hær av jihad-krigarar. Breivik ytra òg ønske om å få møte Radovan Karadžić – den serbiske leiaren som vart dømt til livstid av krigsforbrytardomstolen i Haag for folkemord, krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeheita.

Vi må aldri undervurdere hatet og vondskapen. Kollektivt hat kan vere skremmande effektivt for å oppnå grufulle gjerningar.

Likevel finst det medisin. Det handlar om å sei oss, når nokon peikar ut dei. I møtet med vondskap er det den viktigaste jobben.








Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar