Synd og psykologi
SYND: Eg vil hevda at kyrkja sitt språk om synd på nokre måtar kan vera nyttig og godt. Det handlar mellom anna om ei opning for å snakka sant om det å vera menneske: Me er feilbarlege.
SYND: «Leiar i pinserørsla Øystein Gjerme og psykolog Peder Kjøs drøftar ulike sider ved det kristne omgrepet synd, og kva dette er erstatta med i dag. Begge peikar på korleis moralisering og maktmisbruk har fulgt i kjølvatnet av kristendommen si konseptualisering av synd» skriv innsendaren. Biletet er frå den nemnte samtalen på Arendalsuka.
Erlend Berge
Det er sjeldan omgrepet synd blir brukt i terapirommet. Derimot er eit gjentakande tema dette med å ikkje vera god nok, ikkje strekka til, kjenna seg mislukka og ha dårleg samvit. Kan det på nokre måtar vera snakk om gammal vin på nye flasker?
Eg vil hevda at kyrkja sitt språk om synd på nokre måtar kan vera nyttig og godt. Det handlar mellom anna om ei opning for å snakka sant om det å vera menneske: Me er feilbarlege. Mange opplever det utoleleg å skulle komma til kort, anten det handlar om urealistiske krav til seg sjølv, forventingar frå andre eller prestasjonspress som ligg i kulturen. For dei fleste i dag er det ikkje Gud som krev til rekneskap, men ein sjølv.
Eit anna perspektiv