«Senterpartiet er ikkje mitt parti lenger»
PARTILAUS: Nei, nå er begeret fullt for meg og. Kravet om medlemspengar får kvila nå.
SENTERPARTIET: Me hadde ein lokal fugl i Rogaland også som sveva fritt over jærlandskapet og lova gull og grøne skogar om berre Sp kom i regjering, skriver Jostein Ims. Avbilda: Stortingsrepresentant Geir Pollestad fra Rogaland og partileiar Trygve Slagsvold Vedum på Senterpartiet sitt landsmøte i 2023.
Joakim Halvorsen
Eg kan ikkje lenger røysta på Noregs mest tilbakeskodande og konservative parti når det gjeld kommune- og fylkesstruktur. Bak oss ligg ein valkamp der populismen fekk frie tøylar med store lovnadar i beste Frp-stil om raske løysingar på prosjekt i både aust og vest. Akk, eg skjønar ikkje at sindige Marit Arnstad ikkje makta å halda desse høgtflygande partitoppane nede på jorda i valkampen. Ja, me hadde ein lokal fugl i Rogaland også som sveva fritt over jærlandskapet og lova gull og grøne skogar om berre Sp kom i regjering.
Superdemokratiet
Ja, «superdemokrati» kallar eg det, når ei skiftande folkemeining skal vera det einaste og avgjerande kriteriet for viktige avgjerder for land og folk. Då kan det gå tregt, med tallause utgreiingar og ofte sterke negative verknadar i ettertid. La oss gå attende i historia til 1965 og sjå kva konsekvensar dette ville kunne hatt i ettertid, om ei folkerøysting då skulle vore like avgjerande som nå.
Bestill abonnement her
KJØP