Vi er alltid meir eller mindre urolege
ESSAY: Kjenner du på at vi lever i urolege tider? Det stemmer. Truleg er det mykje verre enn du har førestilt deg. Eller betre. Alt etter som.
UROLIG: – Vi er enno så tett på endringane, at vi meir opplever enn vi analyserer dei, skriv Jørn Øyrehagen Sunde. På bilete: Sunde i Moster gamle kirke.(Foto: Sindre Deschington)
I alle fall: It’s the end of the world as we know it (and I feel fine), som R.E.M har sunge sidan 1987. Difor er det på tide at vi går frå uro til at vi tek tak. Saman.
Uro finst alltid. For å forstå eiga og andre si uro kan det vera tenleg å tenkja på den som eit hav med ulike nivå. For eksempel alt frå uroa for om vi klarar å betala alle rekningar, til uroa for vener med livstrugande sjukdom eller eigne barn si psykiske helse, høyrer heime på eit overflatenivå. Her er det alltid rørsle, og ei bølgje har ikkje lagt seg før ei ny reiser seg. For vi er alltid meir eller mindre urolege. Av og til er bølgjene høge og farlege, men ting ordnar seg, om enn langt frå alltid til det beste.
Under bølgjene på overflatenivået går dei store havstraumane. Dei er ikkje brå og skriftande, men likevel langt meir kraftfulle enn bølgjene. Her finn vi uroa for krisene som finanskrise, flyktningekrise og klimakrise. Dei er så store at det ikkje finst éi løysing eller ein slutt, men løysing følgjer løysing utan at krisa utan vidare forsvinn. Dette er for eksempel tilfelle med klimakrisa, der elvar og byluft er reinsa, ozonlaget er redda og sur nedbør har opphøyrt, men likevel står utfordringane i kø. Det er difor tale om kriser som pregar tiår, kanskje hundreår. Uroa vi kjenner er difor like mykje for komande generasjonar som for oss sjølve.