Anmeldelser

Vi treng ikkje ønske Jon Fosse tilbake til teatret

KOMMENTAR: Med den Ibsenpris-vinnande monologen «Slik var det» er Jon Fosse tilbake som dramatikar. Spørsmålet er om han ikkje eigentleg alltid har vore på teaterscena.

For ti år sidan år sidan sa Jon Fosse at han ikkje ville skrive fleire teatertekstar. Men så, i fjor, dukka den nyskrivne monologen Slik var det opp. Førestillinga vart sett opp på Den Nationale Scene i Bergen med skodespelaren Gerald Pettersen og vann nyleg den nasjonale Ibsenprisen.

Det er all mogleg grunn til å ønske Fosse tilbake til teaterscena. Vi er etterkvart mange som gleder oss over at desse utsegnene om at den dramatiske raptusen var over, vart følgd av det dramatikaren Fosse ville kalla lang pause, og ikkje av eit av forfattarskapets sjeldne punktum.

---

Fosse

Aktuell bok: Dramatikk

Jon Fosse

Slik var det: monolog

58 sider

Samlaget 2020

---

Å kome seg opp

Slik var det vaknar ein eldre mann opp tidleg på morgonen. Senga er omgitt av ein stokk, ein gåstol og ein rullestol. Mannen prøver møysommeleg å kome seg opp og snakkar litt usamanhengande om alt frå dei heilt store spørsmåla til dei mest presserande kroppslege behova. Han liknar på fleire måtar ein litt eldre utgåve av Asle som Fosse stadig skriv langsam prosa om: Mannen som i heile stykket er i ferd med å stå opp, har vore målar med trøblete familierelasjonar og han har også fått det for seg at han skulle «vera/ truande kristen». Og det har han også vore, «på eit vis/ på mitt vis/ kan eg kanskje seia», oppsummerer han sjølv.

Dei små rørslene i ord og kroppsspråk krev at vi som tilhøyrarar må være nære for å finne ut kva som står på spel.

—  Rolv Nøtvik Jakobsen

Mannen spør seg om det er noko von, om kva meininga med «oppstoda i kjøtet» er og om kva kunst, både som målarkunst og som musikk, særleg Bachs Goldberg-variasjonar og Matteus-pasjonen, kan bety. Samtidig prøver han å kome til rette med alt han gløymer og spør seg særleg om kvifor han denne morgonen har gløymd å be Fadervår og om når den namnlause «ho», som sannsynlegvis er ein pleiar av noko slag, skal kome.

Spenninga i stykket handlar altså om mannen skal kome seg på føtene og om han skal få bedt Fadervår før stykket og kanskje livet er slutt. Samanlikna med alt det som skjer i spenningsromanar er ikkje dette akkurat veldig dramatisk. Likevel blir det minneverdig dramatikk ut av det. Dei små rørslene i ord og kroppsspråk krev nemleg at vi som tilhøyrarar må være nære for å finne ut kva som står på spel.

Ein god teatertekst

Det gir ein ekstra dimensjon til Den Nationale Scene si oppsetjing at Gerald Pettersen spelte rolla som den urovekkjande naboguten Bjarne i urpremieren på Fosses (no kanoniserte) skodespel Namnet på den same scenen i 1995. På den måten opnar stykket også opp for spørsmål om den indre samanhengen i Fosses forfattarskap. Vi veit no at Fosse ikkje har slutta å skrive tekstar som egnar seg for teatret. Men når starta han å skrive slike tekstar?

Grunnen til at eg synst det er verd å stille dette spørsmålet, er at den beste teaterførestillinga eg såg i fjor (live som det heiter no) var teaterkompaniet Ymist og skodespelaren Morten Espeland si oppsetjing av Melancholia II. Det var eit heilstøypt og tankevekkande stykke teater, basert på Fosse-romanen frå 1996 om den siste dagen til Oline, den fiktive søstera til Lars Hertervig.

Skildringa av Oline og den namnlause eldre mannen i Slik var det har mange fellestrekk. Førestillinga til Ymist gjorde at mange oppdaga at romanen også var ein god teatertekst. Det var kanskje ikkje så overraskande, for då hadde Fosse allereie to år før skrive den første teatermonologen sin, Gitarmannen.

Følg stemmen!

I den strålande boka A Swim in a Pond in the Rain, gjer forfattaren og skrivelæraren Georg Saunders bruk av fire store russiske forfattarar til å lage det han kallar «ein meisterklasse om skriving, lesing og liv». Saunders fortel at ei av novellene han sjølv har skrive, starta med at han las ein framandarta og merkeleg setning som ein student hadde skrive om Kafka. Han prøvde å etterlikne den måten studenten uttrykte seg på og skreiv vidare og etterkvart vart det altså til ei heil forteljing.

Saunders understrekar at det ikkje dreier seg om å «finne sin eigen stemme». Utfordringa hans dreier seg heller om «å følgje stemmen», gjerne til nokon heilt andre, og så etterkvart finne ut korleis det går.

Dei første orda

Eg trur det er noko av det Fosse har drive på med gjennom heile forfattarskapen. Det kan ein jo sjå av dei minneverdige første setningane i prosatekstane, som svært ofte slår an ein tone og gir ein rytme for det som kjem. Det mest kjente eksempelet er opningssetninga på romanen Naustet frå 1989: «Eg går ikkje ut lenger, ei uro er kommen over meg, og eg går ikkje ut».

Kanskje har Fosse nesten heilt frå starten skrive tekstar som egnar seg for teateret?

—  Rolv Nøtvik Jakobsen

Men allereie den andre romanen, Stengd gitar frå 1985, framstår som eit forsøk på «å følgje stemmen», denne gongen orda til ei jente som har låst inn barnet sitt i leilegheita. Romanen startar slik: «bortover gangen, og føtene er tunge mot golvet. døra slo igjen og ungen begynner å grine. eg går med tunge føter bortover mot heisen. det er morgon. full bærepose. ungen skrik».

Dermed er rytmen og dramatikken etablert. Er det ein tekst som er velegna som teatertekst? Ja, eg kan ikkje skjøne anna. Kanskje har Fosse nesten heilt frå starten skrive tekstar som egnar seg for teateret? Kanskje gikk det berre litt tid før nokre teaterfolk, forfattaren sjølv og vi andre oppdaga det?

Alltid vore der

I så fall treng vi nesten ikkje ønske Fosse tilbake til teatret. Han har faktisk vore der heile tida. Også her passar dei orda pastor C.L. Franklin sa om dottera Aretha i live-opptaket frå 1972 og i filmen Amazing Grace: «If you want to know the truth, she has never left the church.”

Det er heldigvis stadig mogleg å sjå Slik var det både i nyoppsetjingar i juni og i filmversjon.

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser