Nyheter

Mysteriet Babylon

Babylons hengande hagar – eitt av verdas sju underverk – vert ofte vist til som førebilete for moderne takhagar. Men låg hagane verkeleg i Babylon?

Alt vi veit om Babylons hengande hagar, er skrive av menneske som sjølve aldri såg dei. Blant dei er fleire greske oldtidsforfattarar.

Pyramideforma

Hagane skal ha vore ein del av palassområdet og var bygd som ei pyramide. Sidene skal ha vore rundt 120 meter lange, og kvar terrasse var støtta opp av søyler.

Eit kunstig vassanlegg drive av pumpeverk skal ha sørgja for fontener og frodig vegetasjon.

LES OGSÅ: Fleire og fleire vil ha vertikale hagar

Forskjellege historier

Ifølgje den antikke forfattaren Berossus, vart hageanlegget bygt av Nebukadnesar den andre til hans dronning Amnytis, som lengta tilbake til dei fjellrike høglanda frå barndomen. Dette var rundt 600 år før vår tidsrekning.

Følg Edens hage på Facebook!

Men hagane blir ikkje nemnde med eit ord av historieskrivaren Herodot, då han seinare reiste rundt i Midtausten, det til trass for at han nemner fleire andre praktbygg i Babylon.

Myte eller feil by

Mange meiner derimot at dei hengande hagane er ei gresk myte, sidan ingen babylonske kjelder nemner byggverket.

Andre trur at hagane ikkje låg i Babylon, men i palasset i Ninive, 600 kilometer lenger nord.

Kjelde: Store norske leksikon

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter