Briljant om Berlin
Den tyske spelefilmen En natt i Berlin består av eitt einaste langt klipp. Det halsbrekkande filmprosjektet lukkast optimalt.
Filmen En natt i Berlin viser oss eit energisk møte mellom spanske Victoria (Laia Costa) og gjengen til tyske Sonne (Frederick Lau, t.v.). Eit imponerande filmprosjekt, meiner vår meldar.
Utgangspunktet for det tyske spenningsdramaet En natt i Berlin er spesielt: Heile filmen er skoten i ei einaste tagning.
For å rydde unna alle eventuelle misforståingar om at dette er ein lettvint måte å lage spelefilm på: Det er eit svært vanskeleg prosjekt å lage god film med berre eitt klipp. Særleg er det krevjande med dramaturgien, og skodespelarane kan ikkje gjere (alvorlege) feil.
Det blir også feil å samanlikne eit slikt filmprosjekt med gateteater. Støttefunksjonane på filmsettet er mykje meir omfattande. Og alt skal formidlast gjennom eit einaste filmkamera, i dette tilfellet operert av nordmannen Sturla Brandth Grøvlen.