Organisering av Den norske kyrkja i framtida
DNK: Då eg kom tilbake til kyrkjelege verv var det noko som overraska meg: Den norske kyrkja er veldig overadministrert, med eit stort pengesluk og tapping av lokalkyrkja.
LOKALT: Den lokale kyrkja – sokna – må styrkjast med fokus på eit allsidig kyrkjelydsiv der ord og sakrament er i fokus, skriv innsendaren. Biletet er frå ei gudsteneste i Ålgård kirke.
Den norske kyrkja har fått nye bispedømmeråd og med det nytt kyrkjemøte og nytt kyrkjeråd. Ny kyrkjerådsleiar er på plass, og snart er den nye administrative leiaren også ved skrivebordet. Vi kan berre ønska dei alt godt og Guds signing for tenesta.
Forenklingas kunst
Dei treng tydeleg mykje visdom. Spissformulert meiner eg at den gåva Den norske kyrkja treng nå meir enn mykje anna er «forenklingas kunst». Då eg kom tilbake til kyrkjelege verv som soknerådsleiar og fellesrådsmedlem var det noko som slo meg og overraska meg: Den norske kyrkja er veldig overadministrert, med eit stort pengesluk og tapping av lokalkyrkja. Underleg at ein ikkje for lengst har rasjonalisert slik at pengane meir kjem dei lokale sokna til gode. Lokale stabar og sokneråd er frustrerte over at stillingar fråtas og samlast hos kyrkjeverjene.