Kultur

I møtet mellom tru og forsking

– At det finst medisinske forklaringar på mirakla Jesus gjorde, er med på å styrke historiene, seier historikar og ateist Per Bjarne Ravnå.

Er det mogleg å stadfeste eller avkrefte den kristne religionen med vitskapeleg gransking? Er det mogleg å finne ut om Jesus var guddommeleg? Desse spørsmåla er utgangspunktet når historikar og ateist Per Bjarne Ravnå skulle skrive bok om den historiske Jesus.

– Det finst knapt tekstar i menneska si historie som er så gjennomstuderte som evangelia, seier Ravnå til Vårt Land.

Likevel var det ingen tvil om at dette var noko han ville gi seg i kast med.

– Det som er så spennande med denne forskinga, er at både truande og ikkje-truande skriv historiefagleg frå sitt ståstad om Jesus. I skjeringsfeltet mellom tru og forsking ligg det mykje interessant, om korleis både religionen og historiefaget verkar, det er eit møte mellom to verdssyn.

Verkelegheitsbilde

Mykje har vore skrive om den historiske Jesus, og dei siste åra har det vorte skrive endå meir enn vanleg, men Ravnå meiner likevel at han skriv frå eit anna utgangspunkt.

– Eg ville gjere eit forsøk på å undersøkje om Jesus var Guds son eller ikkje. Det er eg ikkje kjend med at ein «sekulær» historikar med ikkje-teologisk bakgrunn har gjort, seier Ravnå, som elles driv med forsking på antikken og politisk historie ved Nord universitet.

– Det er veldig lite eg som ateistisk historikar er usamd med dei kristne om, men det kjem til eit punkt der eg ser at Jesus ikkje var guddommeleg, medan dei kristne ser det motsette – sjølv om vi bruker dei same kjeldene. Då blir det avdekka at vi ikkje lever i den same røynda.

At vi ikkje opplever det slik til vanleg, meiner han er fordi det først er i samband med heilt sentrale religiøse spørsmål at vi nærmar oss desse grensene.

– Eg visste jo på førehand at eg ville nå berre eit visst stykke på vegen før det er mitt verkelegheitssyn snarare enn forskingsmetodane som vil bestemme konklusjonen. Men eg ville undersøke kor langt ein ateistisk og ein truande historikar kan kome kvarandre i møte, før verdssynet skaper ein vegg mellom dei.

Etter ein grundig gjennomgang av kva kjelder som finst, og kva kjelder Ravnå legg til grunn for si forsking, går forskaren kronologisk gjennom forteljinga om Jesus slik vi kjenner henne frå Bibelen med utgangspunkt i ei rekke kjeldekritiske kriterium.

– Dette er som i all historiefagleg forsking, der eitt spørsmål er heilt sentralt: Gitt det vi elles veit – verkar dette sannsynleg?

LES MEIR: Rokkar ved kristendommens Jesus

Stort sett riktig

Hovudtrekka i historia slik evangelia fortel dei, trur Ravnå er riktige.

– At Jesus reiste rundt og forkynte, er svært sannsynleg. Jødane var på denne tida undertrykt av romarane, og misnøgde med sine eigne leiarar. Det fanst mange profetar som såg teikn til at Guds rike var nært føreståande.

Han trur også det stemmer at Jesus hadde rykte på seg for å lækja folk og drive ut demonar.

– Men ikkje at han faktisk gjorde det?

– Sjukdom på denne tida var oppfatta som nært knytt til noko religiøst. Mykje kan tyde på at dei lidingane han lækja, var psykosomatiske – han lækja til dømes aldri opne sår eller brotne bein, men blinde, lamme og folk med hudlidingar.

– Men det at det finst medisinske forklaringar på det, er med på å styrke historiene, det gjer at det er meir sannsynleg at det har skjedd – at det var ein mann ved namn Jesus som reiste rundt og var kjend for å gjere sjuke friske, sjølv om det ikkje er bevis for at han var guddommeleg.

Til live

Det finst også mirakelhistorier som er vanskelegare, for ikkje å seie umogleg, å forklare vitskapeleg, som då Jesus vekker Lasarus, eit fire dagar gamalt lik, til live.

– Eg gjorde eit eksperiment når det gjaldt mirakelhistoriene, som eg ikkje har sett gjort før. Eg gjekk gjennom dei systematisk for å sjå kor sterkt dei stod kjeldekritisk sett og samanlikna det med kor lett dei er å forklare med moderne vitskapelege kunnskapar. Det viser seg at dei mirakelhistoriene som er best belagt i kjeldene, og er dei som er lettast å akseptere innanfor rammene av vårt vitskapelege verdsbilde, og omvendt.

