Bøker

«Bob Dylan er vår tids Shakespeare»

Det skriver Vårt Land på lederplass om nobelpris-vinneren i litteratur.

Torsdag var det mange som braut ut i jubel over tildelinga av nobelprisen i litteratur til Bob Dylan. Den amerikanske artisten har lenge vore ein høgaktuell kandidat til prisen, faktisk så lenge at tildelinga i går kom som ei lita overrasking. Ifølgje Svenska Akademien fekk Dylan prisen for «å ha skapt nye poetiske uttrykk innanfor amerikansk songtradisjon». Uttrykket «äntlegen!» – ein meir eller mindre vittig kommentar til at nobelprisen ofte har gått til forfattarar som få har lese – kan denne gongen brukast utan snev av ironi.

LES KOMMENTAREN: I dag fremstår Dylans nyfrelst-album som et av hans beste noensinne.

Svært mange, også her i Noreg, har eit forhold til Dylans låtar, anten det er 1960-talsklassikarar som «Blowin' in the Wind», «Like a Rolling Stone» og «Mr. Tambourine Man» eller nyare fulltreffarar som «Make You Feel My Love». Gjennom tekstane sine har Dylan vore sterkt delaktig i å forme fleire generasjonar nordmenn. Mannen som audmjukt nok har omtalt seg som ein «song- og dansemann», har i større grad enn dei fleste andre artistar evna å formidle eit vesentleg idéinnhald gjennom låtane sine.

Ikkje minst er det naturleg å trekke fram dei tre platene frå Bob Dylans «kristne periode», Slow Train Coming (1979), Saved (1980) og Shot of Love (1981). Desse blei til etter at Dylan konverterte til kristendommen i 1978. Fem år etter at han gav ut låten «Knockin' on Heaven's Door», og elleve år etter det bibelinspirerte albumet John Wesley Harding, kom den moderate jøden frå Minnesota til tru på kristendommens Jesus. Dei nemnte tre platene er fulle av uttrykk for Dylans nye religiøse tru, og splitta frå starten av publikum med låtar som «Gotta Serve Somebody» og «I Believe in You».

Uavhengig av desse platene står Bob Dylan for mange fram som vår tids største låtskrivar. Katalogen hans er diger, og alt er ikkje like vellukka. Likevel har det vore ein så gjennomgåande høg kvalitet i låtane hans, over så lang tid, at nobelprisen er fullt fortent. Dylan er også forfattar av bøker, men Svenska Akademien utvidar prisen og litteraturomgrepet på ein relevant måte ved at Dylans songlyrikk no kan kallast nobelprisvinnande litteratur.

LES OGSÅ: Bob Dylan lar andre ta seg av gamle kjelleropptak

Prisen er treffande. Dylan er vår tids Shakespeare. Han er sjølv eit oppkomme av innsikter og idear. Han kvir seg heller ikkje for å låne tradisjonelt stoff, men smir det om til sitt eige med kunstnarhanda til ein meister. Slik skaper han heile tida noko nytt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker