Teater

Snart klar med ­taterteater

Tippoldefaren til skodespelar Gjertrud Jynge starta «omstreifarmisjonen». No er familiehistoria blitt bakgrunn for eit komande teaterstykke.

I går skreiv Vårt Land om Mona Gustavsen som blei nekta jobb som drosjesjåfør fordi ho er tater. Hendinga føyer seg inn i ei lang rekke av vonde opplevingar som taterfolket er blitt utsette for i Noreg. Tematikken er altså framleis aktuell når skodespelar Gjertrud Jynge snart kjem med teaterstykket På landevegen på Det Norske Teatret. Her fortel ho ei historie som strekkjer seg heilt attende til hennar eigen tippoldefar, Jakob Walnum, soknepresten som i 1897 stifta «foreningen til motarbeidelse av omstreifervesene». Ei foreining vi kjenner under namnet «omstreifarmisjonen».

– Eg har alltid visst om misjonen, for farmor prata mykje om han, men eg hadde vel eigentleg aldri sett meg inn i kva det var for noko, seier Gjertrud Jynge til Vårt Land.

LES OGSÅ: Sjokkert over Monas historie

Meir enn familiehistorie

Jakob Walnum vart fødd inn i ei presteslekt som kan førast attende til 1500-tallet. Etter kvart forstod Jynge at forteljinga om Walnum og omstreifarmisjonen ikkje berre var ei interessant familiehistorie, men også ei historie som var godt stoff for teateret. Ho nemnte ideen for teatersjef Erik Ulfsby og dramaturg Carl Morten Amundsen, og fekk brått høvet til å gå vidare med ideen då det blei ei opning i repertoaret på teateret.

– Eg har funne mykje spennande material. Mellom anna gav misjonen ut eit månadsmagasin som heitte «Fra landeveien». Oldemor mi jobba der som ekspeditrise. Seinare blei tittelen endra til «På hjemveien». Tippoldefar skreiv i bladet at målet med misjonen var å bringe tatarane attende til dei heimane dei hadde forlate, fortel Jynge.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Hat mot reisande

Skodespelaren har lært mykje nytt i arbeidet med teaterstykket. Blant anna var ho i haust på Holocaust-senteret og såg førestellinga Resandeblod. Der blei ho kjent med ordet antisiganisme, som uttrykker hatet som er blitt retta mot sigøynarar, tatarar og rom-folk. Den kritikarroste svenske førestellinga av Benny Åkerfeldt og Pelle Jageby fortel dei reisande si historie gjennom forteljingar og musikk, og er blitt synt over 350 gonger sidan premieren i 2009.

– I di eiga førestelling brukar du også song og musikk, blant anna med råsterke tekstar om Jesu blod. Korleis er det å synge desse?

– Teksten du refererer til er ein romani-song. Det som forundrar meg er at mange av desse menneska, på trass av forfølginga dei er blitt utsette for, ikkje har mista gudstrua si. Mange av songtekstane deira inneheld sterk gudstru, og sterk livskraft. Det er musikk som appellerer sterkt til meg, seier Jynge.

LES OGSÅ: Mener taterne fremstilles som dinosaurer

Brukar songar

I teaterstykket På landevegen brukar ho både songar frå dei reisande, som den nemnde romani-songen «Eg er på vandring», og songar frå omstreifarmisjonen si eiga songbok.

– Songboka var vanskeleg å få tak i, men til slutt fekk eg avfotografert henne på Nasjonalbiblioteket. I tillegg har eg funne ein Elias Blix-tekst som aldri har fått sin eigen tone. Denne vurderer vi også å ha med i stykket.

LES OGSÅ: Tatere og jøder henvises til historiens skraphaug

På landevegen skal settast opp på Det Norske Teatret i april, tre månader etter premieren på Ibsens Brand.

– Dei reisande opplever framleis usynleggjering. Eg ser klare parallellar til Brand som gløymde at Gud er kjærleikens Gud, seier Gjertrud Jynge.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Teater