«Vissheita om at dei som forlet trussamfunnet vil miste kontakt med sine nære, gir meg uro»
ANDRES TRO: Men eg vil presisera at eg kjende meg hjarteleg velkommen hjå Jehovas vitne, og fann inspirasjon gjennom møtet til å meir aktivt diskutere Bibelen og eigen truspraksis med andre.
«Innhaldet i preika, som på grunn av ferieavvikling blir vist i opptak på skjerm, er oppbyggjande om det å visa kjærleik til familie, vener og Gud. Fokuset på forkynning eller misjon meiner eg at er ei viktig påminning for alle kristne.» skriv Sunniva Hustoft om då ho vitja eit Jehovas Vitne-møte.(Foto: Sunniva Marie Eriksen Hustoft)
På Lambertseter ein søndag i juli vert eg møtt av eit anonymt og enkelt mursteinsbygg med påskrifta «Rikets Sal». Berre logoen til Jehovas Vitne på utsida avslørar et det er eit gudshus eg skal inn i.
Sist gong eg dro på gudsteneste for å skrive om det for Vårt Land, var eg kyrkje-søkjande, og skreiv under pseudonymet Sta. Birgitta. Med litt snert og mykje kjærleik til gudsfellesskapa fortalde eg om mi jakt etter ein plass å høyre heime. Difor er det annleis å seks år seinare vitja Jehovas Vitne utan dette som mål. Eg har nemleg kalla Metodistkyrkja min heim sidan «Kyrkjespire»-spalta blei avslutta.
Anonym sal, velkledde folk
Bestill abonnement her
KJØP