Når hans dikt i utval no er kome under den råkande ironiske tittelen Offentlig ømhet, gjev det oss høve til eit større oversyn over denne diktinga (og det er vel noko av meininga med eit slikt utval) og om mogeleg peila han betre inn i det litterære landskapet.
Mange retningar
Det siste er ikkje så enkelt, for han står mange stader og han slår i mange retningar. Han nemner sjølv i eit etterord at Derrida var viktig for han alt i utgangspunktet, og spelar med i debutsamlinga Retninger (1982). Det er mangt der til å få bakoversveis av, både bannord og anna «styggedom», men først og fremst las eg debutboka som ein freistnad på ei orientering, og på å slå hol i tradisjonsvegger. Postmodernismen er sjølv blitt «post» og passé, det går kvikt i svingane, men Øyvind Berg er påfallande stabil i den posisjonen han inntok alt frå byrjinga av.
For det er jo ikkje berre Derrida og dekonstruksjon, ikkje berre utprøving av det postmoderne «prosjektet», ikkje berre riving av estetiske og etiske vegger, det er òg nyorientering i arven etter surrealistane og interessa for eldre japansk poesi.
LES FLERE BOKANMELDELSER HER
Råskapsestetikk
Det er mykje i denne poesien som virkar vulgært, og det er nok ein del av det rivningsarbeidet som eg opplever som eitt av dei store måla for poeten Øyvind Berg: Å riva ned tradisjonens estetiske byggverk, fasadar, veggflatene, alt som hemmar både utsyn og innsyn til erkjenning. Ein slags lågplans- eller råskapsestetikk, som metode og instrument. Då må ein tola både tabuord og respektlaus omtale av det som for andre er heilag.
LES OGSÅ: «Ein nesten kviskrande poetisk røyst»
Sekulær humanisme
Dette siste, spørsmålet om det heilage, dukkar opp ved nylesinga av Bergs poesi. Og kvifor eg ikkje blir opprørt over blasfemi i strofene, har nok sin gode grunn i at det skal tru til for å vera i stand til å ytra noko blasfemisk, noko T.S. Eliot har forklara oss med biletet av den etterplaprande papegøya. Det er interessant å lesa Øyvind Bergs poesi som uttrykk for ein sekulær, gudlaus humanisme, truleg kjem kvalitetane i denne diktinga best fram slik.
LES OGSÅ: Poesi om tørre klimafakta
Det lysande
Ein god del i denne poesien har karakter av innfalls- og nedslagsord, kvikke påfunn som – det òg må seiast – stundom vert nokså likegyldig for denne lesaren. Desse står då saman med dikt av heilt annan karat, kanskje i tråd med postmoderne shopping. Poenget med dette er å peika på at det finst verkeleg store, ja lysande dikt og delar av dikt inne blant grus og gråstein.
Og kanskje må det vera slik i Bergs metode? At alt må ut for at det lysande kjem opp i dagen. Størst som poet er han nok i samlingane Blindedikt (2010) og den ganske ferske Gjennom mørketida (2014).
LES OGSÅ: «Ei heilt særeiga røyst er tilbake etter ni år»
Utilpassa
Det politiske ærendet og det poetiske uttrykket har alltid hatt naboskap i Bergs poesi, gjerne budd i same hus og same dikt. Partidikting (som i så mykje norsk 70-talslyrikk) er det ikkje, men som oftast uttrykk for opprør mot urett og fordommar, han inntar heller posisjonen som sosialt utilpassa enn som ideolog.
Gjennom mørketida ber preg av hans røynsler frå Bosnia, tett på notert, men med poetiske overskot i det tragiske. Her finn vi òg poetisk lysande formuleringar som
.....
Du snakker
som tynt snøfall over stiene
som ørsmå løvhjerter i vinden
som saftiggrønn mose på solvarm grantitt
Knut Ødegård
anmeldelse@vl.no