Kultur

Oppdaga gleda i Forkynnaren

RELIGIØS KLASSIKAR: Avtroppande forstandar i Det mosaiske trossamfunn, Ervin Kohn, fekk brått eit nytt blikk på ei av Bibelens klassiske bøker.

Ervin Kohn har dei seinaste tretten åra vore forstandar i Det mosaiske trossamfunn i Noreg. No gir han seg for ikkje å bli skulda for nepotisme – favorisering av slektningar – når sonen Michael byrjar som rabbinar i august.

– Det er klart det er vemodig å gi seg, men kva er det Forkynnaren seier: Alt har si tid, seier Kohn.

Det er nettopp Forkynnaren den avtroppande forstandaren trekker fram når han får spørsmålet om å anbefale ein religiøs klassikar. Mange jødiske og kristne bibellesarar tenker nok på Forkynnaren som ei bok full av mismot, med si vekt på det fåfengde: «Fåfengt, seier Forkynnaren, fåfengt og forgjengeleg – alt er fåfengt!»

Det gjorde Ervin Kohn også, inntil han oppdaga at boka i stor grad handlar om glede.

– I jødisk tradisjon går alltid sorga og gleda hand i hand. Sjølv i vår mest lykkelege stund, når vi sit under bryllaupsbaldakinen, knusar vi glaset til minne om tempeløydelegginga, seier han.

I jødisk tradisjon går alltid sorga og gleda hand i hand.

—  Ervin Kohn

– Misforstått bok

Motsett finst det med andre ord glede også der håpløysa kan synast stor.

– Forkynnaren er veldig misforstått. Mange oppfattar at det håplause står i sentrum for kong Salomos refleksjonar, men dette botnar i omsettingsproblem, seier Kohn og viser til det hebraiske ordet «hæbæl», som på norsk ofte er blitt omsett til tomheit eller noko som er bortkasta, fåfengt og forgjengeleg.

Ordet kan også indikere pust eller vind, altså noko forbigåande, men slett ikkje negativt. Elles er det eit anna ord som blir nemnt påfallande mange gonger i Forkynnaren, nemleg det hebraiske ordet for glede – «simcha».

– Ordet «simcha» står nemnt 17 gonger i teksten, mot to gonger i Høgsongen og ingen gonger i Ruths bok – dei tre bibelbøkene om kjærleik. Når kongen sit og reflekterer rundt levd liv, og kva som er verdifullt i livet, er det «simcha» han trekker fram. Kva slags type glede er dette? Jo, gleda ved å gi er større enn gleda ved å eige, seier Kohn.

Den avtroppande forstandaren set pris på denne livslærdomen: Delt glede er dobbel glede, og delt sorg er mildna sorg. Å dele står høgt på verdiskalaen, ikkje berre av materielle gode, men av erfaring og refleksjon.

– Dersom du deler eit eple med nokon, eller nokon deler eit eple med deg, har de framleis berre eitt eple til saman. Men dersom du deler ein tanke med nokon, og ein annan deler ein tanke med deg, har de to tankar kvar, seier Kohn.

Gleda over levd liv

Dette er også essensen av Forkynnaren, slik han ser det, at vi må søke å leve eit liv der vi deler det viktigaste i livet med kvarandre – ikkje eit liv der vi søker dennesidig udøyelegdom eller materiell lykke.

– Vi bør reflektere over kva vi er villige til å ofre. Somme ofrar kanskje mykje tid dei kunne vore saman med barna sine til fordel for eigen karriere. Eg bestemte meg tidleg for at eg ikkje skulle leve slik, seier Kohn.

Då han blei klar over at Forkynnaren ikkje dreier seg om meiningsløyse, men om gleda over levd liv og det viktige ved å dele, fekk han eit nytt blikk på bibelteksten.

– No les eg ikkje lenger Forkynnaren med nedstemt sinn. Både jødiske og kristne lesarar bør lese boka ein gong til, og sjå etter gleda, seier Ervin Kohn.

---

Religiøs klassikar

  • I denne spalta ber vi menneske anbefale religiøse klassikarar og fortelje kva møtet med tekstane har betydd for dei.
  • I dag: Ervin Kohn er avtroppande forstandar i Det mosaiske trossamfunn i Noreg. Han anbefaler Forkynnaren, ei av bøkene i Bibelen.

---

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur