Nyheter

Auschwitz - symbolet på Holocaust

Då russarane kom til Auschwitz 27. januar 1945, blei dei møtte av grupper med barn, utsvoltne på menneskeleg omtanke. Soldatklemmar metta meir enn sjokolade og kjeks.

– Vi sprang bort til dei, og dei gav oss klemmar, kjeks og sjokolade. Fordi vi var så åleine betydde klemmane meir enn nokon kunne ane, fordi dei erstatta menneskeverdet vi var svoltne på.

Eva Mozes Kor var ti år då soldatar frå Den raude hæren nådde fram til konsentrasjonsleiren Auschwitz sør i Polen for 70 år sidan. Bak piggtråden i leiren, der kanskje så mange som to millionar menneske blei myrda, fann dei barn, sjuke, utsvoltne, utpinte menneske som ikkje hadde vore sterke nok til å bli med på tvangsmarsjen vestover.

Hausten 1944 var Hitler-Tyskland på vikande front. Aust i Europa jaga Josef Stalins soldatar tyskarane vestover. Tyske styrkar jaga konsentrasjonsleirfangar, mange frå Auschwitz, framfor seg. Difor var det berre rundt 7.000 fangar i leiren då dei sovjetiske styrkane frigjorde han.

LES OGSÅ: Verdens største minneprosjekt skaper splid

LES OGSÅ: Auschwitz-overlevende ba om et ellevte bud

Markeringsdag

27. januar 1945 blei dei på nytt frie menneske. FN har gjort datoen til den internasjonale Holocaustdagen. I år blir det ei stor 70-årsmarkering i Auschwitz. Eit titall stats- og regjeringssjefar – statsminister Erna Solberg inkludert – kjem tysdag til det isande kalde slettelandet nord for Karpatane. Her blir dei minna om at Europa på nytt er herja av ufred.

Russlands president Vladimir Putin er nemleg ikkje invitert til Polen for å bli heidra for innsatsen sovjetiske soldatar utførte for 70 år sidan.
Kvifor? Russland forsyner seg bit for bit av Ukraina, og russiske soldatar er inne i Ukraina der dei kjempar saman med prorussiske opprørarar mot den ukrainske regjeringshæren.

LES OGSÅ: Tidsvitnet som tiet i 35 år

Ville overleve

767 norske jødar blei deportert til Auschwitz. Berre 32 overlevde Holocaust. Ein lever framleis.

– Eg ville overleve. Eg måtte fortelje verda om det vi opplevde. Det er mi plikt andsynes dei som døydde, har Steinmann sagt.

Samuel Steinmann overlevde to og eit halvt år i Auschwitz. Og fortelje har han gjort sidan, om igjen og om igjen.

LES OGSÅ: Norge gir 2,1 millioner til Auschwitz-museet

– Det er så viktig å fortelje, spesielt for den nye slekta som veks opp. Skulebøkene fortel ikkje stort. Det held ikkje å fortelje at Norge var okkupert frå 1940-45, det må detaljar til, sa Steinmann til NTB, 26. november 2012.

Då var det 70 år sidan frakteskipet Donau stemna ut Oslofjorden med 532 norske jødar om bord. Ein av dei var 19 år gamle Steinmann.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Togknutepunkt

I 1940 gav ein av det tredje rikets mektigaste menn, SS-sjef Heinrich Himmler, ein ordre som skulle koste opp mot to millionar menneske livet i det som blei sjølve symbolet på Holocaust:

Etabler ein utryddingsleir som ligg passeleg langt unna folk, men som det er lett å kome til med tog.

Leiren fann tyskarane i Polen. I utkanten av byen Oświęcim, som var eit knutepunkt for jernbanen i denne delen av Aust-Europa, hadde den polske hæren ein militærleir. I god tysk tradisjon fekk byen eit nytt namn. Eit tysk namn. Auschwitz.

14. juni 1940 gjekk dei første fangane inn porten som fekk eit sterkt misvisande skilt: Arbeit macht frei.

LES OGSÅ: – Ingen barn er nazister

Såg på sortering

I den vesle gruppa av nordmenn som blei sendt til Auschwitz, og som ikkje var jødar, er det berre éin som framleis lever: motstandsmannen Alf Knudsen. Han blei arrestert i 1941, på veg mot Sverige, og sendt til Tyskland. Han kom til Auschwitz sommaren 1944 og blei i vel tre månadar før han blei jaga vestover.

– Vi lurte veldig på kva slags leir vi hadde kome til, men såg straks kor enormt stor han var. Og då sa vi til kvarandre at vi måtte kome oss vekk herifrå så sant det let seg gjøre, fortel Knudsen.

Knudsens gruppe blei ståande to døgn på jernbanerampa inne i leiren – den same rampa som jødane blei sortert på. Medan han venta på å bli sendt til sovebrakka, kom ei det ei gruppe ungarske jødar. Kvinner, barn og eldre blei skilt frå arbeidsføre menn og marsjert vidare til krematoria.

– Vi såg at dei blei sendt ned nokre trapper til underjordiske rom, men vi såg aldri at nokon kom opp igjen. Sidan fekk vi høyre korleis det hekk saman.

Har reist 105 gonger

Den aller største gruppa som blei gassa i hel i Auschwitz, var jødar som tyskarane samla saman i landa dei okkuperte i Europa, og som så blei toga til utryddingsleiren. Men også store grupper med polakkar og sigøynarar blei myrda her.

Medan Samuel Steinmann har vegra seg mot å reise tilbake til dødsleiren sør i Polen, har Alf Knudsen gjort det til eit livskall å reise dit som såkalla tidsvitne. Første gong var 1995, i samband med 50-årsmarkeringa for frigjeringa Auschwitz.

– Korleis var å kome tilbake til Auschwitz?

– Eg var der første gong saman med nokre av dei gamle fangekameratane. Då tykte eg det var utruleg at eg hadde klart å overleve.

Reiser med elevar

No har Knudsen reist til Auschwitz 105 gonger. Dei aller fleste gongene saman med elevar på skuletur. Organisasjonen Hvite busser har arrangert kunnskapsreiser for skuleungdom sidan 1992. I desse åra har rundt 170.000 elevar vitja konsentrasjonsleirene på kontinentet. Svært mange har hatt Alf Knudsen med som vegvisar og forteljar.

– Eg kjenner framleis at det strammar seg i magen kvar gong eg kjem til Auschwitz. Eg merkar at eg har vore der før under andre tilhøve.
Akkurat som Steinmann snakkar Knudsen om gleda av å kunne fortelje kva han opplevde i åra som konsentrasjonsleirfange:

– Skulelevane er så lydhøyre, og så veldig flinke til å stille gode spørsmål.

Ikkje døy i møkka

– Korleis klarte du å overleve?

– Vi var ei gruppe norske fangar som var flinke til å halde saman og ta vare på kvarandre. Dersom nokon fekk problem og sa at «dette går ikkje», så prøvde vi å oppmuntre han. Og så hadde vi bestemt oss; vi ville ikkje døy der nede i den møkka. Vi skulle heim.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter