Bøker

Havet, døden, kjærleiken – og keeperen

Etter tolv år kjem Maria Parr med ­oppfølgjaren til «Vaffelhjarte». Men ho trur ikkje ho orkar å fylgje Trille og Lena vidare inn i puberteten.

Kritikarane snakkar allereie om ein klassikar – før boka er å ­finne i bokhandlarhyllene. Maria Parr har skrive tre barnebøker på 12 år, Tonje Glimmerdal var det store gjennombrotet i 2009. Og sjeldan har så få bøker henta fram så mykje skryt frå så mange kritikarar. No er Keeperen og havet i ferd med å sanke inn ei tilsvarande mengde lovord.

Keeperen og havet er ikkje ei toar-bok. Dei som ventar på det, vert skuffa. Hovudkarakterane er eldre, og tankane meir kompliserte, seier ho.

Vidare verd

Maria Parr hugsar godt tida fram mot den skremmande ungdomsskulen. No skal Lena og Trille «rule» i sjuande klasse på barneskulen.

– Dei møter ei større verd, og finn ut at det som har vore etablerte sanningar, brått ­møter ­alternative løysingar. Trille oppdagar eksempelvis at farfaren, som alltid har vore der som ein stolpe i tilværet, har hatt eit eige liv – og sine eigne refleksjonar. Det tilfører både komikk og ­vemod til relasjonen dei to generasjonane imellom, fortel Parr.

Keeperen og havet, Maria Parr.

Ho har tidlegare sagt at grunnoppskrifta hennar er å skrive om kjærleiken, døden og havet – med litt humor.

– Litt fleipete formulert. Eg kan heller ikkje skryte på meg for mykje hav frå oppveksten, det blir vel rettare å kalle det ein fjordarm. Men biletet kan ­fungere om ein tenkjer seg at Trille og Lena tek steget frå fjøre­steinane og ut mot det opne havet – med ein breiare horisont enn tidlegare. Det er noko av det Keeperen og havet handlar om, at dei møter nye utfordringar gjennom ein auka aksjons- radius, fortel ho.

– Var du like full av ­kreativt fanteri i same alderen som Lena?

Maria Parr vegrar seg mot spørsmålet med eit lurt smil, og håpet om eksklusive røvarhistorier fell til jorda. Ho er ikkje begeistra for å bli samanlikna med romankarakterane.

– Eg var ikkje den ustyrlege og tøffe Lena, men det har gått meg bra i livet likevel. Eg ber sjølvsagt med meg min eigen barndom, og du finn heilt sikkert element frå alle karakterane i meg. Trille er nok den eg står nærast, ein litt meir tenksam og tilbakehalden karakter enn den ville Lena.

LES ANMELDELSE: Klokt og fantete om livet 

Når fram

Lena er «alltid den første til å hoppe frå høge ting», men Maria Parr utleverer ingen i bøkene sine.

– Det er fri dikting, ingen av mine næraste skal vere redde for å bli utleverte i neste bok, slår ho fast.

Mange påpeikar at Maria Parr «bommar» på målgruppa si – problemstillingane famnar langt oppover i alder.

– Eg har mange vaksne lesarar, og dei kan kome med kloke innspel. Men eg skriv for barn – og ferdig med det. Etter kvart er eg blitt meir og meir opp­teken av den formidlarrolla eg har som forfattar. Den store ­lakmustesten på den nye boka er ikkje kva dei vaksne kritikarane skriv. Men når eg står for første gong med boka i eit klasserom og skjønar at eg har nådd fram med eitt ­eller anna – då søkk skuldrene på plass, fortel ho.

– Lesaren eig ei bok i like sterk grad som den som har skrive boka. Det er ingen fasit, og ­ingen kan ta frå deg tankar og følelsar du kjem fram til gjennom lesing, meiner Maria Parr.

Inn i leseopplevingane

Ho er meir oppteken av vaksenrolla når det gjeld å påverke lesevanar hos barn.

– Mellom ungane og den gode barneboka står det alltid ­vaksne folk. Det er eit stort ansvar – og ei stor moglegheit. Vi må ikkje gløyme at dei treng hjelp til å kome inn i dei gode leseopp­levingane. Her har foreldre og lærarar eit stort ansvar. Dei kjenner ungane og har dei beste føresetnadene for å leie på rett veg. Ikkje alle vert lesehestar, og det må også vere lov å lese ­barnelitteratur med lite motstand. Eg las sikkert femti Hardygutt-bøker og vil ikkje disse andre sine lesevanar. Vi skal ha respekt for lesegleda, og håpe at det også vert plass til dei viktige leseopplevingane, seier Maria Parr.

– Du klarar å kombinere ­fanteskap og klokskap i ­bøkene dine?

– Eg prøver. Men ­førsteutkastet til Vaffelhjarte var ei overdådig samling av tjollahopp og tjollahei. Fanteskapet måtte skrivast ned. Men eg trur ungar set pris på dei litt annleise inngangane til dei menneskelege tankane som forhåpentlegvis melder seg, vonar ho.

Ho meiner at den munnlege forteljartradisjonen ho vaks opp i, har vore avgjerande for at ho enda opp som forfattar. Her var det plass til både den ­underfundige kommentaren, dei slagferdige replikkane og dei ­elleville forteljingane.

– Eldst av fire søsken hadde eg eit lydig publikum og fekk god øving i høgtlesing. Og når eg skriv i dag, auser eg i stor monn frå den rike kjelda av forteljartradisjon som sette fargar på kvardagen i min eigen barndom, fortel ho.

Stor samanlikning

Maria Parr er blitt van med å verte saman­-
likna med Astrid Lindgren. Ho føler 
at det både treff – og bommar.

– Samanlikninga er urettferdig, seier ho på vegne av Astrid Lindgren.

– Men Astrid Lindgren var den som gav meg dei første store og avgjerande leseopplevingane. Samtidig sette ho ein uslåeleg standard. Eg vil ikkje skrive som henne, men eg reserverer meg retten til å ha ein ambisjon om å skape noko tilsvarande. Eg vert veldig glad om eg kan klare å kakke på dei same strengane som ho trefte i meg, seier Maria Parr.

Tidlegare vart ho kalla nynorsk barnebokforfattar.

– Eg trivst godt med å vere barne­bokforfattar, og har aldri opplevd at barn har kome med tilbakemeldingar på nynorsken. Eg er veldig takksam for å kunne bruke hjartespråket mitt, nært opp til talemål og gjerne med dialektord – og vite at eg på same tid er innanfor alle normer, seier ho.

– Kjem det fleire bøker om Lena og Trille?

– Det tvilar eg på. Eg vert sveitt berre ved tanken på å skulle fylgje dei inn i ei pubertal ungdomstid, seier Maria Parr.

Les mer om mer disse temaene:

Lars O. Flydal

Lars O. Flydal

Lars O. Flydal har i mange år vært journalist og fotograf i Vårt Land, og har dekket både kultur- og kirkeliv.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker