Skal me tillate mangfald eller ikkje?
TRO OG SKULE: Kven er det som vil stå ute i 20 minus i eit møte? Eg veit ikkje om Sogndal kommune har høyrt om ytringsfridom? Eg som kristen føler meg sterkt diskriminert.
Sognefjorden med Kaupanger til venstre.
Wikimedia
Å vere kristen på skulen kan vere hardt nok frå før. Men å gjera det ulovleg å samlast! Eg veit ikkje om Sogndal kommune veit korleis det å stå for noko upopulært kjennest, å føla seg som den einaste blant 200? Ein av dei få gangane du kan føla deg trygg og sett, er når du samlast for å ha eit møte, fellesskap og søka støtte. Det er det skulelaget bidrar med for dei kristne.
Behalde det mangfaldet me har
Hensikta me ha livssynsnøytral skule er vel å ikkje diskriminere nokon? Det er vel at ungdommane skal bestemma sjølv? Dersom det skal vera ein perfekt livssynsnøytral skule må det vera mange buddhistar, jødar, hinduar, muslimar, kristne, humanetikar og sekulære. Det går jo ikkje an. Men me har både muslimar, kristne og humanetikar på skulen vår. Burde vi ikkje behalde det mangfaldet me har og jobba for eit større mangfald? Er det ikkje det samfunnet har oppfordra til dei siste åra?