Klima

Hage i høgda

Klatreplanter smyg seg opp langs veggen. Staudar veks i kamp mot tyngekrafta. Fleire og fleire nordmenn vil ha vertikale hagar.

– I Frankrike og England har dei halde på med dette i 15 år. Det har tatt litt tid før det kom hit til Noreg, seier Arvid Ekle, dagleg leiar for Biowall i Trondheim.

Firmaet lagar vertikale hagar – eller grøne veggar, om du vil. Ifølgje Ekle er det fleire og fleire i Noreg som vil ha nettopp slike veggar.

Mange utgåver

Ein vertikal hage kan vere ein vegg, anten innandørs eller utandørs, som er fylt med planter. Det kan vere blomsterkasser som heng på rad og rekke på ein vegg, eller som er festa til ein reol eller eit stativ.

LES OGSÅ: Takhagane sitt historiske førebilete

Landskapsarkitekten Arne Smedsvig veit om mange private som har brukt mykje fantasi på å lage vertikale hagar.

– Det kan vere alt frå enkle potter i eit vaiersystem på ein vegg, til store brusflasker som ligg horisontalt. Ein gong såg eg nokon som dyrka jordbær i takrenner, fortel han.

Modernisert av franskmann

Det var professor Stanley Hart White ved universitetet i Illinois, USA, som tok patent på den første vertikale hagen, i 1938.

Men det er franskmannen Patrick Blanc som er kjend for å ha modernisert hagetypen. Han har mellom anna laga grøne veggar på eit kjøpesenter i Bangkok, akvariet i Genova og den franske ambassaden i New Delhi.

LES OGSÅ: Miljøavtalen som ble en suksess

Sidan byrjinga av 1990-talet har Blanc fått mange tilhengjarar. Ein av dei er svenske Michael Hellgren, som no har utvikla vertikale hagar i over ti år.

Dette er innandørs på rådhuset i den sørkoreanske hovudstaden Seoul. Foto: Inhabitat/Flickr

Kalde vintrar

Ekle i Biowall får flest førespurnadar frå arkitektar, men privatpersonar tek også kontakt. Det er i hovudsak innandørs veggar begge vil ha.

– Det skuldast nok litt skepsis til om grøne veggar utandørs vil fungere bra. Det ser fint ut når ein reiser til Barcelona og Paris, men vi har eit meir mangfaldig klima her, seier han.

– Det som fungerer best, er staudar. Men dei døyr ofte om vinteren og kjem tilbake om våren. Å skifte ut planter over tid, kan bli dyrt.

Staudar er eit fellesnamn for uteplantar som kjem att, år etter år.

Dette er testveggen til Arvid Ekle i 22 minusgrader, ein vinterdag i Trondheim. Mange plante tåler ikkje slik kulde. Foto: Arvid Ekle

Fangar opp trafikkstøv

Landskapsarkitekt Arne Smedsvig var med på å lage den første grøne veggen som står i eit offentleg miljø i Noreg. Den er på Danmarks plass i Bergen.

– For tre år sidan vart det bygd eit distriktpsykiatrisk senter her. Men Danmarks plass er eit trafikkert område, med den dårlegaste luftkvaliteten i Bergen. Så vi gjorde ein del tiltak for å kompensere for det, forklarar Smedsvig.

LES OGSÅ: «Det grønne skiftet» ble årest nyord i 2015. Er vi med?»

Dei grøne veggane ligg ved hovudinngangen til bygget. Det er to typar: Den eine er dekt av klatreplanter, som står på bakken og veks oppover. Den andre består av staudar og andre vintergrøne busker, som er planta i sjølve veggen.

– Plantene fangar opp mykje trafikkstøv. Men det har ikkje like stor effekt på frostdagar, seier han.

– Men du vil seie at prosjektet er vellukka, trass vêrutfordringane?

– Ja, men det krev vedlikehald. Vi har vore nødt til å skifte ut nokre planter, og det er dyrt. Så det er ikkje så ofte vi har høve til å halde på med slike prosjekt, fortel landskapsarkitekten.

Den grøne veggen ved inngangen til bybanen på Danmarks plass i Bergen. Gir god signaleffekt, meiner landskapsarkitekt Arne Smedsvig. Foto: Pål Hoff/Smedsvig landskapsarkitekter

Gode eigenskapar

I tillegg til betre luft, gir dei grøne veggane ei god signaleffekt, meiner Smedsvig.

– Dei ligg like ved bybanestoppet. Folk som passerer eller som ventar på bybanen, får sjå ei frisk, grøn flate, seier han.

Arvid Ekle i Biowall meiner også plantene har eigenskapar som folk flest ikkje tenkjer over.

– No byrjar ingeniørar og arkitektar å bruke grøne veggar som klangdemping i bygg. Det er stas.

I tillegg bidreg planter innandørs til meir fukt i lufta. Smedsvig trur vi vil sjå fleire og fleire grøne veggar dei komande åra.

Følg Edens hage på Facebook!

Kjempar mot tyngdekrafta

Ein grøn vegg på 50 kvadratmeter frå Biowall i Trondheim kan koste deg rundt 600.000 kroner. Grunnen til den høge prisen er, ifølgje dagleg leiar, god vasskontroll.

– Du må vite kvar du har vatn i veggen. Vi kjempar mot tyngdekrafta. Det må kome like mykje vatn til planta øvst til venstre som den nedst til høgre, forklarar Arvid Ekle.

Dette problemet løyser dei med programmert, automatisk vasstyring.

LES OGSÅ: Den sjette masseutryddelsen har begynt

I tillegg er det viktig med godt vekstlys. Innandørs er det ofte nødvendig med lampar.

Ti trinn for heimebruk

Om ein ynskjer ein grøn vegg heime, så må ein ikkje nødvendigvis ut med fleire hundre tusen kroner.

Den svenske landskapsarkitekten Michael Hellgren har ti trinn du må gjennom for å fikse det på eiga hand.

1: Bygg eit rammeverk på veggen, slik at det kjem ei luftspalte mellom den grøne veggen og underlaget.

2: Montér ei vasstett plastplate bak rammeverket.

3: Plassér eit oppsamlingskar langs veggen, cirka 20-30 cm høgt og 20 cm breitt, gjerne i rustfritt stål.

4: Fest ei senkbar pumpe i tanken.

5: Bruk stiftemaskin for å feste to lag med syntetisk filt på plastplata.

6: Strekk ein dryppslange øvst langs filten og kople den til pumpa.

7: Skjær opningar for planter på cirka 10 cm i det ytste filtlaget. Berekn 30-50 planter per kvadratmeter.

8: Sett plantene i lommene og fest dei rundt, slik at dei heng stabilt.

9: Kople pumpa til ein timer som sørgjer for å vatne nokre få minutt kvar dag, slik at plantene held seg fuktige. Tilsett næringsstoff i vasstanken.

10: Viss det ikkje er nok lys (meir enn 1000 lux), kan ein bruke eigna metallhalogen-lampar.

Grunna det vanskelege klimaet i Noreg, har dagleg leiar i Biowall, Arvid Ekle, sett opp ein testvegg på vestsida av huset sitt. Dette er på sommaren. Foto: Arvid Ekle

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima