Nyheter

Den slitsame lesinga

Ifølge Statsministerens kontor er Erna Solberg på nivå 304 i spelet Candy Crush.

– Skal me få ein statsminister som spelar C-a-n-d-y C-r-u-s-h? sa eg høgt og vantru då eg såg bildet av Erna Solberg med Ipaden sin, like etter valsigeren. I følgje nettavisene likte ho å slappe av med godteri-versjonen av «tre på rad».

I følgje fordommane mine burde ein statsminister heller lesa ei bok når ho slappar av. Helst ei frå Samlaget, eller noko Jonas Gahr Støre ville hatt på nattbordet.

Men Erna Solberg er dyslektikar. Gjennom iherdig innsats har ho tilegna seg det fagfolk kallar «hensiktsmessig leseferdighet». Like fullt seier det seg sjølv at etter uendelege bunker med sakspapir er ikkje lesing førstevalet når ho skal slappa av. Unnskyld, Erna! Eg unner deg alle candy crush-poeng du kan få.

Alle d-ane i «bibliotek»

Heilt til nyleg låg kunnskapsløysa som ei tung skodde over dysleksien og hylla han inn i fordommar om dumskap og slurv. Sjølv Erna Solberg trudde at dei dårlege karakterane hennar handla om at ho ikkje jobba hardt nok eller var like flink som andre. Ikkje mindre imponerande er dysleksien sin «hall of fame» full av dyktige folk som Trine Skei Grande, Knut Arild Hareide, Kjell Inge Røkke og Anne Grete Preus.

Men dei fleste dyslektikarar er som oss andre, folk som har meir nok med å leva eit vanleg liv. Når du har vanskar med å lesa heilt vanleg tekst, kan eit vanleg liv vera ganske slitsamt. Då Aftenposten spurde Trine Skei Grande kva hennar aller verste ord var, svarte ho «bibliotek, med masse b-ar og d-ar». For henne har det alltid vore klin umuleg å sjå forskjell på bokstaven med «ryggsekk» og den med «mage». Det aller verste ordet til Erna Solberg er «institusjonalisert».

Forenkla språk

Ein million vaksne nordmenn slit i større eller mindre grad med å lesa og skriva. Ein million! Omtrent 300.000 er på det lågaste av fem nivå, og mange av dei er i praksis analfabetar, viser ei undersøking frå 2013. Dei fleste av disse må klara seg sjølv ute i ordjungelen. Å sjå ein såkalla eye tracking-video av korleis ein dyslektikar les ein artikkel på ei nettside gjer nesten vondt. Alle dei ekstra rørslene fram og tilbake, for å prøva å dekoda kva setningane handlar om, gir eit lite innblikk i kor slitsamt det er.

Nå har heldigvis Stortinget einstemmig vedtatt at alle nettsider skal kunna brukast av alle, uavhengig av funksjonsnivå. Til dømes skal dei vera tilpassa programvare som les opp innhaldet. Men der er ingen teikn til at sjølve språket på nettsidene skal møta tilpassingskrav, sjølv om både staten og fleire kommunar jobbar med å forenkla språket i forvaltninga.

Snobberi

I svært mange samanhangar finst det dessverre ein sterk skepsis til å formulera seg kort og enkelt, ikkje minst i fagmiljø. Redsla for prestisjetap kan vega tyngre enn ønsket om å bli lesen og forstått av mange. Ein journalist fortalte meg at mange akademikarar sender sitata tilbake frå sjekk, fulle av forvanskingar. Eit typisk døme: «Bibelen» blir endra til «bibelmaterialet». Sikkert meir presist, men dobbelt så vanskeleg å lesa.

Ikkje alle tekstar kan vera frie for faguttrykk, men eg meiner snobberiet burde gått andre vegen: Det burde vera prestisjefylt å bli forstått av folk flest. Det er oppskrytt å skriva flinkt og langt når det er vanskeleg for ein million nordmenn å lesa det. For ikkje å gløyma, at den andre millionen kanskje ikkje ein gong gidd. Der er jo så mykje anna å bruka nettet til. Candy Crush, for eksempel.

I følgje Statsministerens kontor er Erna Solberg på nivå 304 i spelet. – Ho speler ikkje så mykje. Er litt lei, men hadde nokre rundar på veg heim frå ferie, opplyste rådgivaren hennar til Dagens Næringsliv i vår.

Les mer om mer disse temaene:

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter