Kunst med nærvær
Karl Ove Knausgård nærmar seg Edvard Munchs kunst med nervøsitet og entusiasme. Og lukkast med å opne nye eksistensielle rom.
Kunnskap og kjensler: Karl Ove Knausgård er ein tidvis springande, men både kunnskapsrik og entusiastisk formidlar av Munchs kunst, skriv kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Edvard Munch er Noregs mest internasjonalt kjente kunstnar. Karl Ove Knausgård er på veg til å bli Noregs mest internasjonalt kjente forfattar. No møtest Knausgård og Munch i form av kunstutstillinga Mot skogen – Knausgård om Munch på Munchmuseet, og i boka Så mye lengsel på så liten flate.
Kunnskapsrik
Knausgård er ein tidvis springande, men både kunnskapsrik og entusiastisk formidlar av Munchs kunst. Det er tydeleg at denne kunsten treff noko i han, slik han gjer det i dei fleste av oss. I tillegg har Knausgård evna til å formulere kjenslene sine i møte med dei ulike kunstverka på ein frisk og ofte nytenkande måte. Og han maktar å vere nærverande i kunsten.