Kunst

Motvillige
 entreprenørar

Regjeringa ønskjer meir entreprenørskap blant kunstnarane. Sjølvforståinga til kunstnarane er heilt annleis.

Onsdag fekk kulturminister Thorhild Widvey den mykje omtalte utgreiinga om kunstnarøkonomi i hendene. Utgreiingsarbeidet, leia av Vigdis Moe Skarstein, vil danne eit viktig grunnlag for regjeringa sin kommande kulturpolitikk. Ikkje for det: Kulturministeren har gitt tydelege signal om kva slags retning ho går i. Ønsket frå regjeringshald er å utvikle ein kunstnarpolitikk med større vekt på etterspurnad og næringspotensial. Dei ønskjer at private pengar i større grad skal finansiere kulturlivet og dei ønskjer seg meir entreprenørskap blant kunstnarane.

Problemet er at ein del av desse­ ønskja står fram som ønskjedraumar. Kunstnarar er ikkje entreprenørar. Og dei fleste er primært opptatt av å jobbe med kunstnariske utfordringar.

LES OGSÅ: – Entreprenørskap kan ta livet av kunstneren

Usikre tal

Talmaterialet frå Telemarksforskning, som dannar­ ein viktig del av grunnlaget for utgreiinga, kan problematiserast. Vårt Land har tidlegare skrive om spørjeundersøkinga­ som forskarane sendte ut til kunstnarane: Ho var så innfløkt at mange kunstnarar gav opp i forsøket.

Det er også ein del forvirring i utgreiinga knytt til presentasjonen av kunstnarane si inntektsutvikling: Tala viser at kunstnarane har hatt lågare lønsutvikling enn folk flest i perioden frå 2006 til 2013. Nyttar ein derimot korrigerte 2006-tal, har lønsutviklinga vore nokså lik resten av befolkninga. Forstå det den som kan.

Dersom vi legg til grunn at ­talmaterialet er til å stole på, ­viser tala frå Telemarksforsk­ning at berre litt over 10 prosent av kunstnarane ser på seg sjølv som «kunstnar og entreprenør». Det er lite. Sjølvforståinga blant ­norske kunstnarar har ikkje ­mykje med entreprenørskap å gjere.

Blåblå smerte

Dette må smerte den blåblå regjeringa, som likevel kan klynge seg til Vigdis Moe Skarsteins utgreiing. Denne går nemleg eit godt stykke på veg i å antyde generasjonsforskjellar, og at det særleg er dei eldre kunstnarane som skyr entreprenøromgrepet. Utgreiinga påpeiker at det er «ei viss støtte» for eit slikt synspunkt i under­søkinga til Telemarksforskning. Ein kan også hevde at det er ­uttrykk for «visse illusjonar» når utgreiinga peiker på at «andelen som betrakter seg som kunstnere og entreprenører [vil] stige med tiden».

LES OGSÅ: En ny C. S. Lewis?

Utgreiinga tek til orde for at utdanningsinstitusjonane bør ta ansvar for at entreprenørskap i sterkare grad enn i dag blei ein del av utdanninga for kunstnarar, og at kunstnarane bør ­bevisstgjerast til å tenke entreprenørskap som ein del av den kunstnariske utviklinga si.

Eg trur vegen kan bli lang å gå for regjeringa i dette spørsmålet. Intensjonen er på mange måtar god: Å gi kunstnarane betre økonomiske vilkår er ein sentral del av kunstnarpolitikken. Men eg trur ikkje at kunsten blir betre av at vi får hordar av kunstnarar som må selje seg sjølv på ein marknad. I staden bør ­regjeringa sørgje for gode og stabile rammer for offentleg støtte til dei ulike­ kunstnargruppene, og ikkje kutte i statlege midlar under dekke av å «sette kunsten fri» eller «stimulere næringsutviklinga».

Ugler i mosen

Utgreiinga, som har fått namnet Kunstens autonomi og kunstens økonomi, skal no ut på høyring. På mange måtar har regjeringa fått akkurat den rapporten dei bad om, og det gler nok kulturministeren når utgreiinga tolkar undersøkingar i retning av at det finst ein pågåande mentalitets- og haldningsendring blant kunstnarar når det gjeld å samarbeide med privat næringsliv.

LES OGSÅ: Kunsten å være kirke

Eg har ikkje faktagrunnlag til å påstå det motsette, men eg ­synest eg kan lukte ugler i mosen. Privat sponsing av kunst er historisk sett ei fruktbar øving, der vi 
kan takke diverse styrt­rike ­mesenar for store deler av kunsthistoria. Og i våre dagar er det openbert at kunstnarane har behov for auka inntekter, så vi i det heile kan halde opp eit samfunnslag av skapande menneske. Like fullt: Eg er usikker på om det private næringsliv har frelses­planen for å skape kritiske­ og uavhengige kunstnarar. Å vere kunstnar er også ein kamp om kronene. Men eg trur nok ­regjeringa må bakse lenge med å omdanne kunstnarane til entreprenørar.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kunst