Dette meiner han kjem spesielt tydelig fram i historiene om å vekke døde. Ein av dei tre døde Jesus skal ha vekt til live, dottera til Jairus, kan ifølgje Ravnå ha vore medvitslaus av ein febersjukdom.

– Forteljinga står i Markusevangeliet og står av fleire grunner kjeldekritisk sterkt, og ho er heller ikkje umogeleg sett i lys av moderne medisinsk kunnskap.

Forteljinga om Lasarus, som er umogeleg å akseptere ut frå eit vitskapeleg verdsbilete, meiner han derimot står svakt kjeldekritisk.

– Historia er full av overdramatiske detaljar og storslagne teologiske utsegner frå Jesus. Om ein kristen skulle ha dikta opp ei historie for å overtyde om at Jesus var Messias, er det nett ei slik historie ein ville ha venta.

Forteljinga finst dessutan berre i Johannesevangeliet, som er det evangeliet som vart sist skrive ned.

– Om noko så spektakulært skjedde, med så mange folk til stades, kvifor skriv ikkje dei andre evangelistane om dette? Det må jo ha vore ei kjend historie om ho var sann?

LES OGSÅ: Maria har alltid speila kvinneideal

Gir det meining?

Dei siste åra har fleire og fleire kristne forskarar argumentert for at ein fysisk oppstandelse, ikkje berre åndeleg, faktisk har skjedd, og det er på dette feltet vi ifølgje Ravnå tydelegast ser forskjell på forskarane som trur og dei som ikkje trur: Dei ateistiske avviser at Jesus stod opp frå dei døde, mens dei fleste truande meiner at han gjorde det.

– Korleis kan dei kome fram til eit så forskjellig resultat?

– Noko av forskjellen ligg nok i framgangsmåten. Dei som ikkje trur, går kjeldekritisk til verks ei kjelde av gongen, og finn ikkje noko som tyder på at Jesus stod opp frå dei døde i granskinga av sjølve teksten. Dei truande meiner at ein slik gjennomgang ikkje er gyldig, fordi tolkinga vår av kjeldene alltid vil vere prega av verdssynet vårt. Vi må sjå på resultatet, seier dei: at kristendommen oppstod. Folk var så overtydde om at dette hadde skjedd at dei heller gjekk i døden enn å gi opp trua si. Noko heilt eksepsjonelt altså ha skjedd.

For Ravnå er dette å sette kjeldekritikken ut av funksjon. Likevel får han eit problem i møte med dei truande forskarane. Spørsmålet om kva som er sant eller ikkje sant i historiefaget handlar til sjuande og sist om ein ting: Gir dette så mykje meining at du klarer å overtyde andre historikarar om det same? Og det klarer han ikkje med dei som trur.

– Det er alltid eit eller anna som bergar verdsbildet ditt. Eg meiner det er forklaringa på at dei kristne trudde at Jesus stod opp. Då han døydde, raste framtidshåpet deira saman, og med det verdsbildet dei hadde bygd seg opp utifrå hans forkynning. At han stod opp att, var løysinga for dei, og då var det ikkje så rart at dei greip til halmstrå.

– Men det same gjeld for deg også, det er alltid noko som bergar verdsbildet ditt?

– Ja, det kan du seie. Med denne boka ville eg så gjerne kome meg heilt fram til kanten av den hengemyra det er å sitte fast i eit verdsbilde, men jo nærmare du kjem oppstandelsen, jo vanskelegare blir det. Og det er slitsamt å stange i verkelegheitsveggen heile tida. Eg kjende meg nett som Peer Gynt i møtet med Bøygen. Kor du enn snur deg, så møter du di eiga forståing av røynda.

Skrelle vekk

Karl Olav Sandnes, professor ved MF, trur at Jesus-forskarar metodisk sett går fram ganske likt i møte med kjeldene. Han har ikkje lese Ravnås bok, men meiner å kunne spore ein større optimisme hos Ravnå når det gjeld kva ein kan finne ut om den historiske Jesus.

– Trua på oppstandelsen kastar lys over alle hendingane i evangelia, og det å skulle skrelle dette vekk når ein går inn i kjeldene, er vanskeleg, seier han.

Når det gjeld mirakelhendingane, meiner Sandnes at dei fleste slike historier har det ved seg at dei i prinsippet er moglege.

– Men er det slik historiene fortel om det? Er det slik folk hugsa han? For Jesus vart hugsa. Ein kan ikkje bevise oppstandelsen, men ein kan bevise trua på oppstandelsen.

Fleire saker i vår serie om forsking finn du her

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur