Nyheter

Ber Myanmar endre grunnlova

Kong Harald forkynner Norges krav til det kvasisivile regimet: Grunnlova bør endrast. Slepp alle presidentkandidatar til.

– Den pågåande reform- og demokratiseringsprosessen er utfordrande, men han er viktig for å sikre alle menneske i Myanmar ei god framtid, sa Norges konge i lønsjtalen til Myanmars mektige president. Fram til Thein Sein blei president i 2011 – og trekte i sivil - var han general.

Vårt Land fortalde laurdag at både FN og fleire vestlege land byrjar å misse tilmodet med det kvasisivile regimet i Myanmar. Etter 50 år i isolasjon blei militærjuntaen bytta ut med eit sivilt styre. Men dei aller fleste i regjeringa er tidlegare toppoffiserar som berre har hengt vekk uniformane.

LES OGSÅ: Utvikling i ein telefon

Norges syn

Denne veka er kong Harald på statsbesøk i Myanmar, landet som no prøver å kople seg til omverda. Saman med han er to blåblå statsrådar, utanriksminister Børge Brende (H) og næringsminister Monica Mæland (H).

– Før valet neste år er det særleg viktig å få gjennomført to konstitusjonelle endringane, sa Kjell Magne Bondevik til Vårt Land på laurdag. Som statsminister i sju år var han ansvarleg for norsk Burma-politikk, og han har i over 20 år følgt utviklinga i landet. No er han bekymra for at Norge ikkje pressar hardt nok på regimet i Myanmar.

Under statsbesøket held kong Harald fleire talar. Desse blir brukt til å framføre Norges – les: Solberg-regjeringas – syn på utviklinga i Myanmar – og er difor utforma med bistand frå Utanriksdepartementet og Statsministerens kontor.

LES OGSÅ: Kongeparet fikk gjensyn med Aung San Suu Kyi

Lovprisa grunnlova

På universitetet i Yangon brukte kongen mykje tid på å snakke om grunnlova i talen til studentane. I Myanmar er grunnlova utforma slik at ho vernar makta til generalane - både dei i sivil og dei i uniform. Forsvarsleiinga utpeikar 25 prosent av dei folkevalde i parlamentet. Dermed har militæret veto når paragrafar skal endrast, for endringar krev tre firedels fleirtal. Den andre sterkt kritiserte paragrafen i grunnlova seier at personar som er gift med ein utlending eller har barn med ein utlending ikkje kan stille som kandidat til presidentval.

LES OGSÅ: Ber kongen ta opp drap på journalist

Opposisjonsleiar Aung San Suu Kyi var gift med ein brite og har to søner med han. Ektemannen døydde av kreft i 1999.

I talen til studentane forkynte ikkje kongen Norges krav direkte, men i form av ros av den norske grunnlova - og korleis Stortinget endrar paragrafar som ikkje er tenlege.

– Vår grunnlov vernar folkets rettar og sikrar demokratiet. Han minner oss om at å vere medlem av eit demokrati inneber både rettar og plikter. Vår grunnlov slår fast at dersom delar av lovteksten ikkie er til folkets beste, kan han, og burde han, bli endra, sa kong Harald i går. Som døme på lovendring trekte kongen fram at kvinner fekk stemmerett i Norge i 1913.

Åtvare mot ekskludering

Til studentane - og styresmaktene i Myanmar – påpeika Norges statsoverhovud at «utfordringar ligg framfor dykk i den pågåande fredsprosessen».

– Det tek tid å byggje varig og stabil fred. For å realisere visjonen om ein berekraftig demokratisk stat, har de bruk for engasjementet til alle menneska i landet.

Aung San Suu Kyi blir førebels nekta å vere presidentkandidat i neste års val.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter