Saugestads og Knausgårds ansvar

Den etiske kritikken blir skarpare når kritikarane meiner det estetiske ikkje held mål.

Karl Ove Knausgård (t.v.) skapte bølgjer med Min kamp. Frode Saugestad (t.h.) skaper nye bølgjer i Litteratur-Noreg med debutromanen En ung manns bekjennelser om kjærlighet. Det kan verke som om den etiske kritikken blir skarpare når kritikarane meiner at det estetiske ikkje held mål, skriv vår kommentator.
Publisert Sist oppdatert

KOMMENTAR: Pliktar kunsten å ha ein etisk dimensjon? Dette er eit av spørsmåla som blir stilte på Litteraturfestivalen på Lillehammer denne veka. Spørsmålet er langt ifrå nytt, men står stadig fram med ny aktualitet. Vi hadde knapt rista av oss Knausgård-debatten, der forfattaren vart trua med søksmål av eigen familie, før debutanten Frode Saugestad skaper nye bølgjer i Litteratur-Noreg. I romanen En ung manns bekjennelser om kjærlighet skriv Saugestad inn oppsiktsvekkande brokkar av tilsynelatande biografi, med eit innhald som er blitt gjenstand både for etisk og estetisk kritikk. Blant anna flettar Saugestad inn saksdokument frå ein rettstvist med den biologiske faren hans. Ektefellen til faren har antyda søksmål. Saugestads mor er skuffa, og søstera hadde helst sett at boka aldri var blitt gjeven ut.

Negativ kritikk. Situasjonen minner om Knausgårds Min kamp, men skil seg likevel frå denne på eit vesentleg punkt: Litteraturkritikarane har i hovudsak vore negative. Strengast var kanskje Aftenpostens Ingunn Økland, som skreiv at Saugestad viser få teikn på litterært talent. Også av andre kritikarar har forfattaren fått så hatten passar. Dei færraste debutantar blir møtt med så hard kritikk, noko som iallfall ber bod om at han blir tatt på alvor. Men den gamle Bodø/Glimt-spelaren Saugestad går i både forsvarsposisjon og angrepsposisjon samtidig når han i eit intervju med Dag og Tid slår attende mot litteraturkritikarane som har meldt boka hans.

Vrir merksemda. I intervjuet seier Saugestad at han hadde ønskt seg en meir kritisk og grunngjeven kritikk. «Eg skulle gjerne ha vorte heilt avkledd som forfattar,» seier han, og lesarar som har følgd meldingane av debutromanen i fleire aviser, kunne saktens spørje seg om det ikkje er nettopp dette som allereie han skjedd. Det finurlege er at Saugestad vrir merksemda frå sitt eige ansvar som forfattar – å skrive ein interessant tekst – til ansvaret som kviler på kritikarane. Dei skal «avsløre alle strukturar i teksten, slik at lesaren får høve til å finne nye rom i ein roman».

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS